fredag 3. april 2009

Jazzzzzzzzzzzzzzzzzzzz!


Ungane er trygt plassert hjå svigers, sola varmar godt frå knallblå himmel, og Rosa er på veg i dusjen. Etterpå ventar utepils og godt selskap som oppvarming til årets Vossa Jazz. Me har teke oss råd til festivalpass denne gongen, og har vore så heldige at snille besteforeldre nok ein gong passar jentene ei heil helg - tusen takk! Det vert tre dagar med masse fin, kul og rå musikk - eg gler meg :D

Då ynskjer eg berre alle der ute ei strålande fin palmehelg - det skal iallefall eg ha!

onsdag 1. april 2009

Paranoid!



Idag er DEN dagen - luredagen. Oda hadde tydeleg lært om dette i barnehagen tidleg i veka, og har gledd seg til ho skulle lure mor. Allereie igår måtte ho øve seg litt. Heilt uskuldig luring som "mamma, du er blå på ryggen" ettefylgd av kneggande latter og "apriiiiiil". Mor smiler og er med på moroa. Enkelte lure-forsøk med mykje meir alvorlege ting måtte eg forklare at ikkje fekk vere ein del av aprilsnarr-moroa - ting som nokon blir lei seg av....

Med det samme me slo opp augene idag tidleg (etter at ho hadde klaga litt for at eg vekka ho så tidleg!), kom ho fram til at idag var det endeleg april! Det er ikkje mykje som skal til for å glede ein fireåring, jenta begynte å fnise, og komme med meir og mindre sannsynlege påstandar i så rask rekkefylgje at ho ikkje rakk å skyte inn "aprilsnarr" mellom dei eingong.


Vel framme på jobb tok eg ein svipptur innom nrk.no for å setje på web-radio til arbeidet. Der såg eg saka om scanning av pc-ar i sikkerheitskontrollen på Gardermoen, og skvatt litt! Gløymt var heile april-dagen, og eg berre MÅTTE inn og lese om dei nye strenge rutinane. Tenkte med meg sjølv at kanskje ein skal late PC vere heime til sommaren når me skal ut og fly... "Trykk på knappen for å starte skanningen. NRK lagrer ikke informasjon fra brukernes PC-er i forbindelse med søket." stod det, og eg trykte sjølvsagt.

APRILSNARR!

Sjølvsagt var det aprilsnarr... klask i panna og stønn over min eigen naivitet! Etter det tok eg ein tur innom Molly, som erklærte at Molly's Heaven skulle ha nyopning. Hurra! tenkte eg, og kommenterte. Så las eg ein gong til, medan eg omsider hadde fått kaffi i koppen, og dei små grå på gli.....


Etter dette har eg berre trudd på halvparten av nyheitsoverskriftene i aviser, radio og tv. Eg syns det har bugna med aprilspøkar alle stader!! For på slike små-paranoide dagar er det faktisk ganske mange nyheiter som ein ikkje heilt veit om ein skal tru på. Sjølv midt i oktober kan ein av og til måtta stoppe opp og spyrje seg sjølv om nokon har bomma på datoen, men idag når den var her, då vart eg teken på senga.


Imorgon er siste kvardag før påskeferien for meg og jentene. Og den startar med noko så kosleg som påskefrukost i barnehagen til Oda!

tysdag 31. mars 2009

Ekte kjøpmannsdisk

Ein finn mykje rart i gamle hus, og vårt hus er ikkje noko unntak. Kanskje tvert imot, sidan mannen som budde her i gamle dagar verkeleg visste å ta vare på alt som kanskje (eller kanskje ikkje) kunne komma til nytte ein gong. I kjellaren i huset vårt (om ikkje eg har misforstått noko) hadde han krambua si, og stadig finn me i hus og uthus bevis for dette.

Innerst i kjellaren stod det ein heilt ekte kjøpmannsdisk, som han nok brukte i butikken sin. Eg anar ikkje kor mange år denne disken har stått her utan annan funksjon enn å ta opp plass, men i eit anfall for eit par veker sidan fann me ut at me skulle ta den ut.

