laurdag 6. juni 2009

Evangerlaurdag i junisol

Idag har me jentene brukt heile dagen på Evangerlaurdag i strålande varm junisol. Ein herleg dag! Med rosamannen bortreist på korpsfestival vart det ein smule travelt for mor sjølv, som skulle jobba litt dugnad i tillegg til å passe på dei søte små. Hedvig var tålmodig i vogna fyrste del av dagen, men då ho fyrst slapp laus hadde ho samla opp så mykje krefter at ho var borte for meg før eg hadde blunka. Eg hadde meir enn nok med å halda fylgje med den vesle raketten, samtidig som storesyster skulle ha sitt. Ho har gleda seg til denne dagen i ei veke no, og aller mest gleda ho seg til å få ri på "ein heilt ekte ponny"! Igår kveld låg ho 10 cm over madrassen i senga i rein skjer spenning og glede - eg trur ikkje eg veit nokon som kan å gle seg så mykje som den store jenta mi. Og sjølv om det kan tippe mot det slitsame av og til, så syns eg det er flott; Det er viktig å kjenne på den gleda, meinar eg!

Og dagen opprann altså med det vakraste junivèr som tenkjast kan, sjølv om varslane såg skumle ut tidlegare i veka. Det vart lang ventetid før jenta endeleg kom på hesteryggen, men ho stråla om kapp med sjølvaste sola når ho fyrst var komen dit! Det var etter at ho hadde fått måla seg som ein sommarfugl (som heldigvis var lett å vaske vekk denne gongen!)


Vel heime att (åh, kor godt det er å ha ein hage med eit begrensa område å halda oversikt over!) kosa dei små seg i sandkassa, medan mor kosa seg med ei medbrakt kake og halvlunken kaffi frå frokosten. Kaka er bakt av ei serbisk (trur eg) dame i bygda, og smakte aldeles fortreffeleg!
No ikveld sitt eg altså på platningen min, medan jentene søv søtt i huset. Eg har bearbeidd storesyster til å få lov å gå hit når dei søv, for det var for nokså nøyaktig eit år sidan att ho sprang rundt i huset og leitte etter meg med gråt og tenners gnissel, medan eg prøvekøyrde den då nye uteplassen. No håpar eg at me kan finna roen med at mor passar på sjølv om ho sitt utandørs :) Trådlaust nettverk er genialt, og med eit ullpledd om skuldrene går det fint å sitja her ei lita stund til.
Ynskjer medbloggarar og andre ein fortreffeleg laurdagskveld!

fredag 5. juni 2009

Lyst å reise til Praha i sommar? Sjekk dette!

Eg har vore i Praha ein gong, og kunne godt tenkje meg å reise tilbake!! Det er ein nydeleg by, med sine sjåverdigheiter, lune restaurantar og snodige snurrepipperier. Men så er det noko med små ungar og byferie som ikkje heilt går ihop. Difor kan eg antakeleg ikkje nytte meg av dette tilbodet, sjølv om Norwegian har nokså billige direkteruter frå Bergen

Men kanskje du kan??

(Og dersom du nyttar deg av tilbodet, så sei ifrå til utleigaren at det er hjå meg du har funne reklamen, for då er eg med i denne konkurransen ;) )

tysdag 2. juni 2009

Melkekvitt golv

Så var den arbeidssame helga over. Huset har fått heilkvit fasade, og me manglar berre strøk nr to rundt dei siste 2 vindaugene. Bilder av dette må venta til stillaset er borte, men bygdafolket stoppar og skryter, og me er særs godt nøgde sjølv òg. Innimellom maling, matlaging og jenter som i ny og ne ville ha litt kontakt med mor, rakk eg faktisk å beise ferdig golvet på uteplassen òg. Sundag kveld var eg der oppe frå 21 til 23.30 (då var det plutseleg mørkt), og måndag brukte eg omtrent like lang tid på resten - altså ca 5 timar tilsaman!

Det skulle jo helst verta nokonlunde jamnt (men nokre ujamnheiter er der sjølvsagt, som du ser på biletet). Noko av materialane har låge der i 2 år, utan behandling. Andre delar vart lagt i fjor sommar. Noko får mykje sol, noko får lite sol. Resultat; nokon stader forsvann beisen som dogg for sola - andre stader vart den liggande oppå og flyte. Men, ferdig vart eg altså til slutt.


Og sjølv om ein kan sjå kvar eg måtte gje meg om kvelden, og starte oppatt neste dag, så syns me det vart fint med det ljose golvet. Neste steg er å måle veggen og toppbordet på rekkverket kvit. (Eg orkar ikkje måle alle plankane i rekkverket, men håpar det held seg i nokre år likevel!)Ja - og så må me ha hjelp frå ein pappa med traktor og vinsj for å fjerne ei diger selje som står rett nedanfor platningen. Den står nemleg og slepper sine små håpefulle ut over golvet vårt ved kvart minste vindpust. Ikkje berre det, men då Rosamannen klatra oppi treet med øks for å hogge av nokre greiner fann me ut at halve treet er råte, og sannsynlegvis bustad for ein koloni enormt store stokkmaur (eller skogmaur). Æsj!


Då kvelden kom igår datt eg ihop som ein sekk, og orka såvidt å slepe meg til sengs. Eg gløymte endåtil å stille vekkerklokka etter fleire fridagar i strekk, men heldigvis (akurat idag, iallefall) så har eg ei vekkarklokke som ikkje let seg verken stille eller stoppe. Hedvig sørga for at me alle kom oss opp berre litt etter skjema.
Ikveld er det nordavind og regndråpar i lufta, så eg held meg innomhus med godt samvet. Eg må berre avslutte med å sei tusen tusen takk til svigers, som kom på dugnad 3 heile dagar i pinsehelga!! (Hedvig har spurt etter Mestemor fleire gonger idag - ho har vorte godt vant :) )

Related Posts with Thumbnails