Sjølv om eg syns det er kjekt å halde på med ting, og dei siste åra har utvikla ein for mannen uforståeleg skapartrang, så er det mykje eg ikkje får tid til, eller rett og slett ikkje vågar å leggje ut på. Då er det kjekt at me har flittige bestemødre som òg likar å laga ting.
Svigermor kom for ei dryg veke sidan med denne nydelege strikkagensaren til Hedvig. Den er god og varm, med ein god hals og ein skikkeleg "knæsj" rosafarge som kledde ho veldig godt! Desverre har eg ikkje klart å fanga gensaren med modellen inni med linsa endå, men gensaren klarar seg fint på eigahand òg, den :)

Idag var det mor sjølv som fekk ei overrasking. For ei tid sidan la eg inn ei aldri så lita bestilling hjå mamma, om å sy bestikkmapper til meg. Ho er ei dame med mange jarn i elden, og ikkje sette eg akurat noko tidsfrist på prosjektet heller, så når ho plutseleg kom med dei idag vart eg både glad og overraska. Og mappene vart kjempefine!
(Etter å ha fyllt mappene kom eg på at eg skulle jo gjerne hatt matchande mapper til serveringsbestikk og teskeier òg. Hm....)Tusen takk begge to, for gensar og bestikkmapper!Idag har eg nok ein gong vore heime med sjukt barn. Etter å ha teke runden gjennom øyreverk, influensa og omgangssjuke denne vinteren, er no turen komen til dei berømte vannkoppane. Me visste dei gjekk i Oda sin barnehage, men trudde faktisk ho hadde vore såpass lite i barnehagen at ho ikkje ville bli smitta. Ikkje for det - det er jo greit å verte ferdig med denne barnesjukdomen, men eg for min del hadde syns det var heilt i orden om me venta ei lita stund. Nokon ungar får berre eit par koppar og merkar knapt at dei er sjuk. Oda merkar det i aller høgste grad, med blemmer på dei mest utenkjelege stader. Ho har hatt frykteleg ubehag dag og natt, og sjølv om me har smurt med kvitvask og gitt paracet måtte me faktisk til med sterkare lut ikveld. Etter konsultasjon med lege har ho fått kløestillande medisin, og heldigvis kunne ho sjå barnetv heilt utan å få frustrasjonsanfall med hyl og skrik. Dette er ikkje kjekt, verken for ho eller oss. No er eg berre spent på om Oda rekk å bli frisk før Hedvig vert smitta..
Oppussinga av gangen fortsette i helga, og no kjenner me verkeleg at golv og veggar er isolerte og klarar å halde på varmen - herleg! Veldig spanande er det ikkje å vise fram sponplater, så eg ventar med nye bilder til me ha rkomme litt lengre.
Då håpar eg de der ute har ein god kveld!