Vel heime frå ferie hadde ho samla nytt mot, og etter berre ei lita stund med prøving klarte ho å knekke koden. Dagen etterpå var det prøving og feiling med oppstart, og den tredje dagen var det bremsing og stopp som stod på programmet. Og no syklar ho som ho aldri skulle gjort noko anna. Det stolte smilet og lyset i augene når ho kan fortelje dei ho treff at ho har lært seg å sykle på to hjul, er kva ein kan kalle ubetalelig.
I skrivande stund sitt me hjå svigers, og imorgon reiser eg og rosamannen frå våre søte små og legg turen austover. Saman med foreldra mine skal me på Mjøsmarknaden på Biri laurdag, og denne gongen prøver me det utan ungar. Det er svært begrensa kor lenge jenter på snart 2 og 5 år syns det er spanande med antikvitetar og snurrepiperier, og når dei i tillegg ikkje likar å køyre bil er me veldig glade for at sporty besteforeldre har teke på seg å passe propellane heile helga.Eg gler meg VELDIG til ein avslappande tur, og spennande loppefunn på Biri!!
God helg!
