Det var i vår ein gong, då eg og mammo mi var på ekspedisjon til Stoff & Stil, at eg kjøpte eit stoff med grønt sommarleg mønster. Saman med det kjøpte eg eit sy-mønster merka "EASY". Resultatet av dei to komponentane, blanda med litt eigne tolkningar og nokre timar på arbeisommet ser du her:

Eit sommarskjørt i størrelse 6 år, som eldstesnuppa nok kan bruke både denne, neste, og kanskje endå ein sommar - om det varar så lenge, då. Det skulle eigentleg syast med elastisk tråd og 3 breidder strikk i toppen, men sidan eg og symaskina endå har eit gryande forhold og endå oppdagar nye sider ved kvarandre, valde eg å ikkje øydeleggje det med slike halsbrekkande forsøk. Mi løysing var derfor den trygge og gode "sy ein løpegang og tre strikken inni etterpå"-vrien.
.JPG)
Det siste prosjektet, som vart ferdig igår kveld, er sengesett og to ekstra puter til ei ekte prinsesse. Som seg høver sydde eg ein liten blondekant i skøyten mellom dei to stoffa i dynetrekket.
.JPG)
Stoffa er altså eit prinsessestoff og eit offwhite stoff med trykk av roser. Ein riktig søt kombinasjon, syns eg.
.JPG)
Dei to ekstra putene vart ei av kvart stoff, og prinsessa som skulle ta det ibruk ikveld var supernøgd med resultatet. Og - det ser endåtil ut som eg har nok stoff til å sy eit likt sett til vetlesyster! Då skal eg prøva å få saumane endå litt beinare, og spretta oppatt ein gong mindre.....

No veit eg ikkje heilt kva prosjekt eg skal leggje ut på. Skuffa med skjørt og kjolar er full, kassa med sengkle likeså. Om nokon har tips til ting som ikkje er så kompliserte å sy, men som likevel kan ha ein viss nytte- og/eller glede-effekt, så rop ut!