onsdag 9. september 2009

Sommar

For to månadar sidan, 9. juli, hadde eg siste arbeidsdag før årets sommarferie. Me hadde hatt varmt og fint vèr i vekesvis, og gleda oss til gode feriedagar. Dei tre fyrste dagane var herlege, og me reiste på fleire badeturar til meir eller mindre lokale strender.

Bileta her er tekne ved Vangsvatnet, der me hadde ein nydeleg dag. Søndagen - dagen før ferien eigentleg byrja - skya det til. Sidan den tid kan me telja på ei, eller under sterk tvil to, hender - dei dagane det ikkje har regna.


Me snakkar to månader bortimot samanhengande regn. Ein kan vel trygt sei at me snart myglar?


Tidlegare denne veka stod det på yr.no at det skulle vere sol frå laurdag og heilt til neste torsdag, utan ei sky eller ein einaste dråpe regn. No har dei feiga ut, men eg håpar at me kan få eit par fine dagar iallefall! I mellomtida kan me sjå på bilder som beviser at me trass alt har kjent smaken av sommarvarme dette året òg...


God onsdagskveld, 09.09.09! (kjekk fødselsdato, for dei som har komme til verda på denne dagen ;) )

måndag 7. september 2009

Tapet - eit lite kupp!

Innimellom korpsøvingar, korøvingar, møter og dartkveldar - for å nevne noko av det som skjer etter at dei søte små har funne køyene sine i rosaheimen - så prøver eg og min kjære handyman å pusse opp litt i det gamle huset vårt. Det går ikkje fort, men når eg seier at rommet me no held på med kanskje vert ferdigt til jul, då syns rosamannen eg er vel pessimistisk. Difor håpar eg no at rommet vert ferdigt iløpet av hausten. Sjølve rommet og formålet med det vil eg ikkje visa endå, men her skal du få sjå den utruleg fine tapeten som dekorerte alle dei fire veggane!



Eg kunne så inderleg gjerne tenkt meg å behalde tapeten, for eg syns den var så fin. Men, med skadar etter gamle vasslekasjar, og behov for å gjera noko med både golv og tak, så rauk veggane òg. Eg har vore på jakt etter ein tapet som kunne matche den me tok ned, men eg har kun funne ein einaste tapet eg likte, og den var hjå Laura Ashley. Som kanskje fleire veit leverer dei kun i Storbritannia, og då vart det litt vanskeleg.

Idag har eg likevel kjøpt tapet. Faktisk hjå vår lokale forhandlar, fann eg ein rest av eit vakkert rosemønstra tapet. Mønsteret er mykje mindre enn på den tapeten me tok ned, men det er likevel fint, syns eg. Rommet det skal brukast i er òg lite, så det passar nok eigentleg bra.

Og veit du kva som var fint? No var det endeleg på tilbod - 50% salg! Dermed fekk eg to rullar tapet til 365 kr. Ikkje gale, syns eg :) Då står det berre att å sjå kor fort tapeten kjem på veggen...
(begge bileta er desverre ganske dårlege - det fyrste teke med den gamle mobilen min, det andre faktisk med speilrefleksen, men i dårleg lys.)
God måndagskveld, og ei god septemberveke i vente!
Related Posts with Thumbnails