laurdag 5. desember 2009

5. desember - rom for ei lita prinsesse til å bli stor

Neidå, eg har ikkje gløymt å lage dagens kalendar-innlegg. Dagen har berre vore litt travel, med ei jente ekstra i huset, og pizzabesøk på kvelden. men NO kjem det :)

I haust har me (som vanleg) hatt eit oppussingsprosjekt her i rosaheimen. Det har vel ikkje gått kjempefort, for me starta faktisk på det rett etter sommarferien vår til Nord-Noreg, men resultatet vart iallefall fint, syns me. Og storesyster som har fått seg nytt rom, er strålande nøgd!


Ho har fått den finaste utsikta i heile huset, rett ut over vatnet, i den arken som ligg ut over inngangspartiet på huset vårt. Rommet har den koslegaste forma òg, med sine to små skråtak opp mot eit smalt tak på midten. (Vindauga er for tida advents-pynta med lysande stjerner frå IKEA.) Då me flytta inn i huset var golvet dekka av eit mørkegrønt vegg-til-vegg teppe, og den eine veggen hadde ganske store skadar etter ein tidlegare lekkasje i taket. Den knallfine tapeten som hang der opprinneleg kunne difor ikkje reddast. I den ytterste delen av rommet var dessutan golvet så råte og dårleg at ikkje våga å gå der pga fare for å trakka rett igjennom, og då me sist vinter laga ein litt opnare trappegang i huset, var det delar av dette rommet som måtte "bøte".


Resultatet av det vart ein skrå inn i rommet, som i utgangspunktet er ganske lite. Me grunna litt fram og tilbake; skulle me plassere eit skrivebord der.. kanskje ei bokhylle eller eit skap? Til slutt kom me fram til at ei veggmontert seng var det rette. Storesyster tente med ein gong på idèen, og fabla om den hemmelege kroken ho skulle ha under der. Kort fortalt så vart senga ganske mykje høgare på veggen enn me fyrst hadde tenkt, men med plass til både lesekrok og bokhylle (les: IKEA kjøkken-skap utan dør) på hjul. Sjølve skråen tenkte me framleis skulle vere ei hylle eller eit skap under der, heilt til ein nabo kom med den geniale idè å lage ei pute av heile greia.

På ein tur innom Panduro-butikken i Bergen fann eg wallstickers med speil og blomar, og fann ut at det måtte bli bra. Hjerteforma golvmatter, trappekrakk, ultrakul skrivebordslampe og søt blomsterlampe er sjølvsagt IKEA-produkt, alt saman. Bokhylla under fotenden er laga på spesial-mål hjå min kjære broder som er møbelsnikkar. Pjaktisk!


Storesyster fekk sjølv vera med å plukke ut det blomstrete gardin-stoffet som skulle vere både på vindauga og under senga, og eg må jo sei eg er fornøyd med korleis det matchar tapet-veggen. Dei 3 andre veggane er kledde med panelplater som me har måla eggekvite.


Eit gammalt sminkebord stod i huset då me flytta inn, og storesyster (som er jente til fingerspissane) syns dette med sminke er veldig spennande for tida. Eg hadde ei stund tenkt å male det, men har funne ut at det er fint slik det er, og ein fin kontrast til det lyse rommet ellers. Ein annan detalj som eg er veldig glad for er at me kunne bruke den nydelege gamle lampen som hang i rommet oppatt. Rosamannen sette i ny ledning etter at eg hadde vaska delane nøye, og no heng den der og flettar for meg saman det nye med det gamle.


Eit gamal skatoll som eg kjøpte på loppis for eit år sidan er skrivebord i akurat passe størrelse, og stolen kjøpte eg på Biri då me var der i august. Eg er fornøyd med denne blandinga, må eg innrømme. Og så vert det jo sjølvsagt jentedill, som både eg og storesyster syns er kjekt. Den skjønne speilen frå IKEA, for eksempel. Eller pappboksane med prinsesser på, til å oppbevare diverse leiker og småting. Dermed vart det litt rosa òg, sjølv om eg før det vart ferdig fekk ei og anna klage på at det vart alt for kvitt! Det er stor stas å legge seg på eige nytt rom, men som før kjem det ei stor lita jente tuslande inn til mor og far dei fleste netter. Det syns me er kosleg :)

Imorgon er det forresten jolemarknad i den vesle bygda vår. Er du i området kan det vere verdt å ta turen til Evanger mellom kl 12 og 17, til skomakargatestemning, fine varer og ein matbit attpå. Klokka 16 skal jolegrana tennast, og då skal herr og fru Rosa vere med i den vesle flokken som syter for tonefylgje til jolesongane. Velkomen til deg òg!

