laurdag 10. januar 2009

Med knivskarpt blikk

Då Oda var på 4 års kontroll på helsestasjonen sist haust fann me plutseleg ut at synet hennar ikkje var heilt som det skulle. Det vart henvisning til øyenlege (eller augedoktoren som me kallar han her i huset), der me fekk koma til 15. desember.

Me snakka eindel med ho om dette, men syns det var vanskeleg å vete kor mykje ein skulle instille ho på eventuell bruk av briller. Førebu, men ikkje skape forventning. Ikkje visste me kva som mangla, og ikkje visste me i kva grad det mangla. På veg til øyenlegen den dagen viste det seg at jenta var redd ho måtte ha briller! Grunnen? Jau, då var ho sikker på at venene i barnehagen kom til å le av ho. Eg må sei det sette ein støkk i meg, at ei jente på 4 år tenkjer slik, og eg la meg i selen resten av turen for å bygge opp positive assosiasjonar til både vaksne og born som brukar briller.



Etter timen hjå øyenlege, der han hadde konstatert ei lita skeivheit på hornhinnene og + 3 i langsyntheit på begge augene tok me ein tur på brillebutikken som høveleg nok held til vegg i vegg med øyenlegen. Og til prinsessa si store glede hadde dei fine briller der i alle regnbogens fargar - tilogmed rosa, raude og lilla! Og verre var det ikkje - jenta ville ha briller, akurat slik øyenlegen anbefalte. Ho fekk endåtil låne med seg eit par for å prøve litt, og med foreldreførjolskaffi i barnehagen den dagen fekk ho full uttelling. Alle ville sjå, og alle syns ho hadde finfine briller.
Onsdag denne veka henta me dei ferdige, raudlilla brillene, og idag har me vore tilbake i brillebutikken for å få dei endå litt betre tilpassa. (Å vere 4 år og sjå ut som Rolv Wesenlund med brillene på nasa er ikkje det heilt store.......)Det er ikkje lett å venje seg til, verken for ho eller oss. Ho tek brillene av og på mange gongar for dagen, og litt mas vert det for at ho skal hugse på å bruke dei. Eg må innrømme at eg skvett litt til kvar gong eg ser ho med brillene på, for det er som ei ny jente eg har fått i hus. Plutseleg vart det veldig viktig å få vekk den litt for lange panneluggen, slik at ikkje heile det fine ansiktet vert gøymd.

Forhåpentlegvis går det seg til, så Oda og brillene vert eitt, og mor venjer seg til å sjå dei blå augene i ramme og glas. Og aller mest håpar eg dei hjelper ho i kvardagen, slik det var meininga....

torsdag 8. januar 2009

Lilla stjernebok

Den fyrste helga i november, då eg hadde ei heil helg berre til meg og scrappesakene, då fekk eg laga mi andre stjernebok. Planen var at eg skulle lage to slike før jol, slik at besteforeldra til jentene fekk kvar si, men eg måtte til slutt innsjå at det var enten stjernebok eller ei rekkje andre joleførebuingar. Løysinga vart at mine foreldre fekk eit gåvekort på stjernebok, medan svigerforeldra mine fekk denne med lilla som hovudfarge.

Bildene er av jentene frå august -08, jola -07 og sommaren -08. Til dekor har eg brukt papirrestar frå mønsterark og einsfarga kartong som vart delt opp for å lage boka. Eg hadde akurat fått Silhouette-maskina mi, så her er mykje svirlar og utskorne retroblomar. (Igår fekk eg ny kniv til maskina i posten, så ein av dei næraste dagane skal eg forsøkje å skjære ut slikt igjen). Eg valde å printe alle bileta i svart-kvitt for å få eit meir einheitleg uttrykk. Mest fordi lys og fargar på bileta var så forskjellig i.o.m. at dei var henta frå ulike årstider.


















Eg held på med ei ny stjernebok, og denne gongen tek eg litt bileter undervegs, så de kan få sjå kvifor det tek litt tid med eit slikt prosjekt.



P.S: Igjen har det vorte nokre dagar sidan sist innlegg; Vatnet på kjøkkenet er no tint oppatt, etter iherdig innsats frå rosamannen og pappen min. Musa i skapet har ikkje vist seg, og så lenge jentene ikkje er svoltne og trøytte er dei ganske snill og blid. Eg har tilogmed fått alt eg bestillte frå scrappebutikken! Idag har det regna konstant, sjølv om det har vore frå 1 til 4 minusgrader. Dette betydde vanvittige køyreforhold og eit ispanser på heile bilen (og alt mogleg anna), men aller mest frustrerande er det at snø, is og regn saman har gjort noko med ei eller eit par heller på taket vårt, som gjer at det ikveld renn vatn nedover veggen - på innsida! Det er i ein yttervegg me ser vatnet, og foreløpig er me litt usikker på omfang og eventuelle skadar. Håpar berre det ikkje trengjer inn i panelplatene på kjøkkenet, som ligg vegg i vegg med trappegangen......

