Veska er rosa og fin, akurat slik eg likar det
Og har rikeleg plass til dei forskjellige nøsta eg treng til lappane mine.
Kan jo slenge på ein liten oppdatering på vesle Oda mi, som sist veke var hardt ramma av vannkoppar. Denne veka er ho framleis ikkje frisk, sjølv om me trudde det og sendte ho i barnehagen på mandag. Etter to timar vart eg nok ein gong kalla tidleg heim frå jobb fordi vesla var dårleg, og tysdag morgon var me hjå legen. Han konstaterte at som fylgje av infeksjonar og sliten kropp har snuppa fått leddbetennelse og magekatarr. Ikkje så mykje medisinar, men ei ny veke heime i ro og fred. Eg fekk sjukmelding, men når bestemora og bestefaren lurte på om ho ville komme på besøk hjå dei nokre dagar var det ikkje nei i hennar munn, og då sjølvsagt ikkje i vår heller. Difor er ho no sendt på helseferie, medan me (nesten) bekymringslaust kan gå på jobb og Hedvig er i barnehagen.
Og folkens - no er snart våren her!!
.jpg)
.jpg)