Som seg hør og bør for ein bloggar kunne eg ikkje opna den før eg hadde fått teke bilde av innpakkinga - med silkeband og ein aldeles nydeleg tag med koslege ord på.
Eg syns kanskje pakken var litt tung til å skulle innehalde to mikrofiberklutar, og ganske riktig; inni pakken, ilag med dei to klutane låg det endå ei pakke!
...og den pakken var full av godsaker. Henriette skreiv nemleg at når ein har vore flink til å bruka mikrofiberklutane, så fortener ein litt belønning. Eg har berre ein ting å sei: MMMmmmmm!
Tusen takk, Henriette! Du veit kva ei husmor treng ;)
Den neste hyggjelege overraskinga var ein award frå Igi. Awardar kjem og går i bylgjer i blogglandia, og no var det lenge sidan sist. Denne fine awarden fekk eg altså:
Tusen takk, Igi!
Måndag kveld skreiv eg ein klage til Statens Vegvesen om skilt-saka me fekk svar på fyrst i april. Me kan ikkje gje oss i fyrste motbakke! Idag ringte Hr. Statens vegvesen til Rosamannen. Han hadde fått mailen min og ville koma på ny synfaring. Måndag morgon kjem han antekeleg hit igjen - denne gongen saman med ein høg herre frå politiet som har ansvar for vegar og fartsgrenser. Det vert spanande! Eg har fått streng beskjed frå Rosamannen om å leggje vekk piggane mine og la han stå for det meste av praten dersom eg skal vere med på synfaringa. Eg kan ikkje skjøna kva han meiner med det? Ingen ville vel finne på å tru at eg har førehandsdømt Hr. Statens Vegvesen? ;)