Nå vandrer fra hver en verdens krok
i ånden frem, i ånden frem
et uoverskuelig pilgrimstog
mot Betlehem, mot Betlehem

Se barna går foran glad i flokk
så kvinner og menn, så kvinner og menn
Selv skjelvende olding tar sin stokk
til krybben hen, til krybben hen

For alle har samme hjertetrang
til julens fred, til julens fred
Guds kirke i Norge ved våg og vang
følg med, følg med, følg med, følg med

Og finner du ham i krybbens hø
som hyrder så, som hyrder så
da eier du nok til freidig å dø
og leve på, og leve på.

fredag 4. desember 2009

4. desember - mannen som skulle stella heime

I desse dagar er min kjære Rosamann heimeverande husfar. Dvs, han har rett og slett ferie. LANG ferie. I sommar, då me eigentleg hadde ferie, vart han sjukmeld, og sidan han har tendensar til å vere litt surrete kom han aldri så langt som til å få overført ferien til neste år. Dermed vart løysinga å ta ut dei fem vekene no på slutten av året, når studentane likevel har undervisningsfri pga eksamensperiode.

Rosamannen er igrunn ein ganske husleg fyr. Å rydda kjøkkenet er hans store spesialitet, og der er eg glatt utkonkurrert. Aldri er kjøkkendiskane så ryddige og reine som når han har fare over dei - og det gjer han oftare enn eg, for å sei det slik!

I einkvar heim er det vel slik at far og mor har kvar sine spesial-områder (Dvs, eg er jo fullstendig klar over at ikkje alle menn er like deltakande i husarbeidet, og i nokre heimar er det kanskje kvinna som har denne rolla?). Hjå oss trur eg, sjølv om det ikkje alltid føles slik, at husarbeidet vert nokså jamnt fordelt.

Det som heilt klart er mitt område er klesvask. Alt frå å putte kleda i maskina (gjerne innhenta frå soverom eller andre stader i huset), til å riste og henge opp, til å brette og legge på plass. Desverre har me all klesvask på badet, og det har ført til at det svært ofte ligg klede utanom dei to kvite tønnene frå IKEA som er tiltenkt oppgåva som skittentøyskorger. Det kan òg vere reine kle som ligg bretta oppå ein kommode i påvente av forflytning. Det skal nevnast at etter at me fekk ny vaskemaskin OG installerte varmepumpe i huset så har klesvask og -tørk gått mykje betre, men framleis kan det i travle tider hope seg opp.


(bilde lånt på huseierne.no)

Som heimeverande har min kjære no sett seg lei på dette, og prøvd seg som klesvaskar. Og det har gått overraskande bra! Ingen misfarga kvit-skjorter, ingen krympa ullgensarar. Men så er det noko med revir, då. Eg er uhyre streng når det kjem til sortering av klesvask! Og når ein "amatør" kjem og trengjer seg inn på mitt spesialfelt, då stiller eg store krav. Sortering på kvit og kulørt er berre svært grovt rekna her hjå oss. Det finst kvit finvask, som berre skal vaskast på 40 grader. Så har du handkle og klutar, undertøy og sengkle, som skal vaskast på 60 grader eller kanskje tilogmed kokast. På den kulørte sida skal sokkar, undertøy, handkle og jentene sine kle i mørke fargar vaskast for seg på 60 grader. Bukser, skjorter og gensarar til oss vaksne vert stortsett vaska på 40 grader, og nokre gonger er det tilogmed sortering på lyse eller mørke kulørte finvask-kle. Dei hundre rosa plagga som jentene ellers brukar går som oftast på 60 grader, mens noko av det finaste kan vaskast ilag med andre lyse kle på 40 grader. Heng du framleis med? Stakkars rosamannen fekk ei rask innføring i dette igår, då mor ikkje var heilt nøgd med sorteringa. Der var både mørke sokkar, fine skjorter og jente-bukser saman med raud t-skjorte i same maskin på 40 grader, og alle sorterings-piggane mine skaut ut. Ingenting er øydelagd, og sokkane luktar godt. Det er berre den prinsippfaste delen av meg som ikkje har det godt.

