laurdag 24. januar 2009

I morgon

...har vore meir som ei lita gulrot for meg siste veka. No er jentene so og seie friske igjen, og mannen i våre liv har funne vegen heim - til STOR gleda for oss alle! Hedvig har hengt som eit frimerke om halsen på pappen i heile dag, og eg fekk sova til langt på dag, før eg kunne vakne i mitt eige tempo og få servert ekte trailerfrokost. Då er ikkje livet så verst!

Men det var altså imorgon - då tek mannen med seg jentene til svigers, medan mor sjølv vert att heime. Til dagleg har me visse utfordringar i logistikken med barnehagar og jobb, og i særdelesheit mandagane når mannen er bortebuar pga korpsøving i Bergen . Når eg, som logistikkansvarleg då tek meg den friheit å reise på todagars reise vekk-kurs med jobben lyt det ekstrakrefter inn i bildet. Heldigvis ordna det seg denne gongen òg.
Dermed får eg plutseleg ein frikveld heilt for meg sjølv i heimen! HURRA! Det vert til at eg legg tusen planar for alt eg har lyst å gjere, og så gjeld det då å passe seg så ein ikkje vert stressa fordi ein ikkje rekk å kose seg nok... kanskje fleire har det slik?

Måndag set eg meg på Bergensbanen (altså på eit tog, ikkje på sjølve banen/skinnegangen), og for fyrste gong skal eg av toget midt på fjellet, på banens høgaste punkt. For å seie det slik håpar eg ikkje Finse er fullt så nedsnødd som på biletet under ;) Eg gler meg til interessant kurs, godt selskap, ei natt på hotell og forhåpentlegvis god mat. Eg ser heller ikkje vekk i frå ein aldri så liten reiserapport - laptop'en lyt sjølvsagt vere med på turen!


Då står det berre att å ynskje alle ei god helg vidare, og pass no på så du ikkje havnar i same uføret som Jakob Sande her skildrar så levande:

Etter ein rangel

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,trur eg.
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,men synge åndelege sanger i Zions bedehus,
trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som bare fan,trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,trur eg.
Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring,og drikka kaffe medan drøset går um andelege ting,
trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt, trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt, trur eg.
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol,
trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt, trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt, trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrstat eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,
trur eg.

Jakob Sande

torsdag 22. januar 2009

Stjernebok - the making of...

Etter dette innlegget lovar eg å ikkje mase meir om stjernebøker på ei stund, men eg skulle jo vise eit par bilder frå prosessen, og her kjem dei;

For å lage ei stjernebok (med 7 spissar) treng ein 3 ulike fargar og størrelsar einsfarga kartong, kvar i 7 eksemplar. Dei tre ulike typane skal brettast på kvar sin måte, og dei største og minste bitane skal ha 4 hòl i ryggen. Litt ekstra "shwung" vert det over boka om ein brukar distress ink (stempelsverte) rundt kantane på alle papir og endå ein detalj som "gjer seg" er litt stempel i dei kantane som viser når boka står oppslått på bordet. Det er svirlane du ser på det fyrste biletet.


Så tek ein på seg bokbindar-hatten, og finn fram nål og tråd. Nærare bestemt 2 stoppenåler og voksa lintråd. Her gjeld det å halde tunga i rett munn, når ein skal starte frå rett side og i rett hòl, og dessuten få alle kartongbitane rett veg. Det er nemleg frykteleg irriterande å plutseleg oppdage at den eine sida står opp-ned når ein har tredd trådar på kryss og tvers etter nesten alle bokbindarkunstens reglar.


Omtrent slik skal ryggen sjå ut når tråden går der den skal.


Og vips, så har me ei bok.
Så skal sider limast saman (der dei ikkje er stempla), og mørke mellomark vert sett inn, med lim i ytterkantane. Bokpermane vert laga av tynn kartong (grandiosa-papp er perfekt!) med omslag av mønsterark, og hugs for all del å legge sløyfebandet på plass før du limer på permane. Eg har måtta rive dei av igjen eit par gonger, og det er med hjarta langt oppi halsen - tru meg!

