laurdag 26. september 2009

Biiiiig Giveaway (men ikkje hos meg)

Duften av erteblomster har ein heidundrandes giveaway for å feire 100 000 besøkande (!!), og eg har slengt meg på for å få eit napp på ein av dei mange godbitane ho deler ut i sin inspirerande interiørblogg

torsdag 24. september 2009

Ei av dei vakraste gåvene eg har fått

.........fekk eg slett ikkje til ein bursdag eller ein annan merkedag. Eg fekk den ein heilt vanleg dag på jobben, hjå ei av mine gode kollegaer - Rønnaug. Denne dama er ein racer på scrapping, stempling, kort-laging... u name it. Me begynte nok omtrent på samme tid, men ho har utvikla seg til å bli ein av dei flinkaste eg veit om. I vår ein gong såg ho eit bilete eg hadde liggande av storesyster, som ho lurte på om ho kunne få bruka i eit prosjekt. Ho var då med i papircup'en hjå Papirgleder, og hadde klatra seg heilt til finalen! Der var ei av oppgåvene å lage ei scrappeside i romantisk stil. Og lang historie kort, så såg det fantastiske resultatet slik ut:




På dei kvite tekststripene står det eit dikt:


Fire År


Min vesle ven, eg ser kor augo smiler,
eg høyrer kor du djupt av lukke lær,
der full av tiltru du imot meg stiler
så fort som dine kvikke føter ber.

Og når du trygg og glad i armen kviler,
eg ynskjer at eg støtt får bli deg nær,
og bere deg dei mange motgangs miler
som eingong ventar deg på vegen her

Velsigna vere åra du er hjå meg,
før du kjem ut i verda og veks frå meg,
og eg sit einsam att og eldest av

Men kanskje då når dagen kring meg bleiknar,
når augo dimmest og når foten veiknar,
vert du mi leidarstjerne og min stav.

Jakob Sande


Eit vakkert dikt av den einaste diktaren eg føler eg har eit "forhold" til, og så perfekt til jenta og bildene!

Då eg var i Åsane sist fredag fekk eg endeleg kjøpt ramme til dette kunstverket, og akurat no står det på skjenken i stova, i påvente av ein betre stad å bu. Tusen tusen takk, Rønnaug!


Idag har eg vore på jobb igjen, mens storesøster måtte ha endå ein dag i heimen. Ikveld var ho derimot feberfri, og eg kryssar alle fingrane for at ho kjem seg i barnehagen imorgon. Då skal nemleg heile gjengen til Voss og sjå på teater i høve det årlege Smalahovesleppet i Vossebygda. Det er noko ho har gleda seg til i fleire veker, så skuffelsen vert til å ta og føle på om feberen lurer seg tilbake iløpet av natta.

tysdag 22. september 2009

mus i kommoden...

....det hadde me jo sist vinter. Ei kresen mus var det rett nok, som kun gnog hòl på den nye julekjolen og den heimelaga tovakjolen til storesøster. Sistnemnde fiksa sjølvsagt den nevenyttige mora med å hekle ein ekstra blom som vart sydd over hòlet etter musa ;)

Men opphavet til alle dei hòlete strømpebuksene i Rosaheimen kan vel i bunn og grunn ikkje skuldast på ei stakkars lita mus. Eg har kjøpt tallause strømpebukser til Storesyster. I ull og bomull, tynne og tjukke. Og eg trur eg utan å overdrive kan sei at 70% av dei har enda opp med hòl i seg. Svigermor begynte å bøta flengene i dei gode prinsesse-stilongsane frå Janus ifjor vinter, men eg trur rett og slett ho gav opp (jaudå, det kan vel tenkjast ho skjønte teikninga når det alltid låg ein hòlete strømpis i kofferten kvar gong jentene var på besøk). Eg trur ikkje Storesyster er spesiellt klossete, men trass i høg prinsessefaktor er ho ikkje av den typen jente som leikar pent og forsiktig. Ho er ei aktiv lita snelle - med skjørt! Ifjor var det ein periode på fleire månader der det var umogleg å få på ho noko anna enn skjørt og kjolar. Og jau, eg kunne nok ha brukt fysisk makt og trua det på ho, men det heiter seg jo òg at ein skal velge sine kampar med omhu. Kampane om bukser og skjørt var ikkje SÅ viktige i den store samanhengen, så lenge jenta haldt seg varm!

