Eg er ikkje nokon voldsom handarbeidsdame, som har tallause kreasjonar med stoff og tråd å sjå tilbake på. Eg har ei symaskin på loftet, men sant å seie har eg vel berre brukt den èin gong (til mitt forsvar har eg ikkje kjøpt den, men arva den, sidan mor mi kjøpte seg ny). Då eg vart gravid for 5 år sidan fekk eg plutseleg på meg denne merkelege skapartrangen. Eg, som ikkje hadde teke i strikkepinnar sidan tidleg i tenåra måtte ty til mamma for å komma igang. Det vart eit vognteppe, og eg hadde fått blod på tann. Det har vorte nokre plagg til jentene, men eg trur ikkje du treng meir enn to hender for å telje dei. Då eg ifjor haust var på Stoff og Stil saman med mamma vart eg heilt blank i augene av alle dei nydelege tekstilane. Eg berre MÅTTE prøve noko, og enda opp med mjuk fleece som skulle ende opp som "kosebukse" til Oda. huff og huff - framleis er det berre stoff og tråd - inga bukse.
Men altså, idag kom vårkatalogen ifrå Stoff og Stil, og eg kjenner det heilt ut i fingertuppane: Eg må berre begynna å sy! SÅ mykje lekkert, tekstilar til hus og heim, puter og gardiner, for ikkje å snakke om alle dei søte modellane av enkle kjolar som hadde passa jentene midt i blinken!
Rosamannen sin kommentar? Du er overstimulert. Og ja, eg er nok det. Det er så mykje eg har lyst til å gjera. Så mykje eg vil prøva, så mykje eg vil laga. Inspirasjonen er absolutt i overflod. Når det kjem til tid er det verre. For eg må jo nytte på og scrappe desse kveldane når eg er åleine. Og til dei kveldane når mannen er heime og me skal slappe av med ein film eller ein krimserie, så har eg funne eit anna prosjekt. Eit stort prosjekt, iallefall til meg å vere.
Dei fleste som er bevandra i bloggeland ser nok kva dette er, og det er ikkje til å komme forbi at eg har vorte inspirert av å sjå alle dei nydelege pledda som bloggedamer landet over har produsert. Eg ser for meg at dette teppet vil passe perfekt inn i den nye tv-stova me skal lage til. Draumen har vore ein Ektorp-sofa frå IKEA (sjokkerande nok!), men i det siste har eg tenkt meir og meir på å lage til ei dagseng istaden. På scrapperommet mitt står det ei gammal tre-seng, og denne skal eg male og setje ned i stova når den ein gong er klar.( Ja, kjære mann, eg veit at me må begynne i andre enden, men det er viktig å sjå for seg det ferdige resultatet for å hente mot og krefter til å ta fatt på jobben, ikkje sant?). I senga skal det vere massevis av puter som ein kan kvile seg mot, og så dette pleddet som ein kan trekke over seg om det skulle vere litt hustrigt. (og hustrigt er det faktisk ganske ofte i dette gamle huset).
Nokon som ser problemet her? Eg er overinspirert og overstimulert! Eg vil pusse opp, hekle bestemorsruter, sy vakre ting med tekstilar frå stoff og stil, sitte på scrapperommet med bilder og papir og og og og ........
...eg har iallefall ikkje tid til å sitje her - sjalabais!