fredag 28. august 2009

Bygda er klar!


Boban og hans menn er eigenhendig observert, grisen er komen på spyd, og Gato er pynta til fest - Balkanfest! Velkomen!

tysdag 25. august 2009

Designoppdrag - Balkanfest Evanger


Som eg har skrive om før, og som du kan sjå både hjå Trollkåno og Patina, er det no berre 3 dagar til Balkanfest Evanger er igang. Med hovudvekt på laurdagen vert det balkanmusikk i 3 dagar til ende i den vesle bygda mellom vestlandsfjella.

Kvifor? Jau, fordi det iløpet av åra har komme fleire innbyggjarar frå tidlegare Jugoslavia som har busett seg her. Nokre av dei har slege rot og kjøpt eigne hus, andre budde her ei stund før dei flytta vidare. Med seg hadde dei kulturen, maten og musikken frå heimlanda, og dette har facinert fleire sambygdingar. Etter år med idèar, tankar og draumar vart den fyrste Balkanfesten eit faktum i august ifjor. Ein verkeleg pangstart, med eit av verdens beste balkan-brassorkester på scena - Boban i Marko Markovitch Orkestar. Den vesle bygda syda heile augustnatta, og då mandagen var der igjen skjøna bygdefolket knapt kva som hadde truffe dei!


No er det altså klart for ny balkanfest, og forventningane er store!
Eg har hatt oppdraget med å lage og drifte heimesida, samt produsere alt grafisk materiale; plakatar, annonser, og mindre trykksaker som skal brukast på sjølve festivaldagane. Veldig kjekt arbeid, utfordrande (festivalgeneralen og nemnda hans har klare idèar om korleis ting skal sjå ut, men veit ikkje alltid om det er mogleg å få til. "Det umoglege tek berre litt lenger tid!"), og ikkje minst tidkrevjande. Hovuddesignet med den oransje fargen og strekteikninga av ein litt eksentrisk tuba vart gjort ifjor, av vossadesignaren Per Finne. Mi oppgåve har vore å bruke dette utganspunktet vidare, tilpasse det til web, oppdatere det til 2009. I tillegg har eg laga det som har med BadnaBalkan å gjere.

Utgangspunktet for BadnaBalkan-logoen har vore eit hjarta som storesyster laga under fjorårets festival - ei etterlikning av hjerte-smerte-kakene me fekk høyra om i eventyret frå Balkan. Sjølve Badnabalkan web-sida er sett saman av barneteikningar som er scanna inn og bearbeidd i Photoshop.
Web-sida har eg bygd opp frå grunnen i eit program eg lærte meg under opprettinga av heimesida før fjorårets festival. Å lære mens ein går er nyttig, men nokre gongar, når problema tårna seg opp og sida ikkje hang saman i det heile, då ynskte eg meg eit kurs i Dreamweaver. Heldigvis løyste det meste seg, eller eg fann omvegar :)




No er det berre eit par småting att for min del før årets festival kan begynne. I helga som kjem skal eg berre nyta musikken og folkelivet, i vissheit om at eg med god margin har opptent dugnadstimar som gjev festivalpass. Storesyster gler seg nesten like mykje, og då ho ein dag i bilen høyrde Boban på mp3-spelaren sin utbraut ho med strålande auger: "Dei er verdens BESTE rockeband!

Er du i nærleiken, er du nysjerrig, likar du "trua taktartar" eller høgtflygande trompetar, då må du legga turen til den vesle bygda mellom Bergen og Voss komande helg. Der blir det best fest ever!


OPA!
Related Posts with Thumbnails