Eg las det koslege brevet, og smilte breidt då eg var ferdig. Storesyster stod med ei rosa pakke i hendene som ho så gjere ville opna, og det fekk ho. Inni pakka låg det nemleg to par nydelege pulshanskar til to små prinsesser. Avsendar? Jau, det var Gamleheksa, som me møtte på Biri for ganske nøyaktig to veker sidan.
Eg skjøna allereie då at ho ikkje var spesiellt heksete av seg, meir som den snille Pulverheksa (som forøvrig held til i dei same traktene). Den snille heksa hadde nemleg komme på at eg spanderte kaffi på både ho og mor mi, og syns det var for gale. Dessutan hadde ho ganske enkelt lyst til strikke noko til småjentene mine, og eg kan love at hanskane fall i smak! Storesyster hadde dei på seg i barnehagen på sjølvaste bursdagen sin, og dei kjem nok til å verte mykje brukt når me skal på sykkelturar og liknande utover hausten.
Kjære Gamleheksa - det var ei glede å få spandere kaffi på deg! Tusen hjarteleg takk for hanskane og kjempekosleg brev - det var ei stor og gledeleg overrasking!
Idag har storesyster bursdag, og dagen har gått med til førebuingar av barneselskap. Storesyster har vist seg frå ei uvanleg tålmodig og blid side, slik det høver seg ei prinsesse på 5 år. Det kjem nok eit eige bursdaginnlegg iløpet av dei næraste dagane - de får ha tòl med meg :)
God fredagskveld!
