Enten det stemmer eller ikkje, så har eg iallefall bede foreldre og svigerforeldre på middag i ettermiddag. Det kunne sjølvsagt vore nok med kaffi og ei kake eller to, men eg tenkte på den gode lammesteika i frysen, og fann ut det var på tide å få brukt den. Det er ikkje så ofte me har dei på middag slik, men no var det ei fin anledning. Dei skal til og med få noko søtt attåt kaffien. Overskotsmateriale frå dette søte har eg akurat tørka frå kakefat, kjøkkendisk, fingrar og ansikt til mine to håpefulle, men eg håpar det smakar betre enn det ser ut ;)
Eg vart vekt i høveleg tid av to små som song "Happy birthday" av full hals, og fekk deretter sjølvlaga bursdagsgåve frå storesyster. Ikkje mykje som rører meir ved eit bursdagsmammahjarta! Stadig pip det i min RÅSA mobil, med helsingar frå slekt og vener, og det er kjekt! Kjekt å bli hugsa på, kjekt at dei tek seg tid til å sende meg ein tanke! No har eg og jentene mine ete brunch med nysteikte rundstykker, egg og nytrakta kaffi. Sistnevnte berre til mor, før ho set igang med diverse førebuingar til sundagsmiddagen ;) Rosamannen er ute på vift, men skal nok få gjere litt nytte for seg han òg, når han kjem heimatt litt utpå dagen.
Og ja - biletet er sjølvsagt av meg. (har tatt bilde av bildet, så kvaliteten er crappy) Og det er sjølvsagt ikkje meg som nyfødd, men på dåpsdagen litt lenger utpå hausten. (no ser eg òg at det kanskje ikkje var så rart om begge mine små hadde mykje hår som nyfødde.... )
Ynskjer deg ein strålande sundag, du som fèr forbi!