laurdag 14. februar 2009

Eit par varmegrader takk!!

Ikkje mange - ikkje vår. Berre ein liten pause i alle dei kalde gradene, slik at rosafamilien kan få fyllt opp vedlageret (som ikkje lenger er eit lager, men ein søt liten - bitteliten - haug med kubbar), få plussgrader i yttergangen, få att det kalde vatnet på kjøkkenet, og bli kvitt denne hersens influensaen som har teke bustad midt i mellom oss!

Tysdag til torsdag låg mor sjølv langflat med feber. Det er ikkje kvardagskost, skal eg sei deg! Heldigvis rakk eg å bli frisk akurat i tide til mannen vart råka av den samme feberen, berre litt høgare. (Sjølvsagt - mannen må jo dra det eit hakk lenger!) Og jammen santen har ikkje Odamor òg fått samme greiene. Verken han eller ho er vanlegvis prega av feber, men eg kan love deg at dagen idag ikkje har vore særleg underhaldande i rosa-heimen.

Dvs - Hedvig har stått for ein heil del underhaldning! Ho syns antakelegvis det var så dørgande kjedeleg her at ho måtte stå for all aktivitet sjølv, og sprang frå ting til ting som ho visste ho ikkje hadde lov til, med meg på slep. F.eks. ut i den kalde gangen med den bratte trappa - eg trur eg har vore etter ho ut dit minst 740 gongar idag!

Men så er dei jo ganske fine og fredfulle her dei ligg og tek ein kvil, sjuklingane mine, og då klarar ikkje ei mor late vere å prestere eit ømt smil. Eg veit ikkje heilt kva som er verst av sjuke menn eller sjuke ungar, men kombinasjonen er uuthaldeleg!



Apropos frose vatn, så vert det naturleg nok mykje god gammaldags oppvask hjå oss i desse dagar. Eg skal ikkje klage på det, for i eit øyeblikk av lykkerus (eller paracet-rus) idag, så tok mannen unna ein stor stabel med oppvask som stod og ropte på kjøkkenbenken. Mandag MÅ me ringe den hersens røyrleggaren og fortelje han at me ikkje på nokon måte kan leve med at vatnet vårt frys kvar gong me ser snurten av ein god gammaldags vinter. Når ein har fagfolk til å gjere jobben forventar ein jo at dei veit kva dei driv med, ikkje sant?


No vert det tidleg kveld hjå oss. Imorgon skal me nemleg arrangere marknad i bygda. Det er den typen tilstelling som ein andre stader kallar basar. Her hjå oss heiter det marknad - uvisst av kva årsak. Det vert åresal, fiskedam, lykkehjul og loddbøker i lange banar. Håpet er at heile familien skal vere med, men eg må innrømme at akurat no er eg litt i tvil. Kva alternativet er veit eg heller ikkje, men den som lever får sjå :)
Nattinatt

torsdag 12. februar 2009

Strikkelise

Det er ikkje berre voksne jenter som blir inspirert!

Oda har mange gongar vore lei seg og frustrert fordi ho ikkje kunne strikke, slik eg gjer. Eg har prøvd å forklare at ho nok må verte litt større før eg slepper ho til med dei spisse pinnane, og den beskjeden er ikkje alltid like god å svelge. Men, då den før omtalte Stoff og Stil-katalogen kom sist veke var der avbilda ei søt strikkelise. Eg tenkte at nokon tur på S&S vart det nok ikkje i nær framtid, men då eg var i Bergen i helga hadde dei noko som likna på Panduro. Konseptet er ei hylse med 4 pinnar i toppen. Ein surrar tråden rundt, brettar over, og litt etter litt får du ein slags strikkastrømpe - eller eit smykke, armband, nøkkelband..

Strikkelisen vart iallefall stor stas her i huset, og snuppa var særs nøgd med å kunne strikke litt ho òg.




tysdag 10. februar 2009

Kjole til ei lita prinsesse...

..stod det på eit kort som fann vegen inn i rosaheimen igår. Og kjolen som fylgde med er verkeleg ei prinsesse verdig. Vesle Hedvig fekk den hjå tanta si, som er ein kløppar med strikkepinnar, og med auga for detaljar. Slik som denne søte blomen på eine sida;


Hjerteknappar høyrer med på ein slik søt sak, og dei er flyttbare, slik at ho kan bruke den lenge.

Jenta har ikkje fått prøvd kjolen endå, for dette er ikkje akurat noko eg sender med ho i barnehagen. Men ved fyrste anledning skal ho få bruke den nydelege kreasjonen.

Tusen tusen takk, tante N!!
Related Posts with Thumbnails