Til trass for at lite praktisk har vorte gjort med oppussing dei siste vekene har ikkje planlegginga stoppa opp! Eit evig problem, sjølv med vårt ganske store kjøkken, er oppbevaring. Me har slett ikkje nok skuffer og skap! Midt i denne tankerekkja kom me til å tenkja på den gamle kjøpmannsdisken. Og som sagt, i eit anfall av arbeidslyst fekk me den frå kjellaren til uthuset, der den no står opp-ned.

Det skulle me aldri ha gjort! Sjølvsagt må minst 30 år i eit kjellarhòl gjere sitt, og då benken var komen utom døra såg me at ein god del av understellet var fuktskada og tildels råte. Pappen min, som var med og bar vidunderet frå kjellar til uthus, rynka kraftig på nasa og ytra at det nok er der ute den passar best. Eg er sjølvsagt ikkje einig, og set mi lit til at rosamannen med kreativitet og fingerferdigheit klarar å fiksa det som må fiksast. Eg vil ha kjøpmannsdisk på kjøkkenet! Med 12 gode skuffer - hurra!

På bileta ser du noko av det som gøymde seg i skuffene, saman med varelister, notatbøker og mykje anna. Noko som kanskje var ein mjølspade? Eller ein noko anna-spade? Skal det kanskje vere litt vanilje-essens i desserten?

Eller kva med sats til ekte heimelaga tomtebrygg? (Ikkje noko for born kanskje, siden det står på flaska at den skal gjære i 10 dagar......)


Eg håpar at prosjekt oppussing skal komma litt vidare i påsken, men føler meg ikkje heilt trygg. Å pussa, mala eller snikra innomhus på dagtid er ikkje så lett med to små ivrige hjelparar.
Kveldane som gressenke går fort, og ligg eg jammen etter skjemaet for å komme meg tidleg til sengs - igjen!

måndag 30. mars 2009

Litt juks...

...men etter at det kom opp tallause "photobucket - bandwith exceeded"-skilt i bloggen min fekk eg eit spark bak til å finne på noko nytt. Øverst til venstre litt linken til staden der eg har funne sommarfugl-bakgrunnen. Og med litt mekking har eg vore i HTML-koden og teke vekk bakgrunnsbilder og lagt på ny bakgrunnsfarge på sidene. Om nokon syns det vart vanskeleg å lese må dei sei ifrå! Forandring fryder heiter det jo, og no passa det jammen fint med ei lita oppussing her inne òg :)

søndag 29. mars 2009

Sundagstur

Det føles ikkje så lenge sidan sist, men no er det tid for ei ny studieveke for mannen på Kongsberg. Me skulle levera han på stasjonen i føremiddag, og 20 minutt før me skulle setja oss i bilen fann eg ut at me jentene måtte finne på noko etter han var reist. Dermed smurde eg niste og kokte kakao i ein fei, lempa utekleda til jentene opp i ein sekk, og var akurat klar til avreise.

Bortsett frå ein nokså kjølig trekk var det ein nydeleg dag med sol frå nesten skyfri himmel. Nistepakke og varm kakao var smakte godt, og det viste tydeleg på heile ansikta til jentene kva dei hadde hatt i koppen :)




"Skal eg hjelpa deg opp, vetlesyster?"

"No stikk eg!"


Hand i hand langs den fine alléen.

No er det altså ny veke som gressenke, og eg håpar inderleg at den vert betre enn sist! Då var ungane sjuke heile veka, og mor kom seg ikkje utom ei dør. Eg må innrømma at eg vart litt nervøs då Vetlesyster fekk feber fredag ettermiddag, men bank i bordet ser det ut til å ha vore høgst forbigåande! Eg håpar òg at kveldstimane strekk til såpass at eg kan få teke att alle dei bloggbesøka eg ikkje har fått gjort i det siste..
PS: Det har skjedd noko rart med blogg-bakgrunnen min dei siste dagane. eg jobbar med å fikse det, men det kan fort hende at eg endar opp med ein heilt ny ein :)

Ynskjer alle ei god ny veke i vente!
Related Posts with Thumbnails