Når alt dette er gjort står den verkelege jobben att, med 7 sider som skal dekorerast.(Alt i alt trur eg faktisk at eg brukar nesten 12 timar på ei stjernebok frå scratch) På denne sida har eg stempla ein figur på akvarellpapir, og malt den med stempelsverte-fargar (Distress ink). Eg er heilt ny på denne teknikken, men det var veldig morro, og er supert når ein skal lage kort o.l. Eg syns òg det er kjekt å ta i bruk metallpynt fordi det kan verte fine kontrastar til alt det litt småsøte som fort havnar på scrappesidene (iallefall hjå meg)


Denne stjerneboka skulle vore ferdig til jol, men istaden måtte foreldra mine ta til takke med eit gåvekort som vart innløyst sist veke (valget stod mellom stjernebok og joleførebuingar i rosaheimen). Fleire bilder av den ferdige boka finn du her, og ei skikkeleg oppskrift med arbeidsbeskrivelse finn du her.

onsdag 21. januar 2009

Because I'm worth it

Den som ser på TV kan nok ikkje ha unngått å sjå alle dei fagre damene som rettferdiggjer ei kvar utskeiing med "Because I'm worth it" (fordi eg er verdt det). Ei lita omformulering kan òg gjerast - fordi eg fortener det.

Idag hadde eg ordna med barnevakt, og var heilt klar for å komma meg på jobb etter to dagar med sjuke ungar i heimen. Gårsdagen verka lovande, så og seie utan øyreverk hjå storesyster og med lågare feber på minstemor. Mor sjølv følte sant å sei eit behov for å koma seg utanfor husets fire vegger over litt lengre tid enn det tek å henta ved i uthuset.

Så kom natta, med stadig uro over babysitteren, som til slutt enda med at me låg 3 stykk i senga - igjen. Hedvig var som ein stråleovn, og eg syns nokre gonger eg kjende at ho skalv, og at pusten av og til kom i små hiv. Mor vart liggande vaken, med stigane uro. Klokka fem tok eg snuppa med meg til febermåling, og konstaterte at ho var komen opp i 39,7. Eg likte det dårleg. Gav ho ein stikkpille, og tilbake i seng medan eg lova meg sjølv å ringe lækjaren med det same kontoret opna.

Jaudå, det var ein lyd på høgre lunge, og lækjaren meinte det kunne vere bronkitt på veg. Det vart slimløysande mikstur, nasespray, og ein apocillinkur til å ha i bakhand om ikkje dei to fyrste preparata gjorde at me merka betring. Vel heime (etter over ein halv time på apoteket der ein lærling ikkje skjønte opp og ned på datasystemet!) fekk eg og ho oss ein god kvil på sofaen medan Oda var hjå Besta - det gjorde godt for begge to. Og då Oda idet ho kom inn døra med raude kinn erklærte at ho ikkje følte seg bra var det berre å finne fram termometeret igjen. Jammen hadde ikkje ho òg feber, gitt.

Etter å ha lurt i dei pølsepinnsvin til middag (altså potetstappe med små pølsebitar - noko må ein jo gjere for å pirre ikkje-eksisterande matlyst hjå to små) bestemte me at idag kunne me godt kose oss litt. Som sagt så gjort:

3dl melk, ei pakke frå Toro, 5 minutt med handmiksar og 15 minutt i kjøleskapet: Herleg lys og luftig sjokolademousse - because I'm worth it!

