torsdag 2. juli 2009

Karstykkje og klestørk

Noko av det fyrste eg ynskte meg då me kom i eige hus for 3 1/2 år sidan, var skikkeleg klessnor. Med to små i hus vert det mykje klesvask (ja, for dei grisar sjølvsagt ikkje berre på sine eigne kle, men på våre òg)

I plenen på "bortsida" av huset oppdaga me (med god hjelp frå grasklypparen) at det stakk opp eit jernrøyr som garantert hadde vore botnen av eit klesstativ ein gong i tida.

Problemet var berre at vanskelege fru Rosa ikkje var nøgd med plasseringa. Der jernrøyret stod er det verken sol eller vind, og det ville jo ta ei halv æve før kleda vart turre - meinte ho. Men om ein kunne få klesstativ to meter lenger opp i brattebakken, DÅ ville alt verte så mykje betre.


Den snille Rosamannen har tenkt på saka ei stund, og igår tok han fatt på arbeidet.(han har ikkje brukt alle 3 åra på å tenkje på det, for iløpet av denne tida har eg sikkert ombestemt meg 14 gonger på kor eg ville ha klestørken min. Det skulle ikkje vere midt i hagen, ikkje rett framfor platningen. Ikkje ved elva og ikkje for nære vegen - kravstor????? ), Han grov opp "ilesteinen", ein klump av stein og betong som var ein halvmeter i diameter og ca 70 cm høg. Det seier seg sjølv at klumpen var tung!


Etter ei stund innsåg han at litt hjelp kunne vere fint. Eg brukte superkreftene mine (les: mi eiga vekt) på vektstanga han hadde sett under steinen, og fekk vippa den opp or hòlet. Plutseleg kom det to familiemedlemer til som hadde ledige hender, og med deira hjelp, Rosamannens rå muskelkraft og ein god porsjon staheit, så kom ilesteinen dit han skulle.


Nesten heile dagen idag har min eigen handyman brukt på å mikse og trikse for å lage ein påle som han kunne tre tørkestativet ned på, og no ikveld kunne eg for fyrste gong late vingestativet stå tomt på plenen, medan klesvasken vart hengd opp på mitt nye store turkestativ.
Det gjer meg kanskje ikkje til ei betre husmor, men no har eg iallefall ein ting mindre å skulde på når haugen med skittenkle på badet er for stor.
Tusen takk, handyman - og god kveld til alle der ute!

tysdag 30. juni 2009

Ei vidunderleg helg!

Ikkje-aktiviteten i bloggverda til trass - me er heime att etter jenteturen til hovudstaden.

Det vart ei aldeles nydeleg helg på alle måtar! Me hadde det beste sommarvèret ein kan drøyma om på heile turen, og det skapte perfekte rammer for overnatting i lavvo, tur på stranda, og jenteprat langt inn i sommarnatta.

Dei fire småjentene fann tonen med det samme, og gjekk til vår store glede svært godt ilag. Sjølvsagt vert det ei og anna konflikt iløpet av ei heil helg, men ikkje meir enn at storesyster var svært betutta i saknet over sine nye vener, då me stod på Gardermoen og venta på toget som skulle ta oss fyrste etappet heimatt. Dei store jentene klarte seg utan konfliktane, og hadde det knallkosleg heile helga. Å møte dei eg ikkje hadde snakka med "live" før var akurat så kosleg som eg håpa og forventa, og praten gjekk til langt på natt.

Dei små jentene haldt òg ut til langt på kveld, med ivrig planlegging av skattejakt i tussmørkret. Skuffelsen over ikkje å ha vakna midt på natta for å ta ein hemmeleg utflukt vart bøtt på med ein aldri så liten før-frokost-picnic på plenen, med chips frå kvelden før.
Heimturen vart hakket meir spanande enn me hadde tenkt, då NSB viste fram både gode og dårlege sider på ein gong. Eg hadde berekna ein god halvtime til å bytte perrong på Oslo S - det burde jo vere rikeleg. Men når toget frå Gardermoen til Oslo var akurat den halvtimen forsinka vart me så smått urolege. Heldigvis viste personalet såpass service at dei kalla opp togføraren på Bergensekspressen, og fekk det andre toget til å vente på oss og andre som skulle vestover. Resten av turen gjekk som ein draum, då storesyster med det samme fann seg ei reiseveninne frå Bergen. Godt var det, for NSB Familie - der me hadde plass - var noko av ein skuffelse. Me såg for oss eit leikerom med noko å gjere for små utålmodige togpassasjerar. Det NSB kunne tilby var ein eigen bitteliten kupè med små møblar og ein DVD-spelar. Fordelen var vel at det er fleire småbarnsfamliliar som bestiller plass her, slik at sjangsen for reiseselskap aukar.
No er det to veker til me skal ha ferie, og det gler me oss til. Imellomtida er det stille dagar på jobb, der dei fleste andre er gått ut i ferie. Det betyr litt meir telefonar og "kunde"-besøk for meg, men likevel meir tid til å jobbe utan avbrot. Ja, om ein klarar å samle tankane om arbeid då, med sommartemperaturar opp mot 30 grader.
Det vart litt shopping på turen vår òg, men det får komma i neste innlegg.
God siste juni-kveld, og tusen takk for at akurat du legg att ein kommentar hjå meg !! :)
Related Posts with Thumbnails