fredag 27. november 2009

Båttur på morgonkvisten


Eit mobilbilete gjenom eit vindauga dekka av salt sjøsprøyt viser morgonlyset her me sitt på ein hurtigbåt frå Harstad til Sandsøy. Idag er ruta lagt på ein slik måte att me må utom Senja for å komme dit, men det syns me igrunn er heilt i orden. Me har ein klar og fin dag i emning, og det er kjekt å få sett meir av dette vakre landskapet som ligg bada i blått lys. Flyturen igår var av den typen ein fort bør legge bak seg, og det vart eit hakk lettare når det viste seg at hotellrommet me fekk hadde eige navn - "kronvingen". M.a.o. fekk me ein suite, det einaste ledige rommet på hotellet, som ellers er fullt av ungdommar med svømmehud mellom tærne. Bonuspoeng er fine greier! Sjølv om ærendet er trist må det vera lov å kosa seg litt med turen, syns eg. Me håpar og trur på eit fint farvel med mannen sin bestefar idag. Dei ytre rammene kunne iallefall ikkje vore betre!

måndag 23. november 2009

Rotterdam i november

....var mild men vindfull, sol som snart gjekk over i plaskregn, og brusteinsgater som gjekk over i grøne lommer med vatn og små bruer.

Fyrst av alt: me overlevde flyturane! (som du nok allereie har skjønt) På veg nedover gjekk det heilt supert, og mor rakk igrunn nesten ikkje vere redd. Kanskje fordi eg hadde tenkt igjennom alle "scenario" og vore ganske nervøs på førehand? Turen heimatt var noko meir turbulent, og kanskje hadde eg ikkje psyka meg nok opp? Uansett.. det var nokre gonger eg drog pusten så fort og høgt at storesyster såg rart på meg, men eg klarte å kontrollere panikken såpass at ho ikkje vart redd. Det må eg sei meg fornøyd med, etter å ha landa i vind, skodde og regn både i Oslo og Bergen.

Og vertinna var seg sjølv lik, rett og slett. Det var så kosleg å kunne mimre litt om sommarferiane i barndomen, og diskutere framtida, med dei mange ukjende faktorar den har. Og så var det sjølvsagt knallkosleg å sjå dei 3 håpefulle, der den eldste hadde vorte stor gut sidan sist me såg han, og dei to yngste var nye bekjentskap for oss. Eldstemann prata til vår store glede norsk med oss, og dei to yngste skjønte litt, dei òg. Språk vart uansett ikkje noko stort problem, for mi store og Linda sine to små hadde ei felles forståing: spring fram og tilbake med høgfrekvente lydar heilt til nokon får vondt. Denne teknikken praktiserte dei så mykje dei kunne.

Tusen takk for oss, Linda! Neste gong er det din tur! ;)

Eg og storesyster fekk dessutan på heimvegen stifta bekjentskap med norsk køkultur. Og for å sei det slik - eg er ikkje imponert! Fyrst: unskyld, alle de som stod i kø på Schipol ved SAS sin innsjekk og bagasje-drop: Det var ikkje meininga å snike, eg berre misforstod anvisningane frå dama i skranken! og til den sinte skalla mannen: Hadde du tatt deg bryet med å vere berre litt hyggjeleg, så hadde eg kanskje gått bakerst i køen likevel. Mannen var såpass hissig at den vesle frøkna eg hadde med meg tok til tårene og ville springe derifrå!

I Oslo var historia ei litt anna, då køen gjekk i to retningar og me køyrde flette-prinsippet. Det viser seg jo stadig i trafikken at nordmenn ikkje er så stødige på denne teknikken, men når ein to gongar får kjeft fordi køen vert innsnevra og me ikkje gjekk heilt bakerst for å stille oss i endå ein ny kø, då vert fru Rosa ein tanke irritert! Stressfaktoren vart endå ein tanke høgare då det like før avgang viste seg at me hadde satt oss på feil plass i flyet, og i all hast skulle få med oss vesker og posar til nye seter bakerst i flyet. Då tenkjer eg den skalla mannen flirte godt og tenkte at det var til pass for den frekke kjerringa som alltid skulle snike seg til ein betre plass.
Likevel, me har hatt ein fin tur, og no går vaskemaskina som galen for å få kleda våre reine til neste runde. Torsdag reiser eg og mannen nordover for å delta i gravferda til den gamle bestefaren som har gått bort, medan prinsessene skal bu hjå besta og besten i 4 dagar til ende. Då håpar eg på betre vèr og blidare medpassasjerar!
God veke!
Related Posts with Thumbnails