fredag 6. november 2009

Material girl, del 2 *** size DOES matter! ***

For eit par veker kom skatteoppgjeret for dei av oss som er såkalla næringsdrivande. Min kjære mann fekk eit konsulentoppdrag då han var nyutdanna for eit par år sidan, og saman med oppdragsgjevaren fann han det mest praktisk å starte eit einmannsforetak. Han har ikkje hatt meir enn dette eine oppdraget på foretaket, men har likevel ikkje somla seg til å avslutte det. Difor sitt me litt lett lysegrøne av misunning når "folk flest" får skatteoppgjeret akurat i tide til sommarferien.

Me er litt mindre lysegrøne no, når alle andre har svidd av skattepengane sine for lengst, og me fekk vårt oppgjer. Utan å gå i detalj kan ein vel sei at skattefuten og jolanissen greitt kunne ha bytta plass for vår del; Fyrstnemnde er mykje meir innbringande ;) Det positive utfallet kom ikkje heilt uventa, så me har igjennom året samla opp ein del ting som me skulle vente med til skattepengane kom. Ting ein treng i større og mindre grad, og som lett kræsjar eit månadsbudsjett om det kjem brått på. Sånn som f.eks. vaskemaskin.

I ein heim med to små jenter som ikkje går av vegen for litt gjørmebading eller ein grundig kroppsvask - med kleda på - så vert det ganske mykje klesvask. Når dei i tillegg gjerne deler ketchup, tomatsaus eller ein dæsj yougurt med oss vaksne, i form av nærkontakt med kleda våre, så vert det endå meir. Difor merkast det svært godt når vaskemaskina ikkje vil sentrifugere skikkeleg. Når ein må ta att klesvasken både 2 og 3 gonger for å sleppe og henge den dryppande våt på stativet tek det iallefall ein god del lengre tid her i rosaheimen. Ergo stod ny vaskemaskin høgt oppe på ynskjelista når skattefuten hadde opna sekken sin.

På Elkjøp stod maskinene på rekke og rad, og me fekk høyre om ulike kvalitetar og merker. Me gjekk etter eit kjend merke, men bortsett frå det var det ein ting som talde: størrelse på trommel og størrelse på sentrifugalkraft.

resultatet: Elektrolux med 7 kg kapasitet og 1600 omdreiningar. HURRA!! No går klesvasken som ein leik (etter eit par pittesmå startvanskar, då rosamannen hadde gløymt å fjerne transportskruene før me køyrde igang. Heile tørketrommelen (som står oppå maskina) var på veg inni armane mine....)!

Etterpå var det far sin tur til å få sitt ynskje oppfyllt: Flatskjerm-TV. Dette er eit ynskje han har båre på i årevis, men det har aldri vorte prioritert, sidan me har ein tv som faktisk virkar, men som sjølvsagt er i minste laget. Tanken min var at me skulle vente til me hadde ein ny og fin stove å sette apparatet inn i, men så var jo òg tanken at stova for lengst skulle vore ferdig no. Ein annan tanke eg har hatt er at i vår stove ville noko større enn 37" bli grotesk stort. Mannen meinte sjølvsagt noko anna. Det er ein ganske markant forskjell på kvinner og menn slik: mannen vil ha størst mogleg, kvinna vil gjerne at det skal sjåast i samanheng med omgjevnadane... Eg hadde etterkvart innsett at eg kanskje måtte bevege meg mot 40" om me skulle få dette til. På nett såg me eit par lovande kandidatar, men i butikken var bildet eit litt anna. 42-tommarane hang på rekkje og rad, med lynskarpe bilete og lekre design (jaudå, eg syns òg det kan vere ganske stilig), og før mor fekk tenkt seg om hadde far tatt ei generalavgjersle på at 42" var heilt fint for stova vår.


Eg sveiva oppatt kjeven, og innsåg at kuppforsøket var vellukka. Trass alt hadde jo eg sjølv berre minuttar tidlegare gått for størrelse? Som ei løysingsorientert kvinne ser eg no på flatskjermen vår der den står og ruvar i stova, og har tenkt ut korleis den skal "forsvinne". Det finst jo mykje fint i panelgardiner, ikkje sant? ;)

(bileta er lånt frå diverse stader på nett)

måndag 2. november 2009

Material Girl - del 1

Rosa har vendt heimatt til sine kjære og til kvardagen att. Med nattoget fann eg vegen over fjellet, og ankom heimen før morgonlyset (eller nokon andre) hadde vakna. Tilogmed taxi-sjåføren må ha sove, for den bilen eg hadde bestillt pr telefon var ikkje der den skulle vere. Ei lita ventetid på togstasjonen, så kom det heldigvis nokon som kunne frakte meg den siste etappen heim til to søte små og ein stor. Og det er jammen godt å vere heime!



