laurdag 18. juli 2009

"Som varmt hvetebrød"

..eller skal me heller sei varme kveitebollar?`

Sidan den nordnorske sommaren har vist seg frå ei mindre sjarmerande side dei siste dagane har me gått litt i ring i det vesle bestemorshuset.

Igår tok fann eg og storesyster ut at noko måtte skje. Dette "noko" vart til ein dobbel deig kveitebollar.

Ho syns det er kjempekjekt å vere med på bakinga, og gleda seg voldsomt til å kunne dele dei eigenproduserte bollane med sine nye leikekameratar her nord.

32 nysteikte kveitebollar fekk verkeleg bein å gå på når 7 vaksne og 2 småjenter samla seg rundt bordet. Dei var kjempegode!

Etterpå tok snuppa med seg bollar til venene sine i nabohuset, og når alle var mette i begge hus låg det tre små bollar att på kjøkkendisken.


Ein kan vel trygt sei at dei gjekk unna som varmt "hvetebrød", og i tillegg hadde me fått brukt nokre timar til noko kjekt og tilnærma nyttigt.
yr.no lovar godt vèr for morgondagen, og eg kryssar fingrane dobbelt!
God sundag!

fredag 17. juli 2009

Meir bilder frå Sandsøy

Sandsøy i 12 grader og nordavind er ikkje heilt det same som Sandsøy i 19 grader og sol. Når ungane i tillegg ikkje er i form har det vorte eit par litt lange dagar innomhus. Idag sler me litt tid ihel med bollebaking (det kan jo verte eit innlegg seinare i veka..). Istadenfor å visa bilder av skyer og vind slenger eg på nokre fleire bilder frå den fyrste kvelden, då me kom opp hit. Heldigvis var eg svært ivrig med kameraet på rundturen vår då.

Sjå berre kor fint her KAN vere!









tysdag 14. juli 2009

Me har floge til Paradis!

Nei, det er ikkje verken feberfantasiar eller hallusinasjonar. Det føles som me har komme til Paradis idag. Vegen dit starta så smerteleg tidleg som kl 5 idag, då Alexander Rybak vekte oss på mobilen. Ein halv time seinare var me i bilen, og klokka 07.25 gjekk flyet frå Flesland til Gardermoen. Eg hadde nesten gløymt kor redd eg er for å fly, men kom på det igjen då eg såg skyene over Flesland og tenkte på turbulensen som kanskje ville fylgja med det.

Trass min skepsis oppførte jentene våre seg eksemplarisk på flyet både til Oslo og Evenes (eg hadde forventa sirkus frå start til mål, men dei tok det etter forholda roleg på fyrste runde, og då me skulle nordover sovna vetlesyster før me tok av, og vakna ikkje igjen før me skulle lande der nord. Perfekt!) Då var det verre med mor. Som sagt er eg redd for å fly, og no er det ei stund sidan sist. Å ta av syns eg er frykteleg - å lande endå verre. Det er så mange bevegelsar og lydar som eg ikkje har kontroll over! Og kvar gong flyet legg seg litt sidelengs for å svinge, så knip eg Rosamannen i handa så knokane kvitnar på oss begge. Idag tok panikken meg faktisk i det flyvertinna kom og leverte redningsvest til vetlesyster, som sat på fanget og måtte ha ekstra. Kanskje er det dei siste flyulykkene i diverse havområde i verda som satte meg ut? Ikkje veit eg, men det vart eit par omgangar med snørr og tårer (godt gøymd inn mot Rosamannen, som veit kor dum eg er) før me nådde Evenes. Deifrå var det berre ein strabasiøs busstur og ein litt kjekkare båttur før me var framme ved det endelege målet: Sandsøy.

Det kjennes mest utruleg at me har reist så langt og lenge idag frå Bergen til Harstad, og på dei få timane me har vore her har sjelefreden senka seg over Rosafamilien. Me har lagt vekk ventesyke og reisestress, og funne fram senka skuldrar og laus latter. Livet er rett og slett heilt fantastisk når me får vere her oppe i desse omgjevnadane der sola skin heile døgnet, og ikkje ei sky er i sikte. Eg seier ikkje meir om det no - bileta skal få tale for seg sjølv. No skal me ut på kaien og prøve fiskelukka - god kveld frå Paradis!












Eit ekte ferieparadis




søndag 12. juli 2009

Ferie

Mange har starta på ferien for lenge sidan, men no er turen endeleg komen til Rosafamilien! Eg og jentene hadde siste dag i jobb/barnehage på torsdag, medan Rosamannen har tjuvstarta litt og vore heime nokre dagar allereie. Ferie til trass, blogging har det vorte lite med..


Me har brukt dei fyrste feriedagane godt, vil eg sei. Både besøk til ei veninne som er heime på ferie frå hovudstaden og grillfest har me rokke på. Ja, storesyster kalla det for grillfest då me vart invitert til svigerinne og bror på grilling, og eg syns det var med rette. Det var nemleg ein fest både for auga og ganen å koma dit igår kveld!


Idag har eg prøvd å få rydda litt i heimen, og begynt å pakka til årets ferietur. Imorgon reiser me frå huset vårt, og skal overnatte i det tomme svigers-huset før me tysdag morgon legg vegen mot Flesland - Gardermoen - Evenes. Dei neste 9 dagane skal me nemleg tilbringe på Sandsøy utanfor Harstad.


Det er fantastisk å koma dit, og eg anbefalar alle som ikkje har vore nordover i landet vårt til å leggja fyrste og beste ferie dit! Sjølv har eg vore der eit par gonger no med min kjære som har morsslekta si på denne øya.


Me håpar på godt vèr og midnattssol, fisketurar, og det aller viktigaste: å helsa på ein bestefar/oldefar som er heile 99 år!!
Laptop og kamera skal sjølvsagt vere med på turen, så eg reknar med det vert både eitt og to reisebrev frå høga nord.
God sommar-/ferieveke i vente!
Related Posts with Thumbnails