laurdag 19. september 2009

tysdag 15. september 2009

165 lappar

Ein gong i vår (eller var det vinter?) starta mor mi eit prosjekt som skulle bli lappeteppe av oldemorsruter. Eg fall heilt for både fargar og mønster, og tvinga ho straks til å lære meg å hekle slike lappar. Sparkjøp hadde nokonlunde billig tråd, med sitt ullgarn Rubin i dei fargane eg ville ha: Offwhite, beige, og eit par forskjellige nyansar av ROSA.


Og sidan har eg hatt hekletøyet med meg omtrent kvar ledige stund; I bilen (når Rosamannen har vore sjåfør, vel og merke), på toget, og ikkje minst - framfor PC'en i tallause kveldsstunder når eg og min kjære finn roen med ein film eller serie etter lange dagar.


I byrjinga tok det meg litt meir enn ein episode av JAG å hekle ein einaste lapp - altså 45 minutt. På slutten rakk eg fint å begynne på lapp nr 2 pr episode, så ein viss progresjon i hastigheit har det vore

Eg er satt saman på den måten at det må vere ein viss symmetri over det eg gjer, så ein gong i sommar la eg ut det eg hadde av lappar og planla eit mønster i galskapen. Skreiv opp kor mange lappar eg trong av kvar sort eg hadde laga, og korleis dei skulle setjast saman. Eg ville ha det lyst, så den mørkaste rosafargen fekk berre vere med i nokre få lappar for å bryte opp litt.

165 lappar vart det til slutt i teppet - 11 i breidda og 15 i lengda. Eg har montert dei ved å hekle dei saman kant mot kant, og på baksida kan ein sjå dei diagonale "løpegangane" som held det heile ihop. For eit par kveldar sidan var verket fullført! Det er varmt, og ein smule tungt. Eg har kjøpt eit fleecepledd på Kid som eg har lyst å montere på baksida for å skjule "saumane", men foreløpig veit eg ikkje heilt korleis sjølve monteringa skal skje. Inntil vidare heng det fint på stolen, og eg gler meg til å ta det i bruk på kjølige haust- og vinterkveldar!
Heilt til slutt ikveld må eg berre vise den vakre solnedgangen me hadde igår kveld, utsikta er frå kjøkkenglaset mitt, og eg ville ikkje ha bytta den med nokon!


God kveld!

søndag 13. september 2009

Sol-søndag!

Det er september, det er sol og det er søndag. Ein dag med gråt og tenners gnissel, men òg fyllt med kjekke opplevingar og stunder.

Gråten kom ikkje av noko meir alvorlegt enn at Rosamannen vart levert på Oslo-ekspressen i formiddag, for ei ny studieveke på Kongsberg. Storesyster var så uendeleg trist idet toget rulla ut frå perrongen at tilogmed dei ukjende medpassasjerane til mannen vart bevega av ansiktsuttrykket. Vetlesyster skjøna ikkje så mykje av det, men når storesyster er trist, ja då får ho full sympati. Dermed var det to hylande jenter tok med meg til bilen.


På heimveg bestemte eg at me måtte finna på noko anna enn å gå heime og stange i godvèret. Dermed fann me fram regnbukser og støvlar - trass sola frå blå himmel - smurde ei lita niste og la turen opp i skogen berre eit lite stykke frå huset vårt. Her gjekk eg på oppdagingsferd i min eigen barndom, på jakt etter rev og bjørn, eller i den tru at eg var indianar.


Vegen er både bratt og ulendt, men storesyster haldt motet og farten oppe. Vetlesyster var ikkje fullt så ivrig, og måtte berast mykje av vegen. Når eg innimellom prøvde å få ho til å gå litt sjølv enda det kvar gong med at ho sette seg rett ned i protest. Då var storesyster god å ha som oppmuntrar!

Ein ser haustteikn i skogen no, sjølv om den grøne fargen framleis dominerer biletet. Skjegget på denne greina har antakeleg vore der mange haustar..

Oppe i det me kalla Eikjehjedlen fann me oss ei tue der det gjekk an å sitta og eta litt. Jentene plukka litt bær, fann fine formasjonar som kunne vere både stol og kongetrone, og me koste oss med solstrålane som fann vegen ned mellom trea.

I tillegg til denne turen har sundagen bestått av kyrkjebesøk med konfirmantpresentasjon. Eldste nevøen min er konfirmant til våren, og det er nesten så eg føler meg gammal når eg ser på desse unge ungdomane, og tenkjer tilbake på kor vaksen eg følte meg i samme situasjon..


Avslutta med middag hjå foreldra mine, og ein frisk trimtur i skymingstimen, så kan eg ikkje anna enn å sei meg særs nøgd med søndagen - sjølv utan Rosamannen ved mi side.


Imorgon kjem ei ny veke med nye moglegheiter, og ein av dei er å vere tålmodig åleinemamma for jentene mine dei neste 5 dagar. Skal eg klare det bør eg nok finna vegen under dyna no, så turen innom alle dei kjekke bloggane får venta til imorgon kveld.
Takk for at du stakk innom, og god veke til deg!
Related Posts with Thumbnails