Men samtidig, vekene som har gått ville eg ikkje vore forutan. Særleg ikkje den siste, og iallefall ikkje fredagen som avslutta det heile. Etter ein kosleg kveld hjå veninna mi kunne eg sove så lenge eg ville på gjesterommet hennar, utan at nokon venta på meg. Og bortsett frå ein lunch-avtale med ei anna god veninne visste eg at eg hadde heile dagen for meg sjølv. Den kjensla er faktisk veldig god!

Så var det berre å ta fatt då, oppover Karl Johan, med klesbutikkar, interiørbutikkar - for ikkje å snakke om souvenir-seljarane! Akurat dei haldt eg meg faktisk unna, men dei to andre butikktypane gjesta eg med høg frekvens. Eg måtte trekke litt på smilebandet då eg gjekk inn på Indiska. I trappepartiet som dannar inngangen til denne butikken stod unge og eldre menn "laina" opp, og det var ikkje tvil om kvifor dei stod der eller kva dei syns om det. Eg har hørt om nokon butikkar som har bytta ut barneparkeringen med manneparkering, og Indiska er vel kanskje ein av dei som burde det. Mykje fint på indiska, både ting og klede, men eg klarte faktisk å knipe att lommeboka - for ei lita stund.

Lenger oppe i gata var nemlig Søstrene Grene, og denne butikken har eg høyrt så mykje om her i bloggeverda. Og - den overgjekk forventningane. Så utruleg mykje kult og fint og kjekt og søtt og stilig! Og ikkje berre det, men prisane var jo rett og slett det eg vil kalle lave. Ein grådig kjekk kombinasjon, vil eg sei :) Bileta i dette innlegget, med unntak av uglefamilien, kjem frå det eg kjøpte på Søstrene Grene. Uglene derimot, vart kjøpt på Accessorize på Oslo S. Vetlesyster er så glad i dei gamle Babuschka(?)-dokkene som besteforeldre og oldeforeldre har, og no tenkte eg at ho kunne få si eiga som reisegåve frå mor (det beste med at mor og/eller far reiser vekk er nemlig at dei har med seg ei gåve heimatt!).


Porselensengelen kosta 5 kroner, og kjøkkenhandkleda 17 kr, det er vel prisar som burde få opptil fleire til å gni seg i hendene?


På Accessorize vart det òg litt shopping til mor, som ikkje klarte å gå ifrå ei veske med rose-applikasjonar på. Eit lite minus for at den berre har patentknapp istadenfor glidelås til lukking, men så må ein som kjend lide litt for skjønnheita... det vart meir eigenshopping på turen, men alt kan jo ikkje visast her. Eg nytta sjangsen til å fornye garderoben, og fekk utan problem svidd av pengane eg hadde spart etter bursdagen min - og endå nokre kroner til. Faktisk klarte eg å gå ein heil dag i Oslo utan å gå inn i ein einaste barnekle-avdeling. Det høyrest kanskje meir egoistisk ut enn noko å vera stolt over, men vanlegvis er det jo ungane eg handlar til (og reknar ikkje med eg er åleine om det)



Til slutt: skjønne englevinger frå kremmerhuset, 4 stk i ein pakke til berre 39 kroner. For meg som er smågalen etter englar i alle fasongar og størrelsar var dette eit must. Problemet byrjar vel å bli at eg manglar knaggar å henga dei på. Men tru meg - eg skal nok finne ei løysing på det ;)



Fredagen vart avslutta med cabarèt-framsyninga "Vi har fått et nytt liv" på Cafèteateret, og det var underhaldande, rørande, morsomt og tvers igjennom kvalitet levert av 7 damer med vakre stemmer og høge hælar. Det at dei 7 klarte seg utan den åttande kvinna utan at det merkast i heile tatt på framføringa vitnar om kvalitet! I mars skal korpset "mitt" ha eit samarbeidsprosjekt med desse damene, og no gler eg meg endå meir enn før!


Ikveld er eg endeleg igang med å lese bloggane på lista mi, og som du ser - produsere eit eige innlegg (som visst vart vederstyggeleg langt!), og det føles godt!

Håpar de der ute har det bra - eg ynskjer alle ei god veke!

Related Posts with Thumbnails