Som sagt så gjort; Svigers hadde høve til å ta turen allereie igår, og dermed ordna Rosamannen seg fri. Stillaset kom opp på nokre timar, og så kunne me finna fram kostar, maling, og for Oda sin del - gamle utslitne regnkle. Ho ville sjølvsagt vere med på arbeidet, og haldt ut ei heil stund.
Då ho var ferdig hadde ho fått omtrent like mykje måling på hendene og kleda som på veggen, men ho var iallefall fornøyd med å ha fått bidra.
Med denne effektiviteten vart me ferdige med den største veggen idag, og ikveld har stillaset komme opp på nedsida av huset, der det ventar meir arbeid. Veggen på oppsida kjem me ikkje til å måle i denne omgang. Me er litt usikre på om kledninga må skiftast, om me skal flytta på dørar og vindauga osv, og det har ikkje nokon bråhast visuelt sett heller, for oppsida er det berre me (og eventuelle gjester på uteplassen) som ser.
Medan karane flytta stillas fekk eg (eller tok eg meg) forresten tid til å gå over uteplassen med terasserens. No står den der nyfjelga og fager, og ventar på eit strøk eller to av melkekvit flügger terassebeis. Leveggen der oppe har eg òg tenkt å måle, men det får eg kanskje venta med til huset har fått sitt...
Imorgon tek me fri, og legg turen til vener i Bergen - det tek seg ikkje så bra ut å stå med målearbeid 1. pinsedag, og litt tid skal ein jo òg ha til å berre nyta godvèret og ha det kjekt med ungane.
God pinse!