men altså; ungar er ungar, og ungar dett og slår seg med ujavne mellomrom. Slik er det òg med storesyster. Det er sjølvsagt knea det går hardast utover, og når knea kun er dekka av eit tynt lag elastisk tøy...... då må det gå som det går. Ofte vert det faktisk hòl ved fyrste gongs bruk, og det syns mor er ein tanke frustrerande.

Dagen idag vart heilt anleis enn den skulle. Istadenfor å reise til Bergen og barneklinikken har eg og storesyster haldt oss i heimen. Eg med omtrent samme form som igår - ho med høg feber. Eg vèra faren igår ettermiddag då ho klaga over hovudverk og leddverk, men håpa i det lengste. Når febermålaren idag tidleg stoppa på 38,7 var det berre ein kort telefon til barneklinikken for å få bekrefta at me helst burde halde oss heime. Eit halvt års venting til inga nytte er litt surt, men eg håpar me slepp å vente like lenge på ny time! Ein av tinga eg fekk gjort idag medan eg sat her som sjukepassar, var å bøte strømpebukser. (Tenk å skrive så mykje for å få sagt så lite!) Dei vert ikkje til fest-bruk, men duger iallefall i barnehagen når prinsessa ikkje vil sjå ei bukse i mils omkrets :)

Ikveld når paracet'en gjekk ut av den vesle kroppen steig feberen til 40,5. Det likar me ikkje, men sidan den gjekk ned igjen eindel med ny dose paracet har me foreløpig ikkje oppretta kontakt med legevakt eller andre helseinstansar. Me kjem nok til å måle igjen når me sjølve går til ro, for å halde kontroll på tilstanden. Og imorgon vert ein ny roleg dag på sofaen for frøken tufs og fru snufs. Det passar sjølvsagt ikkje, sidan me alle skulle vore med på bru-opning i ein avsidesliggande fjelldal i nabobygda, men kortid passar det eigentleg å vere sjuk eller ha sjuke ungar? Nokon av oss lyt stille som avtalt, men frøken tufs får nok halde seg innomhus, og då helst med ein vaksen tilstades ;)


måndag 21. september 2009

Atsjo!


Etter ei veke med lett snufsing er det idag ingen sirkulasjon i naseregionen min. Knollen er full av bomull, og papirlommetørklea er min beste ven. Kombinert med at fru rosa rett og slett er dønn sliten var eg berre eit par timar på jobb idag før eg kasta inn handkleet og inntok horisontalen heime på sofaen istaden. 3 timar søvn gjorde meg klar til å henta mine søte små, og lage middag til mannen kom heim. Nydeleg kyllingsuppe med bitar av grilla kylling, servert med kvitløksbaguettar. Berre synd at eg ikkje kjende smaken sjølv! No er ungane i seng og mannen har reist på trim. Mor har igjen funne sofaen med det gode lappeteppet, saman med ein kopp te og nyaste utgåve av Bolig+. OG papirlommetørkle,sjølvsagt ;) det siste rosamannen sa før han fór ut døra var som i reklamen; "vi kvinner vet hvordan vi skal kose oss". Det har han vel kanskje rett i...

Imorgon skal storesøster på utredning hjå barnerevmatolog, og eg kjenner eg er veldig spent på kva dei kjem fram til der. Imellomtida satsar eg på å kvile meg frisk. God mandagskveld!
Related Posts with Thumbnails