laurdag 18. april 2009

Bauekorps og andre korps

Idag har rosafamilien vore på tur. Mannen skulle vere med i ein korpskonkurranse på Askøy, og eg fann ut at det kunne passa fint med ein laurdagstur for oss jentene. Sjølv om mannen hadde gløymt buksa heime (jaudå, etter å ha tenkt igjennom tre gongar om alt var på plass klarte han faktisk det. Heldigvis har dei fleste korps svart bukse i uniforma si, så han fekk låne ei like før han gjekk på scena) gjekk spelinga fint, og no ikveld fekk han melding om at dei vann sin klasse + solistpris. Kjekt! Programmet bestod av fem låtar, og eg tok med meg jentene inn i salen med svært låge forventningar. Me pleier vanlegvis ikkje ha dei med på konsert, for ingen av dei er av den stillesitjande typen. Det, kombinert med at eg sjølv lett irriterar meg over urolege ungar på konsert, gjer at dei som oftast er att heime når me spelar. Men, idag ville eg altså gjere eit forsøk; Hedvig sat i vogna, og viste teikn til å vere lei allereie før korpset var komne på scena. Eg fann fram det eg hadde av bestikkelsar, og det hjalp til ein viss grad. Ho begynte heldigvis ikkje å skrika, men i pausane mellom låtane prøvde ho desperat å få kontakt med pappaen, som sat fremst på scenekanten. Folk i salen og på scena humra og lo for kvar gong ho ropte "pappa!", medan mor kraup i hop, og prøvde etter beste evne å hysje på den vesle jenta med den store stemma. Når låt nr 3 var ferdig tok eg ho med meg ut, medan folk humra endå meir enn før. Oda derimot, viste seg frå ei side me aldri før har sett. Ho var stille som ei mus, dansa litt på stolen, men sat fint heile konserten. Ho sat faktisk att i salen når eg gjekk ut med Hedvig, og høyrde resten av programmet åleine på fyrste benk. Når ein har vore så flink er det fire ting som gjeld - IS, og så springa, springa og springa! Då passar det fint med idrettsbane like ved.





Sidan det var laurdag, fint vèr, og me likevel var i området køyrde me like godt inn til Bergen sentrum. Me rusla litt i byn, kjøpte oss mat, og på veg tilbake til bilen høyrde me den umiskjennelege lyden av trommer. Det var ikkje tvil - bauekorpssesongen er igang! Dette med buekorps er snodige greier. Eit heilt korps med berre slagverkarar, samt ei maskulin utgåve av drilltroppen, med stiliserte utgåver av våpen istaden for drillstav. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta bilder av fenomenet, men då guten bakerst i slagverkgruppa drog opp eit posthorn, då måtte eg bla det fram likevel. Det tok litt lang tid å få kameraet klart (derav bakfrå-bildet), for eg måtte berre le av stakkaren med posthornet. Han fekk den høgst utakknemlege oppgåva å spele signal - heilt åleine - medan dei marsjerte. Og for å sei det sånn - det kunne like gjerne vore 18. mai istaden for 18. april. Eller kanskje ein skal vere glad for at nasjonaldagen ligg ein månad fram i tid?

No har me baska oss trøytt, og medan jentene søv godt i sengene sine, skal eg og mannen sjå litt film før me kryp til sengs. Imorgon er det ein ny dag med nye utfordringar. Kanskje vert det skogstur?

