fredag 22. mai 2009

Nytt forsøk på KID - nu gikk alt så meget bedre

For eit par veker sidan kom sommarkatalogen til Kid i posten, og som mange andre storma eg inn på nærmaste Kid-butikk full av forventning og med shoppe-foten klar. Eg vart syrgjeleg skuffa, men gav ikkje opp.

Ein dag denne veka tok eg turen innom Kid igjen, og der stod freistingane på rekkje og rad. Eg stod leeeenge og haldt på ei strandmadrass med rosemønster, men la den omsider tilbake igjen i korga si. Sitteputer med roser haldt òg på å verte med meg heim, men i siste liten klarte eg å overdøve "ta oss med"-ropa, og plasserte dei fint der dei høyrde heime - inntil vidare. Eg ser nemleg ikkje vekk ifrå at eg lyt sjå litt nærare på både madrass og puter. Dei fungerer jo sikkert ganske fint på platningen min, når me berre får tatt det skikkeleg i bruk.

Men sjølvsagt, nokon ting måtte få vera med heim - ellers ville jo kid-besøket ha vore heilt til inga nytte. Ei bladkorg sneik seg opp i posen, og bortsett frå at den er akurat i smalaste laget så er den veldig fin synst eg. Den har fått plass over "bardisken" vår på kjøkkenet, og rommar interiørblad, katalogar og fargekart.


Fire brikker med rosemønster måtte eg ha med. Dei var til halv pris (2 for 1), og då er det jo nesten gratis ;) Duken på bordet kjøpte eg òg. Den heiter Blonde, og er laga i plast. Eg er ikkje så glad i å vaske dukar, men mine småjenter har ei eiga evne til å spreie middagsmaten i god omkrets rundt middagsfatet, så enten må eg ha bordet tomt (slik det som oftast er), eller så passar det ypperleg med ein plastduk som ein kan turke av med ei våt fille. Hedvig synst òg at den nye duken var veldig fin. Spesiellt godt likte ho å stikke fingrane inn i hol-mønsteret, og dra duken til seg. Problemet var berre at små plasttrådar ikkje er spesiellt sterke, så iløpet av ein time hadde eg fått den fyrste rifta i den nye duken. Litt surt, sjølv om det ikkje er store og graverande skadar.





To blomsterkasser i pil vart det òg - dei har eg tenkt skal få hengja ute på det eine gjerdet i hagen, men foreløpig er dei blomelause og utan oppheng. Når ein ser hagen vår frå vegen er det nemleg litt "hardt", med stakitt i fleire etasjar. Eg vil prøva å mjuka dette opp litt ved hjelp av blomar.
Til sist kjøpte eg eit hjarta i ....zink? Syns det var veldig fint, og det kunne like godt ha kome frå ein interiørbutikk med den romantiske stilen, som frå "steikje fine gardiner". No prydar det veggen ved inngangsdøra, saman med blomane eg planta sist veke. Reint praktisk burde eg vel ha venta med å henga det opp, for antakelegvis er det ikkje så veldig lenge før me skal ferdigstille fjorårets prosjekt med å mala huset kvitt. På den andre sida - ein veit aldri kor lang tid det tar, og då kan ein jo likegodt pynte litt i mellomtida :)

Ei helg står for døra, og me håpar på godt vèr, blide ungar og utkvilte foreldre. Det er 3 ting på ein gong, det.....
God helg!

onsdag 20. mai 2009

Rosa goes green!

Del 1
For ei tid sidan fekk eg ein gammal kjøkkenbenk innatt på kjøkkenet mitt. I slike gamle kjøkkenbenkar skal det vere skuffepapir, og eg har surfa ein heil del for å finna noko som passa, og noko eg likte. Så langt som til å bestilla har eg aldri komme. Her ein dag i veka hadde mannen min teke seg ein tur innom Patina (med denne bloggen), og hans fyrste tanke var då "kva her har kona mi lyst på?" Er ikkje det ein fantastisk tanke??



Lang historie kort - han enda opp med hyllepapir. Og ikkje kva som helst, men eit friskt og grønt eit, som dufta av sitron og grapefrukt. Det var ikkje nok til å dekke dei fire store skap-hyllene, men dei tre skuffene har iallefall fått eit fint dekke. Eg har ikkje fyllt kjøkkenbenken med ting og tang, for planen er jo at den skal målast i samme slengen som me pussar opp stova. No anar det meg at det vert ei stund til, så eg trur kanskje eg lyt bruke den gode oppbevaringsplassen til noko i mellomtida....



