Omtrent sidan denne tida ifjor har planen vore å pusse opp stova vår. Etter at snikkaren hadde gjort sitt i sommar vart ønsket om å pusse opp endå sterkare, sidan me fekk skifta vindaugene i stova. Etter planen skulle me vore godt i gang no, men av ymse årsaker er stova akurat like shabby (og akurat like
lite chic) som den har vore.
Etter kalde vinterveker er me i ferd med å gjere alvor av å skaffe oss varmepumpe. Fleire me kjenner lovar oss gull og grønne skogar - eller iallefall ein nokonlunde stabil innetemperatur - når me får installert eit slikt vidunder. Men for at me skal få full effekt av ei varmepumpe har me bestemt at me må gjere noko med gangen vår.

Gangen er det fyrste rommet ein kjem til i huset vårt. Den er bitteliten, svært sliten og
iskald! For å sei det på ein annan måte: vatn på flaske er ikkje lenger flytande etter å ha stått på golvet der ei vinternatt.... Men no skal det bli andre bollar. Imorgon vert det kjøpt golv, og om planar og gode makter står oss bi kjem me igang igjen!
No jobbar topploket på høggir, planar kjem og går, ein og annan frustrasjon bles igjennom. Frustrasjonane gjeld for det meste den svært begrensa plassen me har å boltra oss på, påfylgd av forsøk på løysingar for å få plass til det me treng utan at det ser så fullt ut.

Med andre ord, det kan fort verte for mykje å tenkja på og for lite å tenkja med. Eg håpar me er igang igjen no, for å bu i eit oppussingsobjekt utan å pusse opp, det er ikkje mykje inspirerande.
Happy mandagskveld!