søndag 18. oktober 2009

Blogg-oppussing, del 2

For ei tid sidan begynte eg å leike meg med å lage eigen blogg-bakgrunn i photoshop. Eg vart ikkje heilt nøgd, sidan bakgrunnen ikkje endrar størrelse ilag med vindauget på nettlesaren, men har foreløpig ikkje funne løysinga på det. Headingen vart eit solnedgangsbilete teke frå kjøkkenet mitt tidlegare i haust, sidan tida til totalt unyttig leiking med blogg-ting tok slutt. Eg kan vel ikkje akurat sei at eg har fått meir tid, men no i helga såg eg meg lei på solnedgangen, endå så fin den kan vere. Ikveld gjorde eg ferdig den nye headingen, og slik skal bloggen få vere, iallefall for ei stund!

Som eg skreiv i eit innlegg tidlegare (om å gle seg), så skal eg denne veka ta fatt på litt utvida reiseverksemd. Imorgon kveld tek eg nattoget austover for to dagar med jobbrelatert kursing og inspirasjon. Sidan eg altså har sovekupè begge vegar, og har to hektiske dagar å sjå fram mot, veit eg faktisk ikkje om eg skal ha min høgt elska laptop med meg ein gong!!

Det kjem til å verte to hektiske men kjekke veker framover, så eg vil nok tru at tida i bloggverda vert begrensa, men om togturen vert langdryg og Jon Blund står att på togstasjonen, så har eg jo alltids mobilen ;)

So long, bloggvener!
Related Posts with Thumbnails