
Iløpet av kursveka mi på Gran/Hadeland fekk me omvisning i dei vakre systerkyrkjene; Mariakyrkja og Nikolaykyrkja. Den enkle, reine Mariakyrkja, den overdådig dekorerte Nikolai-kyrkja. Historia vil ha det til at det var to systre som ikkje var på talefot som bygde kyrkjene, men forskarar meiner no at navnet kjem seg av at det var kloster i området, og at navnet på kyrkjene kjem derifrå. Begge kyrkjene har ei brokete fortid med brannar, forfall og restaureringar, men framstår idag som velhaldne og vakre byggverk frå ei fjern fortid. Her er bilder kun frå Nikolaikyrkja, men Mariakyrkja var òg svært vakker på sitt vis (trykk på billedmontasjen for å få den større).
No er altså kursveka mi avslutta, og den har vore heilt super. Interessante foredrag, kjekke med"studentar" og heilt aldeles fantastisk mat på Hotell Hadeland. Verkeleg verd eit besøk. Det skada heller ikkje at hotellet har store mengder norsk kunst på veggane - noko vakkert å kvile auga på er alltid kjekt! i skrivande stund sitt eg hjå ei god veninne, og imorgon skal eg ha heile dagen for meg sjølv i hovudstaden, med litt shopping, lunch-avtale og kabarèt-framsyning om kvelden. kort sagt: Life is good!!
nattinatt :)