Del 2
Den siste tida har eg fått leika meg litt med grafisk design på jobb. Design og design - eg syns det ordet er så stort og flott at det er vanskeleg å bruka.... Eg har iallefall fått utforma diverse trykksaker til Vossakyrkjemessa, som vert arrangert komande helg på Voss. Temaet i år er "Pilegrimen", og frå oppdragsgjevaren fekk eg tilsendt bilete av ei ny pilegrimsnål som er laga i høve årets jubileum for Vossakyrkjemessa, og temaet for den. Nemnda ynskte at nåla/merket skulle vera med på plakatar osv.

Min fyrste tanke var at i designet måtte det finnast ein veg. Pilegrimane er jo kjende for å vere på vandring, ikkje sant? Eg prøvde å teikna ein på frihand på dataskjermen, men den vart igrunn ikkje særleg fin. Difor måtte eg gjere som Ingrid Espelid - eg juksa litt. Ved hjelp av Photoshop fekk eg drege ut den vegen som allereie fanst i det nye "Krossamerket", og la den som bakgrunn og gjennomgangstema for heile designet. Det grøne er sjølvsagt grøne enger langs pilegrimsvegen. Det heile er enkelt, men forhåpentlegvis effektfullt.

Etter 30 timars arbeid med plakatar, brosjyrer og diverse program, vart eg idag ferdig. Som belønning (jau, eg får mi vanlege løn i tillegg) har eg fått gratis billett til ein konsert i Vangskyrkja fredag kveld, og den aktar eg å nytta meg av. Eg har invitert mor mi med til å vera litt "høgkulturell" saman med meg, og så får me tru at Rosamannen held stand i heimen med dei søte små.
Vossakyrkjemessa har eit ganske interessant program, så eg anbefalar dei som har høve til å ta turen på eit eller fleire arrangement.
God langhelg!

søndag 17. mai 2009

17. mai with a twist



Tillukka med dagen, kjære bloggvener! Håpar alle har hatt ein god nasjonaldag! Etter NRK sine rapportar å døme har det meste av landet hatt godt 17.mai-vèr idag, og det er alltid kjekt. Det er så mykje kjekkare å vera nasjonalromantisk når sola skin frå blå himmel mot bunadar, vårgrøne bakkar, strålande barneandlet og blide vaksne. Trass litt usikre varsel har me hatt ein strålande dag her vest. Det einaste å klaga på måtte vera vinden som til tider prøvde å ta med seg både flagg og bunadar til vers.
Me var litt usikre på kva dagen ville bringa, sidan Oda som før nevnt har vore sjuk. Dagen starta trått, med både ho og rosamannen i slett form. Dermed var det for mor å sele på finstasen åleine, og ta fatt på dagens speling. Midtvegs bytta eg med ein febervarm mann, og då eg kom heim sov Oda godt på sofaen. Den luren må ha gjort underverk, for då ho vakna og det var tid for å kle på bunaden var formen merkbart betre. Me fekk faktisk med oss både folketog med hurra-rop, og bygdasamling i grendahuset. Oda fekk vera med å syngja, og ho hadde endåtil krefter til å springa i potetløpet. Ho var så fin i Hausbunaden sin, og me fekk fleire kommentarar på at det var kjekt å sjå anna enn Vossabunad på dei små. Hedvig var òg nydeleg i sin matroskjole, som ho har fått brukt altor lite fram til no. Vel heime var mine 3 kjære i seng innan 3 kvarter (Rosamannen med feber, vond hals og tette kanalar), og eg har hatt heile kvelden for meg sjølv.
Mammo mi kom på døra med heimalaga potetsalat - noko av det aller aller beste eg veit - og om nokon sa eg var bortskjemt ville eg ikkje ha krangla, akurat ikveld. No har eg kost meg med den nydelege potetsalaten, jordbær og ein sup raudvin, og det er utan tvil leggetid. I den stille stova mi har eg sote og duppa med hovudet som ei anna bestemor (ikkje til forkleinelse for bestemødre, altså!), og imorgon er det faktisk mandag igjen! Ein litt anleis 17. mai enn me er vande med, men eg er utruleg glad for at Odamor orka ut av huset - det var igrunn verdt heile dagen



Med nokre bilder av blomebuketten eg fekk hjå pappen min, saman med 17. mai-maten min frå ikveld, seier eg takk for idag.
Hurra for 17. mai! :)
Related Posts with Thumbnails