Då eg var på kurs for ei dryg veke sidan (hjelpemeg så fort tida går!) haldt me til i vakre omgjevnader på Gran på Hadeland. At dei var vakre fekk me bevist den dagen me ankom, men seinare vart det ein godt forvart hemmeligheit, grunna tjukk skodde som omkransa hotellet.

Samstundes var det blå grader på termometeret, og kobinasjonen av desse skapte vakre kunstverk rett utom døra. siste dag på kurs fekk eg knipsa litt bilder av desse små og store kunstverka, frå det store kvite treet til edderkoppvevet inni buskene. På nokre av bileta ser ein òg tydeleg kor tjukk skodda faktisk var.

Og det var kanskje like greit at me ikkje såg sola og den blå himmelen som låg utanfor vår vesle boble, for då hadde det kanskje vorte vanskeleg å konsentrere seg om budsjett, paragrafar og personalpolitikk?
Om du trykker på bileta skal dei komme opp i større versjon. Sidan eg ikkje klarte å velje ut berre eit par bilete måtte det bli i montasje-form denne gongen. Imorgon startar ei ny veke, og for oss jentene i rosaheimen vert det ein fridag. Når barnehagen har planleggingsdag og far har avsluttande eksamen med studentane sine er det mor som lyt ta fri frå arbeidet. Då er det fint at 4 dagars-veka kan snuast om til ei tysdag-til-fredag-veke.
Håpar du der ute får ei fin haustveke, midt i november!