laurdag 16. mai 2009

Alt klart? - ta med deg ein song på vegen!

Så er det ein ny "dagen før dagen". Dei siste dagane har mange av oss gjeve huset ein ekstra nøye omgang med vaskefilla, og strykejernet har bokstaveleg talt gått varmt hjå dei fleste. Barnehagar og skular har øvd på hurrarop og teikna plakatar, kanskje tilogmed førebudd litt underhaldning til lokale nasjonaldagsfeiringar?

Omtrent slik er det her i huset òg. Berre at det meste av dette har skjedd idag. Rosamannen har svinga svaberen i militær stil, så golva skin. Skjorter og forkle er strokne, og flagg, sløyfer og trompetar ligg klare til bruk. Eg har tilogmed henta inn litt bjørk og hegg som står og spreier vårlukt i stova.


Idag kom me heim frå svigers, der Oda har fått tilpassa bunaden som tantene har brukt før ho. Ho vert nydeleg! Det einaste som ikkje er klart, er jenta sjølv. Ho vart nemleg innhenta av omgangssjuka i natt, og har låge langflat på sofaen i heile dag. Feberen er på retur, så me er veldig spente på kva morgondagen bringer. Både eg og rosamannen skal i utgangspunktet spela ganske mykje, men om snuppa vår er ute av drift, så kan jo ikkje akurat tilbringda dagen åleine.

I vekesvis har ho gledd seg til barnehagen skal stå på scena i grendahuset, og mellom anna framføra "17.mai-songen".( Det er den me andre kallar "Ja, vi elsker".) Denne veka har dei laga sine eigne flagg, og rytmeinstrument med dagsaktuelle fargar. Kvar dag har me fått høyra både hurrarop og song, og ein dag klarte eg å fanga det heile med kompaktkameraet. Med det ynskjer eg alle ein strålande nasjonaldag, og kryssar fingrar for at me får det samme :)

video


Hipp Hipp Hipp!


(Og heia Alexander!)

torsdag 14. mai 2009

Retail-therapy funkar som ei kule!

Idag tok eg lunch-pausen på Felleskjøpet, som ligg ikkje så langt frå kontoret mitt. Eg såg nemleg ei dame med massar av blomar der tidleg i veka, men sjuk Hedvig på tirsdag, og kortmappe heime i ei jakkelomme igår har vore effektive stopparar for pengebruk fram til idag. Eigentleg skulle eg vel berre ha to blomar til å setja utom porten før helga, og så hadde eg høyrt om billege stemorsblomar.....


Men, innanfor porten vart eg som ein unge i godtebutikken. Eg klarte berre ikkje å bestemma meg! Folk kom og gjekk, medan eg gjekk og løfta opp og sette tilbake den eine blomen etter den andre. Til slutt måtte eg jo komma meg tilbake til den noko frustrerande produksjonen av trykksaker til eit stort arrangement på Voss neste helg. (Eg syns det er fantastisk kjekt å leika med trykksaker, men nokon gonger er "kunden" så vanskeleg at eg nesten tek meg sjølv i å sitja og spytta og fresa framfor PC'en.) På engelsk har dei eit uttrykk som heiter "retail therapy", og det passa bra idag. Retail betyr rett oversatt detaljhandel, og då er vel resten sjølvforklarande?
Som eit ledd i terapien tok eg altså med meg 4 staudar - to kvite og to av den du ser rett over her. Den hadde utruleg fine blomar! Felles for dei to typane er at dei breier seg i teppe, og vert 10-15 cm høge. Eg har tenkt at dei skal stå i denne lite dekorative skråninga, som liksom er sentrum i hagen vår. Her er eit par staudar allereie, men òg mykje stein og ugras.......

Til slutt røska eg med meg to søte små blomar med lange fingrar, som ville klara seg fint i veggpotter, ifylgje blomsterdama. Ho kunne òg gå god for at dei tålte det meste - sjølv om ho dreiv med blomar var det nemleg ikkje alltid ho klarte å passe på å vatne sine eigne......... jaja, ærligheit varar vel lengst, gjer det ikkje?

Dei passa iallefall fint på veggen hjå meg, og det kan godt hende eg testar hardførheita deira iløpet av våren og sommaren.
No sitt eg i stova med laptop på fanget og ser Grand Prix. (utruleg mange korte kjolar, tronge bukser og halvdårlege vokalistar i år òg, men så er jo den herlege Alexander Rybak der, då. *sukk* Og så sler det meg at det bles fælt i Russland ikveld - det blafrar så voldsomt i hår og kjolar at dei nesten fyk av scena!) I glaset har eg ein dråpe raudvin, og livet er igrunn ikkje så verst. Imorgon skal me til svigers i eit nødvendig ærend; Snille svigermor har redda oss med bunad til Oda, og storesnuppa er lukkeleg over å få heilt lik bunad som super-tante :)
Heilt på tampen - ta turen inn til Rod i hob, ho har konkurranse, og ellers ein veldig kosleg blogg som eg er innom så ofte eg kan!
Nyt kvelden!