Eg ville trudd at jentene ville ha meir enn eit par skeier kvar, men det seier vel berre litt om matlysta? Eg skal iallefall kose meg med ein porsjon når dei begge søv søtt. Jobb? Nei det har eg visst ikkje tid til denne veka....

tysdag 20. januar 2009

Amaryllis

Til jol kjøpte eg meg ein amaryllis med knoppar, klare til å bringe fram store vakre blomar. Dei to første fekk stå i fred heilt til dei visna, men då det kom ein tredje på den litt lågare stilken oppdaga eg plutseleg at den hadde fått juling, og knekt halsen. Eg tok den av og sette den i vatn, og der har den no stått i 5 dagar - like fin! (Dei to siste bileta er tekne idag, etter at den faktisk blomstra fram den siste knoppen òg)

Syns dette vart ein fin serie, med den kraftige raude mot den bleike bakgrunnen;














(og grunnen til at eg kan sitje her og blogge midt på ein vanleg tysdag er at eg har ei jente med feber, snørr og hoste, og ei med intens øyreverk. Med bortreist mann har det vore ei festleg natt, kan du sei ;) )

søndag 18. januar 2009

Eg kosar meg

Huset er stille, det knitrar i vedovnen. I koppen har eg varm kakao, og i magen har eg to knekkebrød med herleg heimelaga plommesyltetøy frå ei av mine gode kollegaer. Ungane søv trygt - minstemor med litt feber og nokre hostebyger, men likevel i roleg søvn. I bakgrunnen syng Radka Toneff "It's been a long long day", og det har ho igrunn rett i. Mannen reiste til Kongsberg i føremiddag, og skal vere vekke til fredag. Og sidan den heilt oppriktige tanken om å komma seg tidleg heim frå gårsdagens feiring på eit eller anna tidspunkt smuldra vekk, så har nok mor vore litt trøytt idag. Eigentleg er vel det berre eit godt bevis på at me hadde det kjekt - knakande kjekt!

Sidan Hedvig har feber reknar eg med det vert heimedag imorgon for meg og ho. Oda gler seg til barnehagen, og skal få brenne av litt krutt der medan eg og minstemor stullar heime. Sidan eg skal vere heime heile dagen er eg no freista til å la husarbeidet stå. La rot vere rot, og støvsugaren få samle krefter til eit tak imorgon. Men me får sjå, det hadde jo vore kjekt om ein kunne bruke litt meir av tida til kos med Hedvig, istadenfor å skulle gjere tusen ting med ho på slep...

Før eg set igang med å samle ein bunt viljestyrke må eg ta fram to award'ar som eg fekk på torsdag. Award'ar er veldig kjekke å få(!!!) og eit aldri så lite tiltak å sende vidare. Nokre gonger føler ein at det har gått inflasjon i dei, men denne gongen gjer eg absolutt ikkje det.
Frå Rod i hob fekk eg denne kjekke saken, og eg trur faktisk eg skal briske meg med orda som fylgde med: "sist men ikkje minst Rosa. Med hennar Rosa univers! Ho er utrulig kreativ og lager kjempemykje flott ;-) Spesiellt scrapbooking :-) "
Tusen takk, Rod i hob!!
Dei aller fleste bloggar eg har lese har vore kreative, kvar på sitt vis. Difor skulle eigentleg alle fått den, men istaden plukkar eg kun ut ein blogg (Du veit, det var det der med inflasjon...). Janne har inspirert meg masse med scrapping og kort, og difor er det ho som får dagens kreativ-award. Ho har dessutan annonsert blog-candy, og eg hoppar sjølvsagt på moglegheita til å vinne noko kjekt :)

Denne nydelege utmerkinga fekk eg hjå Tove, ei dame som alltid har hjarta på rette staden. Har du ikkje vore innom hjå ho før bør du absolutt ta turen! Eg må berre neie så fint eg kan og sei tusen tusen takk, Tove!
Denne awarden vil eg gje vidare til Anna Lisa, som til liks med Tove bloggar med hjarta (om nokon skjønar kva eg meiner). Eg syns bloggane deira osar av varme, og det er alltid triveleg å stikke innom der.
Vips, så var klokka så mykje at det luraste eg kan gjere er å komma meg i seng. Ei kald og tom seng, men når det kjem til leggetid er eg enkel - eg sovnar som regel før hovudet treff puta.
nattinatt :)
Related Posts with Thumbnails