laurdag 17. januar 2009

Nye gåver, og kontrastar i livet

Etter forrige innlegg er det nesten litt vanskeleg å lage eit nytt (og kanskje spesiellt det du no les), fordi det eine på eit vis kan ta meininga frå det andre. Eg har lurt på om eg skulle ta det vekk, fordi eg føler det fort kan oppfattast feil, der eg havnar i sentrum for empati og omsorg, medan tanken var å uttrykkje empati for ein familie i ein forferdeleg livssituasjon, og bevisstheita om kor heldige me er som har våre små bagatellar å syte for. Men slik er jo livet - fullt av kontrastar, og eg har funne ut at begge innlegg på sin måte høyrer med.

Ikveld skal eg i 40-års lag til to damer eg kjenner. Det er "invitert" til ope hus, og eg bestemte meg igår for at eg skulle ta meg ein tur. (Mannen skal imorgon reise til Kongsberg og vert vekke til fredag, så eg tok meg den friheit å insinuere at han kunne halde fortet her heime) Til ei slik feiring skal ein sjølvsagt ha med ei gåve, men eg syns det var litt kjedeleg å innbetale ein hundrelapp til eit felles gåvekort frå "halve bygda";

Medan Hedvig hadde middagsluren sin igår hadde eg og Oda oss ei lita scrappestund på kjøkkenbordet. Ho fekk eit par små ting frå scrapperommet mitt, og dermed fekk eg ro til å skjære ut to sjokoladeboksar medan ho fekk jobbe med eit eige prosjekt. Eitt mønsterark er ikkje stort nok til denne boksen, så det vart ei lita utfordring å finne tosidige mønsterark i to eksemplar, slik at eg kunne skøyte. Du veit, uansett kor mykje papir ein har er det liksom aldri noko som passar......



Med såpass "livlege" mønster trong eg ikkje så mykje dekor på boksane. På loket står navnet til jubilanten, og sjølvsagt det runde antalet år. Inni loket høver det seg fint med nokre velvalde ord, og eit nytt stempel eg hadde i skuffa var perfekt:
Teller du år blir livet kort, teller du dager - går livet fort.
Teller du timer - varer livet en stund,
Men lengst varer livet om du nyter
hvert sekund



Så håpar eg jubilantane vert nøgde, og feiringa går godt.
God laurdagskveld!

torsdag 15. januar 2009

Eg tenner eit ljos

Dei siste par dagane har tankane gått til ein liten gut i bygda. Ein niåring har for andre gong i sitt korte liv vorte råka av det verst tenkjelege - kreftsjukdom. Han er innlagt på sjukehus, har teke ein stor operasjon, og kjempar for livet.

Slikt set ting i perspektiv. Kva betyr vel ein takstein mindre eller ei mus i skapet? Kva betyr vårt kvardagssyt og -mas? Og sjølv om eg har ei febersjuk og hostande jente ved sida mi i sofaen no, så er jo det ein mikroskopisk bagatell, i forhold til den utenkjelege situasjonen eit foreldrepar me kjenner er i. Å ikkje vete, berre klamre seg fast i eit håp om at det finst rettferd, om mange somrar i vente for ein livsglad gut. Eg klarar ikkje tenkjer tanken fullt ut, eller setje meg inn i kva dei går igjennom. Eg kan berre sende all verdas varme tankar og håp, og tenne eit ljos i den mørke vinterkvelden.


måndag 12. januar 2009

Ny veke, nye moglegheiter, og ei hylle endeleg på plass

Så var det plutseleg måndag igjen, etter ei innhaldsrik veke.

Eg har allereie fortalt om frose vatn i kjøkkenet, og regnvatn rennande på innsida av ein vegg. Begge delar har gått bra, og ingen skade har skjedd såvidt me kan bedømme no. Det einaste måtte vere at veggen i gangen plutseleg er platelaus - noko som eigentleg berre framskundar oppussing (hurra!).

No har store isflak komme ned frå taket, og plutseleg - med eit drønn i rekkverket - låg det ei skiferhelle frå taket delvis i trappa og resten nede på bakken. Idag har eg konstatert at hella kom frå 3. nederste rekkje på taket. Dermed kan me henten ha hell i uhell, eller berre meir uhell; enten kjem vatnet frå taket ned på utsida av veggen, eller så kjem det midt i veggen... Me kryssar fingrar!


I tillegg tok vaskemaskina vår ut skilsmisse igår - eller skal me seie separasjon? Ho bestemte seg for å skilje seg av med døra si, noko me ikkje er vidare interessert i å vere vitne til. Rosamannen skal gå inn som meklar, med kraftige våpen som superlim og lange skruar, og me håpar at med litt parterapi vil dei to delene finne saman igjen til fleire år i lukkeleg samkvem.


Ikveld skal mor nok ein gong på scrapperommet med det samme jentene er i seng. Måndag ettermiddag er me nok ekstra trøytte, sjølv om me idag starta den nye veka med å forsove oss i halvannan time. For å seie det mildt håpar eg verkeleg at 2009 kun kan verte betre, med tanke på hus og heim. Eg kjenner oppussingstrangen byrjar å bygge seg opp, og klør i fingrane etter å flekke tapeten av veggane i stovene - hvis eg tør ;)
Under ser du bilde av det nydelege Hedvig-toget som står på hylla over senga hennar. Kanskje eg har vist det før? Den yngste tanta kjøpte det i Paris, og eg syns det er så fint! (Og tante - hvis du skal til Paris igjen vil Oda gjerne ha eit òg ;) )


Heilt til sist - igår fekk me endeleg hengt opp tallerkenhylla eg kjøpte på Biri ifjor sommar. Tanken var heile tida å bruke den til bokhylle - slik hundrevis av bloggarar nok har gjort før meg :) Eg og og Oda hadde ei god økt med rydding og "ombulering", og då jenta såg resultatet var det berre ein ting å sei "Mamma - det er fantastisk!"


Så det så!
Related Posts with Thumbnails