tysdag 12. mai 2009

Heimedag, ein heilt vanleg tysdag

Etter ei helg der eg sjølv var litt ute av form er det ikkje anna å vente enn at andre i familien òg får noko. Då eg henta Hedvig i barnehagen igår fekk eg beskjed om at ho hadde hatt ganske mange bleieskift, og pga smittefaren godt kunne vere heime idag. Dermed hadde eg og ho ein heimedag der me faktisk kunne vere utomhus i sola. Den sure vinden gjorde at det ikkje var nokon særleg varme å snakka om, men fint var det likevel. Mens Hedvig sov fekk eg endeleg teke opp kampen med ugraset igjen, og det var sårt tiltrengt! Det er litt kjekt at det ser fint ut rundt huset no når den store hurra-dagen nærmar seg, og folketoget skal gå forbi oss.

Med middagskvilen unnagjort var Hedvig klar til innsats, og ho brukte ei heil stund på å flytte stein ifrå ei bøtte til ei anna - ikkje alltid så mykje som skal til for å underhalda ei lita snuppe.

Ritz-kjeks er alltid godt for den som har magetrøbbel, og som du ser på det lure gliset - når katten er borte dansar musa på bordet. Idet eg gjekk utom gjerdet for å ta bilde av blomsterbedet var denne vesle musa raskt på pletten i kjekspakken.

Imorgon satsar me på ein vanleg dag med jobb og barnehage igjen, og til min store overraskelse (eg visste jo om det, men hadde heilt gløymt!) skal mannen på Danmarkstur imorgon til fredag. Då hadde det vore fint om alle var friske og raske!

Ha ei god vår-natt!

søndag 10. mai 2009

Vene Sogn

Så var me tilbake i heimen etter ein todagars tur i Sogn. Alle ein smule trøytte, men me har hatt det kjekt, og det håpar og trur eg resten av gjengen og hadde. Sjølv vakna eg og var småurven igår - kvalm og uvel, med verk i kroppen. Likevel ikkje verre enn at me drog med oss "flyttelasset" og gjekk på bussen. Hedvig syns det var veldig spanande sidan ho fekk sitje på fremste benk, og hadde kjempegod oversikt!

Me tok eit stopp i Lærdal, der me etter å ha lært om Villaksen spaserte ein tur på gamle Lærdalsøyri. Det er utruleg flott med alle dei gamle trehusa på rekkje og rad!


I eindel av dei har det kome små butikkar; brukthandel, antikkforretning, platebutikk, frisør, kafè, pensjonat.... små nisjeforretningar som verkeleg passa inn i det nostalgiske miljøet.


Eg fall sjølvsagt for det rosa huset...

Gamle sjøbuer side om side med noko av nyare dato som speglar seg i vatnet.
Etter denne rundturen bar det til Vesterland i Kaupanger, som hadde stort leikeland og eit badebasseng å by på. Rosamannen fekk verkeleg ta seg ut med ungane, sidan mor sjølv eigna seg best til å sitje på ein stol og med eit godt tak rundt farris-flaska. Jentene hadde det superkjekt saman med større ungar i klatrestativ og hoppeslott, ballbinge og badebasseng. Då dei var kubbeklare kl 21.30 syns me det var heilt greitt, og dei var ikkje før sovna i senga, før eg kubba på sofaen. Idag vakna eg heldigvis til betre form!! (bank i bordet!)

Turen idag gjekk tilbake til Flåm, der me hadde bestemt oss for å spela ein liten konsert. Ja, for kva er vel musikklagstur utan konsert? Slagverket var sjølvsagt med, saman med instrument og ......notestativ. Eller? Neidå, det viste seg at alle trudde nokon andre hadde ordna med desse, og plutseleg hang heile konserten i ein tynn tråd. Det kom nokre små regndråpar, og det gjorde ikkje saken betre. Men så er ikkje verda så stor - me kjenner ei som spelar i korps i Flåm, og som tilfeldigvis var på jobb rett attmed der me skulle spela. Ho kjende han som hadde nøklar til øvingslokalet deira, og tilfeldigvis var han på vakt nede ved kaia, eit par hundre meter unna. Han hadde tilfeldigvis nøklane med seg, var tilfeldigvis ferdig med vakta 5 minuttar seinare, og me kunne få låna stativ. Akurat i det me hadde fått notestativ på plass kom sola, saman med ein buss glade japanarar! Dei stillte seg opp saman med oss i tur og orden for å verte fotograferte. Ikkje minst var dei lyshåra små jentene i fylgjet vårt populære og eksotiske for desse langvegsfarande turistane. Jentene sjølve syns det heile vart noko slitsamt i lengda :) Idèt den siste tonen frå laget forsvann mellom fjella starta det å regne att... Det var liksom meininga att me skulle spele konsert akurat der og då!


Dette siste biletet er av ei stor steinkule som stod og roterte på ei søyle med vatn. På kula ser ein verdskartet, og på bildet er Norge og den raude prikken som viser Flåm rett framfor Oda. Ganske stilig!!
Imorgon er det ny veke og nye moglegheiter, og yr.no lovar fint vèr heile veka!!
Related Posts with Thumbnails