Hedvig var i barnehagen på torsdag, og kom heimatt med ein fastelavnskvist som ho kanskje hadde fått litt hjelp til å dekorera. Veldig kjekt var det, og mor vart påminna at det er noko som heiter fastelavnsbollar. Eg stod med ein pose ferdige kveitebollar i handa på butikken, men fann ut at eg måtte skjerpe meg litt; Bakinga er jo halve moroa!
Som sagt så gjort - idag vart det baking. Kvar gong eg skal til med slike prosjekt går eg på nettet og søkjer etter oppskrifter. Der er jo eit hav! Internett'n skuffa ikkje, og oppskrifta var redda. Oda var sjølvsagt ivrig medhjelpar. Hedvig syns òg det er veldig spennande å fylgje med når me lagar mat, og vil helst sitta på armen. Det er ikkje så lett når ein skal baka, men frå høgstolen sin hadde ho god oversikt og sat forbausande roleg forbausande lenge :)
Medan bolledeigen heva sette me pizzadeig til laurdagskveldsen. Og når fastelavnsbollane var komne i ovnen var me så godt igang at me sette endå ein deig. Då skulle det passa inn med laging av pizzafyll, utbaking av pizzadeig, barne-tv og felles måltid, og midt inni der ein stad innsåg eg at det kanskje var vel optimistisk å få alt til å klaffe. Likevel vart det vaniljefyll i dei fleste små kveitebollane i siste parti, og om eg så må få sei det - det smakte nydeleg!

Imorgon tek me sundagsturen til svigers, og då får me håpa at ikkje bestemor har bakt, for me planlegg å ha nylaga fastelavnsbollar med på lasset.
No skal storsjarmøren Alexander Rybak spele eventyr-låta si for siste gong ikveld, og han skjemmer jo ikkje ut tv-skjermen den guten!
God laurdagskveld!