Men rosamannen er ein tålmodig mann, og sjølv om han ikkje berre fekk skryt igår, så har han lova å prøve igjen med klesvask. Så få kanskje mor prøve å slå seg til tåls med at ting kan gjerast på fleire måtar? Det er uansett herleg å komma heim til ferdig middag og ryddigt hus, og ein kan jo verte bortskjemt av mindre. Kanskje hushjelp vert årets jolegåveynskje?

Staffan var en stalledräng.
Vi tackom nu så gärna.
Han vattna' sina
fålar fem,
Allt för den ljusa stjärna.
Ingen dager synes än,
Stjärnorna
på himmelen de blänka

Staffan rider till källan,
Vi tackom nu så gärna.
Han öser upp vatten
med skällan,
Allt för den ljusa stjärna.
Ingen dager synes
än,
Stjärnorna på himmelen de blänka.

torsdag 3. desember 2009

3. desember - igang med jolegåvene

Noko av det eg likar med førjolstida er å tenkje ut kva gåver dei eg er glad i skal få. Nokre gongar er det frykteleg vanskeleg, andre gonger er det ingen sak å tenkje seg kva folk treng eller vil ha. Eindel gåver er mest symbolske, andre ligg det meir arbeid og omtanke bak.

Med born i hus vert det alltid nokre gåver som handlar om dei. Kanskje er det fordi eg er så glad i å ta bilder.. kanskje er eg i overkant stolt av jentene våre? Eg håpar iallefall at mottakarane vert glade når dei får ei gåve som kan minna dei om våre små prinsesser.

I år føler eg at me er godt igang med gåvene, og me er jo knapt begynt på desember! Noko kjøpt, noko meir eller mindre eigenprodusert kjem til å havne under trea til våre næraste om 3 veker. Og så får me jo håpe at me treff med årets gåver....
Dagens song er Elias Blix sin tekst, og har nok ikkje noko direkte med innhaldet i innlegget over å gjera. Men samtidig har det det likevel, sidan jola handlar om ei verkeleg stor gåve.......

Sæle jolekveld!
Englar høgtid held,
syng i dag den same songen
som dei song den fyrste gongen
yver Betlehem:
Sjå, din Frelsar kjem!

Sæle jolekveld!
Du det under veld,
at me små kann glade mæla
høgt um liv og fred og sæla,
som Guds barnekor
frå den frelste jord.

onsdag 2. desember 2009

2. desember - englar og stjerner

For nokre veker sidan var eg og jentene på Coop Xtra og handla til helga. Og der stod den - adventsstaken med 6 englar og 7 stjerner. Sjølvsagt måtte eg ha den! Dei som har fylgd meg ei stund veit jo at eg er litt over gjennomsnittet glad i englar, og då hjalp det ikkje om fornuften påstod at me skulle handla mat og ikkje "dill". No står adventsstaken i kjøkkenvindauga mitt, og eg er glad for at fornuften gav seg på tap - for den gongen.





Dagens jolesong-vers sa seg vel kanskje sjølv...
Glade jol, heilage jol
englar kjem frå Guds kongestol
blomar ber dei frå paradis
fint og fagert dei syng Guds pris
Løynleg ikring oss dei går,
løynleg ikring oss dei går.



tysdag 1. desember 2009

1. desember - eit stunt under opprulling

Jepp, eg har bestemt meg - det vert kalendar-blogging i det rosa universet i år!