måndag 5. januar 2009

Blåmandag

Idag var det forventa at ettermiddagen kunne verte litt "trang". Eg meinar, etter lang joleferie der me har sove til klokka 10 kvar einaste dag - heile familien - så MÅTTE det jo verte litt tungt idag, når udyret på nattbordet bar laus klokka halv sju. Etter å ha kjempa 3 rundar med den gav eg opp, og drog opp augene. Så skulle eg vekkja Oda, noko som tok i overkant av 5 minutt, det òg. Sjølv morgonfriske Hedvig vakna ikkje før eg strak ho på ryggen! Rosamannen er ikkje til å rekne på på denne tida av døgeret...... Men det vart likevel ein ganske god morgon der alle jobba i same retning - om å komma seg ut av huset og til sine respektive gjeremål. Rosamannen er i tillegg (som før nevnt) igang med NM-oppkjøring, og då er me tilbake i tralten der han er bortebuar på mandagar.

Heile dagen gleda eg meg til å sjekke postkassen, og snøskuffa var i beredskap då eg omsider kom heim og opna loket. Der oppi, vakker og gusjebrun, låg den etterlengta konvolutten eg hadde venta på. Litt mindre enn eg hadde rekna med, men det var jo ikkje noko å bry seg med. Ikkje før eg opna den. For etter å ha plukka ut fine stempel og forskjellige pakkar metallpynt innsåg eg at noko av det viktigaste mangla - ny kniv til Silhouette-maskina mi. Vel i hus (etter å ha prøvd å ringe scrappebutikken 14 gonger utan å få svar) konstaterte eg med eit blikk på gradestokken at dei 12 kuldegradene utandørs hadde si virkning på innemiljøet òg. I stova var det 12,2 grader, på kjøkkenet 8,8. Det var berre å behalde ullkleda på, og setje igang med fyring! Jaudå, eg hadde hatt ein oljeovn ståande på kjøkkenet, tilogmed på fullt! Men kjøkkenet er og blir kaldt.. Faktisk så kaldt, at då eg skulle tappe vatn til eitelleranna kom det ingenting. Det var nesten så det knaka litt i krana i rein protest! Eg prøvde den andre sida, men det hjalp sjølvsagt ikkje; Vatnet var frose! Dei små var som eg sjølv trøytte og svoltne, og eg kunne knapt høyre meg sjølv tenkje i larmen frå to småjenter som absolutt måtte ha den samme blyanten. Endå mindre kunne eg høyre av den som til ei kvar tid var i den andre endenav telefonforbindelsen, enten det den rådlause men optimistiske rosamannnen, den trøystande mammo eller den beroligande pappen. På med vifteovn - men det tålte sjølvsagt ikkje sikringa. Nytt forsøk med ovnen på ein annan stikkontakt, og opp i 2. for å få igang den aktuelle sikringa igjen. Omsider hadde eg fått mat i dei to sirenene, slik at det gjekk an å tenkje klart. Eg opna kjøkkenskapet - tenkte at litt varme inn til kalde røyr sikkert var fint. Og kva ser eg der? Jau, midt i boset - perfekt plassert i eit halvt mandarinskal - dei umiskjennelege små svarte riskorna etter ei eller fleire mus!! Og så me som har investert i høgfrekvent museskremmar. Då har kanskje rosamannen rett likevel - at musene i rosaheimen har skaffa seg hørselvern, og kjem like ufortrødent tilbake.

No har min snille pappa vore her, og har lova at imorgon skal han ringe røyrleggjar og undersøkje om det er mogleg å låne utstyr til å dampe oppatt frosne røyr under kjøkkengolvet mitt. Eg vurderer sterkt å finne fram snøskuffa likevel, i jakta på røyrleggjaren som hardnakka påsto at det absolutt ikkje var nødvendig å isolere røyrgangen der under golvet, men akurat no, når Oda har krangla seg til sengs - då skal mor sleppe alle tankar på frose vatn og innpåslitne mus - då flyktar eg til mi vesle hole, og der trur eg jammen at eg blir heilt til leggetid.

(PS: Eg har teke opptil fleire bilder som skulle illustrere dagens innlegg, men sjølvsagt er kabelen til kamera/PC vekke, og eg har i rein trass bestemt at vil han gøyme seg så skal iallefall ikkje eg finne han!)

søndag 4. januar 2009

Blogcandy hos Rach

sånn i påvente av postmannen (ref forrige innlegg), så har eg meldt meg på i knivskarp konkurranse om ei pakke blogcandy på denne bloggen.

Så får me sjå kva som skjer imorgon, når eg står klar med snøskuffa ;)
Related Posts with Thumbnails