fredag 4. september 2009

Hobbyklubben



I sommar kom eg over ein reklamefolder heime hjå foreldra mine. Reklamen dreide seg om velkomsttilbud hjå Hobbyklubben, ein bokklubb med hobbybøker for einkvar smak. Eg trur eg har vore medlem der ein gong tidlegare, og fekk eit par bøker om scrapping. Denne gongen var det meir bøker om strikking, hekling og saum som fanga interessa. Og velkomstgåva var ei hobbyveske, eit sett med heklenåler og to gratis bøker. Dei to bøkene kom ganske fort, og ser kjempefine ut. Nei, du har rett, eg har eigentleg ikkje sett skikkeleg i dei, berre bladd igjennom. For sommaren er ikkje heilt hobbytid, sjølv om vèret har vore labert heilt sidan me starta på ferie midt i juli. Men eg ser at der er gode idèar i boka om hekling, og ABC i syteknikk trengst for meg som framleis er fersk i faget.



Ein dag denne veka kom endeleg den andre delen av pakken - hobbyveska og heklenålene. Dei var kjempestore! frå nr 3 til 10, faktisk. Eg har aldri sett så store heklenåler, men om eg ikkje skulle få brukt dei er dei iallefall fine å sjå på :)


Til slutt må eg berre sende alle dei varmaste tankar og klemmar til mali-mo og hennar kjære, som går igjennom ei forferdeleg tøff tid. Eg tenner eit ljos i ein rosa engel for ho og vesle Wilma som ombestemte seg rett før ho skulle ut i den store verda.

tysdag 1. september 2009

Så var festen over..

Plutseleg var helga slutt, og dei energiske Balkan-tonane har forstumma i den vesle bygda. Men dei sitt friskt i minnet - og i beina. Det vart nemleg mange timar med dansing laurdags kveld og natt, til Marko Markovitch og DJ Prinsen Paulista. Og det var etter at Farmers Market hadde gjort sitt på scena - ein etappe som stod til gull!

Det vart ei særdeles fuktig helg, der vèrgudane på ingen måte var velvillige. Utruleg mange kvadrat med telt vart sett opp men me måtte likevel heim og skifte sko laurdag ettermiddag, etter å ha labba rundt i alt det våte i nokre timar. Ungane hadde storkost seg med konsertar og loppesirkus, og var alt anna enn fornøyde med å reise frå mor og far. Heldigvis kom det seg då dei hadde vore og handla laurdagsgodt på vegen til snille besteforeldre!

Bileta under kjem ikkje i rett rekkefylgje, men er nokre frå glimt frå kva som har skjedd i helga. Vil du sjå meir kan du ta turen innom heimesida til Balkanfest Evanger. No skal eg ta meg ein sterkt etterlengta tur inn i bloggverda. Det har berre vorte mobilblogging på meg den siste veka, og eg føler meg heilt på sida av dette universet. Takk til dei som likevel har sett innom meg og lagt igjen ei helsing!

God septemberkveld!









(om du klikkar på det siste biletet her og forstørrar det ser du at det er speilbilde av kyrkjerommet, sett gjennom nederste del av ei lysekrune. Litt kult, syns eg :) )

Related Posts with Thumbnails