Eg skal altså ha eit innlegg kvar einaste dag fram til den store dagen, om smått eller stort. Det kan jo tenkjast at kvantitet vil gå på bekostning av kvalitet, men eg håpar det vert kjekt - både for meg og for deko (vossa-ord for "dykk"/"dere" ;)) der ute som er innom og les hjå meg.

Idag er det sjølvsagt andre òg som startar på adventskalendarar i ulike former. Mange har kalendar med små pakkar, andre har sjokolade, flaxlodd, aktivitetar eller kjærlege ord. Hjå oss har det vore pakkekalendar for storesyster eit par år no, men i år vert det ikkje slik. Denne hausten har det vorte mange små og litt større gåver etter alle dei forskjellige reisene mor og far har vore på, og det vert fort mykje fjas og husafyll med 24 pakkar til to jenter. Enten det, eller veldig kostbart! Ja, for om storesyster får pakke må faktisk vetlesyster få det òg! Difor gjer me i år noko heilt anna. Eg har kjøpt "Jul i svingen"-kalendaren, og med den fylgde både aktivitetsbok og CD som kan brukast litt kvar dag. Då eg var på trusopplæringskonferanse tidlegare i haust tok eg dessutan med meg ein kalendar med små bilder som går inn i joleevangeliet. Storesyster er innforstått med at det vert bilder istadenfor gåver i år, og vetlesyster er jo eigentleg uansett i minste laget til å skjøne kva dette handlar om. Akurat no syns eg kanskje bittelitt synd på dei som ikkje får gåver eller snop slik "alle andre" får, men eg trur det er det rette - denne gongen.


Eg har dessutan funne fram Jostein Gaarder sitt jolemysterium, som eg sjølv las då eg var liten. Me les alltid for jentene om kvelden, og i år håpar eg at storesyster kan få glede av den spennande historia, eit kapittel for dagen. Dermed skulle me vere godt i startgropa for den 24 dagar lange ventetida fram mot jol. Eit element eg vil ha med i kvart innlegg er eitt eller fleire vers frå ein jolesong. Dei fleste vert i nynorsk versjon, men nokre gonger er det andre språk eller målformer som gjeld. Og, det er jo ein song det fell seg naturleg å starte med:

Tenn ljos, eit ljos skal brenne
for denne jorda vår
den blanke himmelstjerna
der vi og andre går
omkring og deler vona
at gode ting skal skje
Tenn ljos for dei som strider,
for fridom, rett og fred.


God adventstid!

måndag 30. november 2009

Flyplass-frokost


Klokka er litt over seks om morgonen, og me har allereie starta på heimvegen. Faktisk stod klokka på kvart over fire, og det kan vel kun definerast som natt? Eg fekk meg nokre timar søvn, mens mannen hadde gått i ring og leita etter john blund ;). No håpar eg berre dei to siste flyturane i overskueleg framtid går unna utan for store humpar i vegen. Ha ein god siste dag i november!

søndag 29. november 2009

Å, så vakkert!

Me er framleis på Sandsøy, og me har nydeleg vèr. Difor måtte eg straks ut med kamera i føremiddag når frokosten var vel fortært. Her er ikkje mange timars dagsljos, og for meg som ikkje har opplevd det før er det ganske facinerande! Det blålige lyset, med det raude der sola ligg og gøymer seg bakom hav og land i det fjerne. Bileta her er alle tekne i 12.30-tida idag, og kanskje ser du at det såvidt har byrja å mørkne? Det er vanskeleg å fange ljos. Vanskeleg å få akurat den rette tonen i bileta. Eg har ikkje det i desse her heller, men eg håpar du kan få litt kjensla av det fantastiske ljoset som er her!









Imorgon (eller eigentleg idag, sidan klokka har tippa over midnatt) er det fyrste sundag i advent, og det kjennest litt fjernt akurat no. Eg registrerer at mange bloggarar har funne fram adventspynt eller jolepynt, og kanskje iløpet av veka heime kan me iallefall finne fram litt ljos og ein lilla duk? Eg sitt dessutan og tel litt på knappane om eg skulle prøve å legge ut på jolekalendar-blogging. heldigvis har eg ein dag og to att til å vurdere det.
Sov godt der ute i novembernatta!
Related Posts with Thumbnails