Dette er ein av grunnane til at oktober er ein "glede seg til"-månad. Eg syns det er kjekt å leite etter gåver til jubilantane, enten dei er store eller små. Nokon gongar vanskeleg - erfaringa er at vanskelegheitsgraden stig med alderen, men likevel fint. Eg gler meg til selskap med familien, der jentene mine får kose seg med flokken av søskenborn som dei er så glade i og ser slik opp til. Gler meg til småpraten med dei voksne, som det likevel kan bli litt lite av når minstemor skal fylgja i hælane på dei store høgt og lågt. Gler meg til å sjå om gåvene sler an. Nokon er plukka frå ei ynskjeliste, andre kjem som ei total overrasking til mottakaren. Begge delar har sin sjarm!
Berre tre dagar seinare, sundag ettermiddag, set eg meg igjen på toget austover, for eit kurs som går på leiing, personalansvar, budsjett og rekneskap, forvaltning osv. Ganske spennande saker som kan vere fint å ha i ryggsekken! Det er sjølvsagt ingen bakdel at eg "må" bu på hotell heile den aktuelle veka, eller at eg får snike inn ei veninne-overnatting i kvar ende av kurset. Det eg likevel gler meg aller aller mest til med denne andre turen er den ekstra dagen i hovudstaden. Kurset mitt varar t.o.m. torsdag, og istadenfor å reise rett heimatt har eg hjå rosamannen fått innvilga ein dag ekstra der borte, der eg berre skal KOSA MEG! Pengane eg har fått til bursdagen min (bortsett frå dei eg brukte på det knallkule skiltet over) skal sparast til denne dagen (og kanskje eit par kroner til ;) ), då eg skal tusle rundt i Oslo-gatene. Eg har eit par tankar om kva eg har lyst å finne der, men dei skal få vere inni hovudet foreløpig. Og så - fredag kveld - er det toppen av kransekaka: då skal eg på forestillinga "Vi har fått et nytt liv" med vokalgruppa Stilett. Der er ei av mine beste veninner med, og eg gler meg masse til å få med meg denne happeningen på Cafèteateret!
Dessutan gler eg meg til neste fredag, når nærbutikken vår endeleg opnar igjen, etter nesten eit halvt år der me har måtta køyre to mil for å handla daglegvarer. I dette halve året har ein verkeleg fått opp augene for kor viktig ein slik butikk er for lokalsamfunnet. Det viktigaste er kanskje ikkje maten, men møteplassen, småpraten med sambygdingar, ein stad å slå av ein liten prat med folk ein ellers ikkje treffer i det daglege.
Og sist, men ikkje minst, gler eg meg til å gjere ferdig oppussingsprosjektet me har helde på med dei siste par månadane. Nok ein gong har me fått kjenne at i eit gammalt hus finst det ikkje noko slikt som eit "lite og raskt" prosjekt, men det ferdige resultatet vert veldig veldig bra! Eg gler meg til å vise det fram her på bloggen ;)
Men akurat no gler eg meg til å tusle opp på soverommet, der dyna er varma opp av femåringen som akurat no syns det beste i verda er å krype inntil mamma og sove vidare.
Eg ynskjer deg ei god natt og ei god helg! Kva gler DU deg til?