torsdag 16. april 2009

Polkadot-sko

Det er noko med damer og sko. Nokon damer samlar faktisk på sko, og eg har høyrt om dei som har eigne rom til galskapen. Både to- og tresifra antal par er, om ikkje vanleg, så iallefall mogleg. Nokon har kanskje eit par sko pr antrekk - kanskje tilogmed fleire? Berre så det er sagt - eg tenkjer ikkje ein vond tanke om desse damene. Det er berre det at eg aldri har skjønt det. Ein kan dra paralellen til menn og bilar; No er det sjølvsagt litt vanskelegare å samle på bilar, av naturlege årsaker. Men nokre menn lever og andar for bilar. Nokon skiftar bil oftare enn andre skiftar dekk. Andre menn (og kanskje flest damer?) ser på bilen som eit hjelpemiddel for å komma seg frå A til B. Enkelte preferansar har ein jo, men ikkje slik at all tankeverksemd spinn rundt dette temaet.
Omtrent slik er det med meg - både når det gjeld bilar, og når det gjeld sko. Det er noko eg må ha, og eg har ei viss formeining om korleis dei skal vere. Men, eg treng nok ikkje alle fingrane mine for å rekne etter kor mange par sko eg har. Eitt til vinterbruk, eitt til finstasen, heile TO par støvlettar som kan brukast i mange ulike høve....men inntil igår hadde eg ikkje eit fungerande par småsko til å bruka no som det er vår i lufta. Det var ingen veg utanom - eg måtte på sko-handel!
I Voss sentrum ligg det fleire skobutikkar som høyrer til i ulike kjeder. Eg var innom ein av dei, men dei få skoa eg faktisk likte låg altfor høgt i pris! Dermed havna eg der eg alltid gjer: på den vesle overfyllte skobutikken som står heilt på eigne bein (hihi). Der er nesten ikkje golvplass, og alle hyller bugnar av sko i eit einaste virrvarr. Trass dette finn eg alltid sko her, enten det er eg eller ungane som treng noko nytt (Mannen lyt faktisk kjøpe sine eigne sko!). Og det beste av alt er at dei ligg alltid ganske langt under dei andre butikkane i pris. Jaudå, av og til sler den økonomiske sansen inn, om enn i korte stunder ;)
Eg fann eit par eg likte, til ein ok pris, men i feil størrelse. Dama måtte ut på lageret for å sjå etter riktig størrelse, og plutseleg såg eg dei: Polkadot-skoa! Eg falt for dei med ein gong, og berre måtte prøva dei medan eg likevel stod der og venta. Dei sat som eit skudd! No i vår er det visst svart/kvitt som er moten, og eg følte meg riktig motebevisst der eg stod med svarte og kvite polkadot-sko. Eg innsåg straks at sjølv om dei var kule så er det ikkje sko som passar til kva som helst. Dermed tok eg ein Ole Brum: "Ja takk, begge deler", og følte meg ein augneblink som ei sko-dame. Og berre for å ha sagt det - sjølv med TO par sko i posen kom eg billegare ut av det enn om eg hadde kjøpt eit par sko på den fyrste butikken. SÅ kule syns eg dei nye skorne var, at dei måtte få eit heilt eige innlegg i bloggen.....
Imorgon er det fredag igjen, og me jentene har som vanleg fri. Dagen skal forhåpentlegvis nyttast i sol og varme, med innslag av ein ørliten tur for å hente dekk til bilen. Den måtte òg ha seg nye sommarsko :)

onsdag 15. april 2009

***trommevirvel***

Rosamannen har vore trekkesjef, eh nei - general (han har alltid hatt ein draum om å vere general, og sidan eg ikkje laga eit eige bursdagsinnlegg til han, så får han heller få den æra, då ;) )

.....and the winner is: Annika! Send meg adressa di på mail, så skal eg sende ei overrasking i posten ;)

Ikkje nok med det - eg har vunne sjølv òg. Hjå Henriette, med To hus tett i tett. No gler eg meg til å få boosta husmor-genet mitt med to gode mikrofiberklutar.

Etter ei roleg påskeveke skal det aller meste skje denne veka. Bursdagar, øvingar, skidag, småbarnstrim, og alt føregår i strålande herlegt vårvèr. Deilig!

Tudelu!

søndag 12. april 2009

Tja.. 300 innlegg er vel verdt ei feiring?

Eg har til no ikkje hatt feiringar av noko slag i bloggen min, så no syns eg det er på tide. Ifylgje mine berekningar skal dette vere innlegg nr 300 (dvs - iflg blogspot sine berekningar, eg har ikkje tald!)


Eg registrerer ganske ofte opp mot 100 besøkjande på ein dag, men det er ikkje så mange som legg att spor etter seg.

Det går med dette difor ut ei oppfordring til deg som er innom, med eller utan blogg, om å legga att eit spor (og gjerne fortsetje med det!), innan onsdag 15. april kl 23.59 ;)
Torsdag føretek eg trekkinga av ein foreløpig ukjend premie til ein heldig vinnar.




Idag har me vore i middagsbesøk hjå foreldra mine, og det er alltid kjekt å samlast alle saman. 10 syskjenborn frå 13 til 1 1/2 har hatt det kjekt ilag, og det er ei stor rikdom! Så får det heller tålast at Odamor vert såra og vonbroten når ho skjønar at alt det kjekke må ha ein ende. Det går heldigvis forholdsvis fort over.


Imorgon har me invitert foreldra våre på lunch, då rosamannen fyller 29 år på tysdag, men er bortreist på dagen. Dermed går store delar av føremiddagen med til å lage mat og rydde huset.
Nyt siste rest av påska!

(Bileta idag er frå nettbutikken hardwarestore.com, som mellom anna fører masse nydelege skuffe-/hyllepapir. Mogleg det vert litt netthandel på meg snart!)
Related Posts with Thumbnails