
Idag har me hatt Statens Vegvesen på synfaring utanfor huset vårt. Nei det er ikkje tull - det var sjølvaste Statens Vegvesen -
in person! Han meiner iallefall det, mannen som me for fyrste gong traff sommaren for to år sidan, då me ville setja opp eit gjerde mot vegen som går ein knapp meter frå huset vårt. (Den historia skal eg spare lesarane for, men høgdepunktet var då han stega opp avstanden - 3 meter - frå den kvite stripa. Då havna han innom kjellardøra vår, og fastslo at det ikkje vart noko gjerde på oss innanfor gjeldande regelverk) Det er ein fylkesveg, og relativt sett er den vel lite traffikert, men likevel - det bur ganske mange folk innover denne vegen, og sommarstid er den ei ynda rute for turistbussar, i tillegg til aukande trafikk av lastebilar som av ein eller annan grunn skal inn i ein trang vestlandsdal. Om ein kjem langs vegen frå meir sentrale strok ligg huset vårt so og seie midt i vegen - midt i ein sving! Uoversiktleg? Jepp, det er heilt sikkert! Og kvar dag skal altså me og ungane vore kryssa denne vegen x antal gongar (bilparkering må nemleg føregå på den andre sida, og skal ein ut å gå er det òg nødvendig å komme over på den andre sida for å f.eks. nå skule og butikk.), og kvar einaste gong føles det litt som å spela lotto.
Heldigvis er vinnarlukka 100% betre her!
I august ifjor sendte eg mail til vegvesenet og ba dei om å setje opp eit skilt som kunne gjere sjåførane merksame på at "Her er me!". Eg drøymer om 40-sone, eller aller helst: Ein fartsdump, plassert midt i svingen. Då MÅTTE dei senka farten, og den idioten som ikkje klarte det, han ville få god fart på hoppet og havna rett i vatnet - perfekt!! Eg fekk eit brev etter nokre veker, som fortalde at saka var oversendt "vår" mann. Sidan har det vore stille, heilt til igår. Då ringte han, og fortalte på sitt sjarmerande vis at akurat idag hadde han moglegheit til å gje oss audiens. Heldigvis har eg ein fleksibel mann som kunne skubbe litt i arbeidstida for å vere med på synfaringa.
Men, sjølv om "Statens vegvesen er ei service-bedrift" som han så fint sa det idag, så var det lite hjelp å henta. Eit "barn"-skilt var det beste han kunne tilby. Det ville jo vere vel og bra, om me fekk det i nærleiken av huset vårt. Men slik er det sjølvsagt ikkje. Skiltet skal plasserast forbi alle svingane, i det me likar å kalla sentrum. Folk som ser det vil antakeleg tenkje at det gjeld området rundt butikk og skule, som er mykje nytta av borna i skulealder. I motsett køyreretning skal det stå eit skilt langt inni vegen, forbi det siste huset med små born. Statens Vegvesen kunne og fortelja oss at det nærast var nyttelaust å søkja om nedsett fartsgrense, for det ville verta "så mykje styr". For meg er det berre eit bevis på at mannen er arbeissky. Ei slik sak må nemleg behandlast av fleire nemnder i det o'store vegvesenet, i tillegg til at politiet må godkjenna det. Å prøva dette var ikkje mykje vits i, for eigentleg er ikkje svingen noko problem! Frå før er det 50-grense langs vegen, og i sjølvaste vegtrafikklova står det at du ikkje skal køyra fortare enn at du kan stoppe på 1/3 av sikta (sånn omtrentligen).
Dermed er svingen sjølvregulerande! Høyrest ikkje det flott ut? Det skal eg slå i bordet med neste gong eg står med hjarta i halsen og skal losa ungane ut i bilen, på holkeføre i dårleg sikt. Då skal eg sei: "Dette går fint, for Statens Vegvesen har sagt at svingen er sjølv-regulerande"
(bileta er henta frå Bokstavfabrikken, som produserer flotte skilt til slike formål. Men dei har ein sjølvsagt ikkje lov til å setja opp sjølve; Då kjem Statens Vegvesen i eigen høge person og spør "ka e da du drivå med?")