torsdag 25. juni 2009

Ei heilt spesiell barselgruppe

I romjula 2003 fann eg ut at eg var gravid for fyrste gong. Ilag med dei mange glade tankane kom minst like mange spørsmål, og behovet for å finne informasjon meldte seg straks. På mi leiting etter info havna eg på eit internettforum for vordande mødre (og eit par modige vordande fedre). Her var det ein terminklubb for kvar månad i året, der ein fann medsøstre som var i akurat samme stadie i svangerskapet som ein sjølv. Her var alt frå dei pur unge fyrstegongsfødande, til godt voksne damer som venta både tredje og fjerdemann. Gjennom dei månadane svangerskapet varte vart me godt kjende. Me delte sorger, gleder og bekymringar. Ikkje berre i svangerskapet, men i livet generellt.

Når augustborna våre hadde komme til verda fylgdest dei fleste over til eit anna form – eit for nybakte mødre (ja, det finst eit forum for alt der ute). Sorgene, gledene og bekymringane var så absolutt til stades når dei store magane var erstatta med små babyar. Nokon fekk livet snudd på hovudet då barnet dei fekk i armane viste seg å ha livstrugande sjukdom eller heilt særskilde behov. Andre opplevde at samlivet med maken ikkje lenger fungerte, og vart åleine med sine små. Alt dette var med på å styrkje samhaldet og sette ting i perspektiv for oss alle. På forumet kunne diskusjonane gå så busta fauk, medan den som trengte eit klapp på skuldra, eit spark i riktig retning eller eit trøstande ord – ho fekk det. Mødrene var spreidd over det ganske land, men eit par av dei budde såpass nære at me begynte å treffast i ny og ne. Dei små babyane vart større, og det vart òg venskapet oss mødrene imellom. Etterkvart som ungane våre vart bevisste på andre ungar vaks det fram venskap også dei imellom. Venskapa oss vaksne imellom vert hovudsakleg pleia på nettet, og no er det så alt for lenge sidan våre små har fått treffa kvarandre. Likevel hender det rett som det er at me snakkar om dei to småjentene som storesyster har vorte kjend med i dette "systemet".

No er august-ungane våre snart 5 år, og denne helga er eg og storesyster i hovudstaden for å møte fleire av dei damene og ungane me har vorte kjend med via eit forum på internett. Mange av damene har eg møtt før, men eit par av dei skal eg for første gong prate med ansikt til ansikt. Og likevel – eg føler eg kjenner dei godt. Så vert det spennande å sjå om 5-åringane våre finn tonen i leiken, slik at mødrene kan skravle om laust og fast. Det er meldt strålande vèr, og det er me særs nøgd med, sidan nettene skal tilbringast i telt i hagen til ei av damene. Den natta som no ligg over byen tilbringer me hjå mi gode veninne som alltid har både husrom og hjarterom. Heilt glimrande med eit påskudd til å besøkje ho òg.


Imorgon skal me ta ein liten runde i sentrum (ja, den vert liten med ei jente som ikkje kan fordra butikkar!), før me et lunch med veninna mi og snur nasen mot hagen der ein gjeng damer og ungar skal tilbringe helga saman. Me gler oss!


God helg!

tysdag 23. juni 2009

Tradisjonell jonsokfeiring

Det har vore ein strålande ettermiddag og kveld, med stigande temperatur og skinande sol. Som seg høver på ei jonsokaftan var det bryllaup i bygda, der eit ungt par som akurat har fullført sitt fyrste skuleår var kledd som brur og brudgom.


(den skjønne buketten til jonsokbrura) Eg hugsar då eg sjølv var brur, og gifta meg med naboguten som var året eldre. Me var faste leikekameratar, noko som òg kunne bety at me krangla så busta fauk. Dagen før giftarmålet hadde me hatt ein slik krangel, som enda med at eg hadde tydelege bitemerker i skuldra. Eg hugsar enno at eg sprang grinande til mor som var på slåtteteigen. Då eg var brur var det eit litt større opplegg enn det som vert arrangert no. Eg minnast at ei av dei som no er mine svigerinner hadde rolla som brura si mor i jonsokbryllaupet. Mange år seinare fekk eg eit bilete av meg og henne, med stort alvor for oppgåva.

