Sist veke hadde eg eit innlegg om ein gammal kjøpmannsdisk som me tok ut frå kjellaren. Rosamannen har sett litt på den, men det er desverre nokså store råteskadar i både rygg og rammer på den sida som har stått innerst i eit fuktig hjørna. Sidan Rosamannen idag har vore på jakt etter ein stablingsplass for ved, var han interessert i å få rydda litt plass i uthuset. Dermed kom den gamle kjøkkendisken på banen igjen.
Mor sjølv tok "metermålaren" og fann ut kor stor plass benken ville ta på kjøkkenet, og etter raske vurderingar vart det bestemt at kjøkkenbenken skulle få komma innatt i varmen. Og så skjer det merkverdige igjen; Som oftast er det TTT-regelen som gjeld her i huset (som så mange andre stader). Men av og til, då skjer ting før ein har fått sukk for seg. Og iløpet av ein halv time var berehjelpa tilkalla, og kjøkkenbenken hadde på nytt fått plass i eit kjøkken.
Berehjelpa var forøvrig slett ikkje imponert over denne gamle røkla som me skulle dra innomhus, men berre vent til mor har svinga malekosten! Plassert i uthuset såg den so og seie kvit ut, men i det ljose kjøkkenet kom den fryktinngytande gulfargen fram. Litt kule oransje detaljar, men eg trur nok dei ryk med når eg skal male. Topplata er den eg er mest usikker på. Trur kanskje løysinga vert å matte den med sandpapir, og så mala den òg. Oda ville gjerne ha heile greia i rosa, men eg trur kanskje ikkje eg kan etterkoma det ynskjet. Det mest nærliggande er vel å mala kvitt, men i mitt lyseblå kjøkken er det jo fleire moglegheiter. Eg har dessutan surfa litt på nett idag etter passande hylle-/skuffepapir. Det høyrer med i slike gamle møblar, men den einaste biten som var igjen inni her hadde musene hatt fest på....
No har me fått 230 cm ekstra oppbevaringsplass på kjøkkenet, med rommelege skap og skuffer. Og når me er mange til bords kan den fint brukast som avlastningsbord. Dessuten har mannen fått ein heil vegg ekstra i uthuset som han kan stabla ved oppetter. Det er akurat som eit kinderegg - 3 ting på ein gong! (Og apropos kinderegg, så kjem eg plutseleg på at det er ei ung frøken som vert rimeleg skuffa imorgon tidleg om ikkje påskeharen har vore på besøk med eit egg iløpet av natta. Her er det berre å setja på seg lange øyrer og ein haledusk, og få jobben gjort!)
Nattata!
