I fylgje eldste bror min er eg galen. Det var nemleg reaksjonen eg fekk då eg kjøpte eingongsgrill og pølsebrød på butikken idag. Med herleg vårsol frå knallblå himmel, og frysen full av grillpølser hadde eg berre eit ynskje for dagens middag: Å innta den ute i det fri. Eg hadde ikkje lyst inn når det var så herleg ute, og jentene mine elskar òg å styre på i frisk luft. På veg heim traff me dessutan to kjekke nabojenter, ei stor og ei lita, som straks vart invitert på pølsegrilling.
Ifjor på denne tid måtte me sitte to meter frå vegen om me skulle nyte eit måltid utandørs. Med bilar susande forbi og meir eller mindre nysjerrige bygdefolk rett utom stakitten. I år har me platningen! Hurra for platningen vår, langt vekk frå vegen, med sol så lenge sola er oppe, og lydskjerming i form av den endelause susinga frå elva attmed oss. Ikkje at det ikkje er noko å arbeide vidare med der oppe, men det er iallefall ein stad å vere!
.JPG)
Jentene storkoste seg med nabojenta, og åt som om dei aldri før skulle sett mat! Og når pølsene var fortært og sola gjekk ned var det berre å komme seg i hus og rett i kveldsstellet. Trøtte ungar og trøtte foreldre, men imorgon har iallefall me jentene fri....
Ja til fleire solrike vårdagar - og med dette erklærer eg grillsesongen for opna!