Litt artigt å minnast, og eg syns det er både viktig og flott at slike tradisjonar vert ført vidare til nye generasjonar. Årets brur har så langt og vakkert hår at ho kunne minna om sjølvaste huldra der ho gjekk. Ikkje så reint lite stolt var ho då ho og brudgommen stillte til fotografering framfor resten av bygda. Han såg ut som så mange brudgomar har gjort før han; utan å heilt vita kvar han skulle plassera hendene, og med eit visst ynskje om å synka ned i bakken.


Dette året vart det òg bål slik tradisjonen seier. Ifjor var vèret såpass dårlegt at dei ikkje fekk fyr på bålet før fleire dagar seinare, men ikveld brann det lystelegt medan bygdafolket stod litt rundt omkring og slo av ein prat. I ei bygd som no ikkje har veldig mange møtestader att er det kjempeviktig med slike små og store arrangement. All æra til kvinne- og familielaget som årvisst skipar til jonsokfeiring for oss andre!
Eg håpar de der ute har hatt ei fin feiring, utan bålglør på villspor.


Perfekt midtsommarskveld


På platningen med handarbeid og eit glas raudvin i nydeleg temperatur. Herleg!

søndag 21. juni 2009

Ny sundag - nye moglegheiter

Me har hatt ein nydeleg sommarsundag her vest, med sol og fin temperatur. Storesyster vakna halv sju og formeleg hoppa ut av senga i glede og forventning over at ei ny veninne skulle komma på besøk idag. Planen var at ho skulle koma i føremiddag, men då det viste seg at ho måtte komma heim frå eit anna besøk fyrst vart ventetida med eitt drastisk forlenga. Venting er ikkje vår sterkaste side, her i rosaheimen. Tidt og ofte får me det me kallar "ventesyken". Storesyster er nok hardast ramma, men både rosamannen og eg kan kjenne snev av den i ny og ne. Den er kjenneteikna av sterk rastløyse, og det kan vere retteleg plagsomt når det trekkjer ut i langdrag. Som idag.

Difor var gleda stor då naboen vår stoppa og lurte på om me ville vera med på ein sundagstur til Voss for å kjøpa is. No ikveld har det vore opningsshow i Ekstremsportveko på Voss, og då me var der oppe tidlegare idag var det førebuingar på alle kantar, og masse paraglider'ar i lufta over sentrum. Naboane har ei jente som er halvåret eldre enn vår minste rakett, og desse to jentene trur eg kjem til å verte som Tuppen & Lillemor når dei til hausten kjem i samme barnehage.


På den nye leikeplassen ved Tinghuset fekk både storesyster og vetlesyster utfalda seg, og som du ser av bileta var det kjekt!
I ettermiddag kom omsider det etterlengta besøket til storesyster, og eg trur dei to jentene hadde det kjekt ilag. Iallefall heilt til den nye veninna fekk litt for stor fart på sparkesykkelen og tryna skikkeleg i asfalten. Eg ser det enno for meg, og har frykteleg dårleg samvet for ikkje å ha passa betre på ho. Det vart nokre skrammer i ansiktet og på knea, men ikkje noko alvorleg heldigvis. Ikkje verre enn at storesyster er invitert til gjenvisitt hjå jenta imorgon etter barnehagetid. Så får me berre håpa at dei to jentene finn tonen vidare, slik at besøket vert vellukka. Som den hønemor eg er kjem eg nok til å gå litt på nåler...
Imorgon startar dessutan ei ny veke, og yr.no lovar sol, sol og litt meir sol. Eg trur det vert ei fin veke, og saman med storjenta mi har eg nedteljing til torsdag. Då skal me nemleg på tur! Meir om det kjem i eit anna innlegg.
God veke i vente!
Related Posts with Thumbnails