fredag 8. mai 2009

Pakka og klar

(bilete av Kaupanger er henta på www.touristfoto.no)

Ikveld er det litt pakking som står på programmet i rosaheimen. Imorgon skal me nemleg på korpstur! Det er faktisk veldig lenge sidan musikklaget vårt har vore på overnattingstur, det skal jo noko til å få det til å passe for alle små og store, gjerne med familiar. Ein skal gjere noko som kan vere kjekt både for 8-åringen og 60-åringen, og helst noko som kan gjere oss litt meir samansveisa som gruppe. Om me klarar det står att å sjå, men imorgon legg me iallefall vegen mot Sogn. Me skal på Norsk Villakssenter, før vegen går til Vesterland. Me skal ha ungane med oss, og dei siste dagane har eg fortalt Oda litt om kva me skal gjera. Ho har fått sjå ein filmsnutt og bilder frå Vesterland, og det er vel heilt unødvendig å sei at ho gler seg? Det fyrste ho spør om idet ho sler opp augene er "kor mange dagar er det att no?". Eg syns det er kjekt at ungane får litt tid å gle seg på, sjølv om det er begrensa kor mange gongar for dagen det er spanande å slå opp på web-sidene til Vesterland :)


No får me berre håpa at turen står til forventningane for oss alle. Heldigvis skal me reisa med buss, for bilen vår som skulle på verkstad idag, vart ikkje ferdig. Sjølvsagt dukka det opp meir feil enn me visste om, og bildelar var ikkje å oppdrive før uti neste veke. Dermed lyt me på bygda og låne bil måndag og tysdag, men me satsar på at det skal gå bra. Å reise kollektivt på mi daglege rute ville kvalifisere til medalje for utholdenheit og pågangsmot!
Ha ei god natt, og ei god helg!

onsdag 6. mai 2009

Eg gleda meg til shopping på Kid idag..

Måndag låg det Kid-katalog i postkassa mi. Eit heilt lite blad med lekre saker i forkjellige stilartar. Eg bladde - og bladde ein gong til. Det var dukar, puter og tepper med dei vakraste sommar-roser, og auga vart stort og vått, medan kort-mappa låg og pulserte i lomma. Eg gav beskjed til Rosamannen at eg nok måtte dit ein tur, og som vanleg fekk eg hans godkjenning. (Eg er den heldige "eigar" av ein mann som sjeldan eller aldri protesterer når eg vil kjøpe noko. Kanskje det betyr at eg eigentleg ikkje shoppar så mykje? Eller at eg berre fortel han om brøkdelen? Eller at han rett og slett ikkje gidd bry seg....)


Etter jobb idag la eg vegen om vår næraste Kid-butikk, og med kortmappa i handa og forventning i blikket gjekk eg inn døra. - og vart så skuffa!! Der var bord med marin stemning, med sterke fargar og bling, og innimellom var det drypp av solgult, men ikkje ei einaste utstilling med roser og romantikk, eller nokre av dei fine korgene eg hadde sett i katalogen. Til slutt fann eg ei butikk-korg med fleecepledd der det stod "Kupp, 39,90", og oppi den var det mellom anna eit kvitt pledd med roser på. Hurra! tenkte eg, og tok det under armen. 4 blå brikker til kjøkkenet tok eg òg med meg, medan eg framleis leita etter alt det lekre eg hadde sett i katalogen heime. Innerst i butikken, framleis godt gøymde nedi pappkassane, såg eg glimt av nokre korger. Trass i at katalogen for lengst var havna ut i "de tusen hjem", så hadde altså ikkje damene klart å få varene på plass i butikken.


Litt småsnurt gjekk eg til kassa for å betale, og då vart humøret slett ikkje betre: Det fine teppet eg hadde funne var nemleg ikkje på tilbod - det hadde berre tilfeldigvis havna i samme korg som nokre andre tepper, og dei var på tilbod. Eg kunne sjølvsagt få kjøpe teppet til den originale prisen, 129,- men eg stod over. Utan ein einaste sommartekstil i posen reiste eg heimatt, men eg veit at eg lyt prøve att neste veke, i håp om at damene har fått ut både fingeren og varene. I mellomtida får eg drøyme meg vekk i katalogen.....

Ha ein god kveld, og tusen takk for koslege kommentarar!

(bileta idag er screenshots frå Kid si nettutgåve av den omtalte katalogen)

måndag 4. mai 2009

Blogge eller ikkje blogge..

Det er 12 dagar sidan sist innlegg i det rosa universet. Kva er det som skjer?? Kvar vart det av den ekstra energien våren skulle bringe med seg? Kveldane vert ljosare, dagane lengre, og alt som skjer er at ein vert trøytt og slapp og giddalaus? Når ungane er lagt, og det aller aller mest nødvendige er gjort i huset, då sig ein ned i ein stol, og det einaste som som duger er hekletøyet. Eg håpar sterkt at det er forbigåande, for det er ikkje særleg underhaldande!



Denne fyrste helga i mai har me hatt ein 20 m3 containar utanfor huset vårt. Det har vore planlagt i godt og vel eit halvt år, heilt sidan me skifta kledning ifjor haust. Men så kom vinteren og tok oss. Ikkje at vinteren hadde så mykje snø med seg, men...... Me gav oss sjølve deadline til 17. mai. Då går bygda sitt folketog forbi huset vårt, og sjølv om heile bygda sjølvsagt har sett dei skjemmande haugane med kledning og isolasjon i eit halvt år, så er det noko spesielt med nasjonaldagen. Med 2 veker att, og ei langhelg å ta av, så var det berre å hiva seg på telefonen til containerutleige-firma i distriktet. Containaren vart levert torsdag, og ekstra ryddemannskap fekk me òg med oss, både torsdag kveld og i helga. Det hjalp godt! Me fekk vekk alle haugane, tømt ein kjellar, og ein del i uthuset. Det som ligg att ute skal sagast opp til ved, og forhåpentlegvis gje litt varme neste vinter.

Containeren vart full, og endå er det igrunn meir å ta av i det rikhaldige uthuset. Det får verte ein annan gong. Eg ser ikkje vekk ifrå at me kjem til å trenge fleire containarar i oppussings-prosessen. Dvs. å kalle det prosess er kanskje å ta vel hardt i. Me har innsett at med våren er det utandørs oppgåver som krever det me oppdriv av tid og arbeidslyst, så innandørs prosjekt som gang og stove får nok fint vente til sola har snudd igjen. Om ikkje rosamannen skal ha ein sabla lang ferie då ;)



No håpar eg at eg skal få oppdatert meg i bloggverda igjen. Eg har knapt sett innom ein einaste blogg på 2 veker, og kjenner at eg saknar kontakten med kjekke og flinke bloggarar rundt om. Tankane om å ikkje skrive eit nytt innlegg har vorte lagt på hylla for denne gong. Det krevest overskudd til å blogge, men når ein fyrst finn det, så gjev det jo overskudd òg

God kveld, og god veke!

Related Posts with Thumbnails