Det var nesten ikkje mogleg å høyra kva sidemannen, eller i dette tilfellet; sidekvinna, sa fordi 557 damer tilsaman skravlar ganske høgt. Dei kom i alle aldrar, fasongar og typar. Det var dei 40-50 år gamle sjølvstendig næringsdrivande med "moden bevisst kvinne" skrive over heile seg. Det var dei (forholdsvis) unge fremadstormande kvinnene som ville få tips til korleis dei skulle gjere livet sitt endå meir perfekt, og det var mange heilt vanlege damer i heilt vanlege jobbar, som i større eller mindre grad ynskte å få litt påfyll i kvardangen som yrkeskvinne og mor, karrierejeger og oppofrande hustru, for ikkje å snakke om den perfekte husmor!
Jau, du ser riktig - Trond Espen Seim stod òg på scena. Akurat kva han sa er eg ikkje heilt sikker på (uvisst av kva årsaker ;) ), men det handla noko om å ikkje overkjøre andre - å bruke kommunikasjon og innspel frå andre til å verte betre sjølv? Seim var kanskje den som passa minst inn i settinga idag, men det skadar jo aldri å ha noko vent å kvile augene på!? Når Jo Nesbø og Lars Jones så entra scena mot slutten av dagen var det som balsam for øyrene og sjela, og ei god motvekt mot dei fleire hundre skarpe damestemmene som ellers hadde runga i salen.
Ein god dag, som vart avslutta på indisk restaurant for meg og mine. Ikveld er eg åleine i heimen, og når eg no har fått publisert dagens inntrykk skal eg prøva å gjera ein innsats som husmor. Eg har nemleg lova nyvaska hus til mine kjære kjem heim imorgon, og eg vil jo gjerne vere ei god mor og husmor? Vert eg ikkje ferdig med alt eg har sett meg som mål skal eg ta fram notata frå dagens foredrag med Mia Törnholm og sei til meg sjølv: Eg er god nok likevel!
God fredagskveld!