fredag 24. juli 2009

Home SWEEEET home!



Etter 9 gode dagar på Sandsøy har no Rosafamilien funne vegen heimatt. Vegen gjekk sjølvsagt opp i lufta, og det var akurat like skummelt som sist for min del. Vel framme på Flesland starta leitinga etter bilnøkkelen som ikkje hadde vore i bruk sidan sist me var på dei trakter. Lang historie kort, etter 25 minuttar, der me leita igjennom (nesten) all baggasje 2 gonger, for så å ringe dei fastbuande på Sandsøy og be dei om å leite på soverommet "vårt", så opna Rosamannen toalettveska si. Og DER var dei, gitt!! Eg pusta letta ut, sjeleglad for at det ikkje var eg som hadde forlagt dei (for det kjennest alltid mykje verre, ikkje sant?)

Me kom heim i barne-tv-tid, og eg kjende noko merkeleg innta kropp og sjel. Eg har høyrt om det før, og eg fann ut at det måtte vere det dei kallar arbeidslyst! Eg sette straks igang med å hente fram skitne klede frå alle sekkar og koffertar, og det vart ein heil haug på badet! Då klesvasken var igang gjekk vegen til kjøkkenet, der eg fekk vaska flekkar av skap og skuffer utvendig. Slikt som eg har tenkt på lenge, men som berre ikkje har blitt noko av. No vart det!

Og idag har me sett igang med eit nytt prosjekt i huset. Neidå, dei 14 andre påbegynte prosjekta er ikkje ferdige, men dette er av ein nokså nødvendig art. Då gjer det sjølvsagt ikkje noko at det er knakande kjekt i tillegg. Iallefall syns eg det - eg trur kanskje rosamannen er litt meir måtehalden. Meir om det kjem seinare....


Bileta idag er noko eg knipsa medan me venta på båten før heimreise. Bortsett frå det øverste, som er eit obligatorisk midnatssol-bilete frå Sandsøy. Ikveld nyt me å vere i eige hus, utan å ta hensyn til andre enn oss sjølve. Det er det som er så fint: Ein kan reise vekk og ha ein nydeleg ferie, og når ein kjem heim att så ser ein kor godt ein har det med berre å vere heime.

God fredagskveld!!

måndag 20. juli 2009

På jakt etter storsei

Rosamannen har feriert her på Sandsøy sidan han var liten gut. Fleire veker kvar sommar budde han og resten av familien hjå besteforeldra i det huset eg no sitt i.

Noko av det som sitt som klistra i minnet hans frå sommarferiane er fisketurar på havet, med stortorsken som det ultimate mål. Fyrste gongen eg var med fekk han nettopp ein slik - ein rugg på 15 kg! Dei seinare år har eit av syskenborna her oppe investert i ein 29 fots båt, som han brukar til både fiske og feriering. På denne båten har han ekkolodd for å lokalisere fisk, og motorisert hjukse som slepper ut og dreg opp sjølv, og som både blinkar og pip når ein "stakkar" har bite på ein av dei 10 krokane. Me amatørar syns det var like kjekt å gjere ting på gamlemåten, med fiskestang og manuell hjukse. Rosamannen gliste frå øyra til øyra då han på rappen fekk to torskar på 3 og 4 kg på stanga igår kveld!

(klikk på bileta, så vert dei større)
Storesyster hadde gleda seg til båt- og fisketur, men skulle eigentleg berre vere med på ein liten tur før me vaksne la ut på langtur. Men, det viste seg at jenta stortreivst i båten!! Når me gjekk mot bølgene trilla latteren, og når fisken begynte å bita på for alvor steig adrenalinet i takt med antal fisk. Plutseleg hadde mange timar gått, og me hadde over 20 storsei på 6-10 kg i fiskekassen! Sidan me var i båt med ein erfaren fiskar vart sløying og tilogmed filetering gjort i båten på veg heimover, medan rosamannen og storesyster stod ved roret. Det ferdige resultatet: 30 kg seifilet av beste kvalitet! Måsen var òg storleg nøgd med resultatet vårt, der dei frotsa i invollar og fiskeskinn.


Det vart ein fantastisk vakker kveld på havet, der vind og bylgjer stilna litt etterkvart. Men alle gode ting må ta slutt, og når klokka nærma seg 22 var det ikkje meir krefter att i kroppen til ei jente som snart blir 5 år. (Til då var ho så tålmodig som me knapt nokon gong har sett ho. Om ho vart litt kald eller lei gjekk ho innomhus i båten, og sat med teiknebok og fargeblyantar med Michael Jackson på radioen.>Rett og slett imponerande!) Me sette kursen heimover, og då var det godt å sitte på fanget og slappe av og samle krefter til kveldens siste post: Det obligatoriske fiskemåltidet ved heimkomst. Dette er ein tradisjon eg aldri hadde vore borti før eg var på Sandsøy fyrste gongen, men her er det heilt vanleg at folket ventar oppe til fiskarane er inne, før ein kokar mølje til heile familien. Mølje er kokt fersk fisk og fiskelever, saman med nykokte poteter, smør og flatbrød. Sjølv Rosamannen, som ellers ikkje likar fisk, syns dette måltidet er ei kulinarisk nyting!


Det var berre såvidt, men storesyster på snart 5 år klarte å halda seg vaken til mølje-måltidet ved midnatt, og sovna idet hovudet traff puta litt over halv eitt i natt. Ikkje eingong då vetlesyster klatra på ho klokka 8 idag tidleg vakna ho frå dvalen. Naturleg nok har ho vore ein smule trøytt i heile dag, men eg trur det var vel verdt opplevinga av ein 6 timars fisketur etter storsei.
Related Posts with Thumbnails