torsdag 31. desember 2009

Rosa årskavalkade - 2009

På årets siste dag tenkte eg det ville passe med ein aldri så liten årskavalkade, i år som ifjor.

I januar handla det mykje om scrapping, vinter og frost. Eg viste fram gåvene eg hadde laga med papir til jol, og haldt framleis på med den siste gåva til eit godt stykke ut i januar. Å lage stjernebok er ikkje gjort i ein fei! I vårt gamle hus fekk me dessutan kjenne på kulde og frost når vatnet på kjøkkenet fraus, og isen på taket tok med seg heller i fallet. Heldigvis slapp me store skadar som fylgje av vatn i veggar.



I februar gjorde baseluskane sitt inntog i Rosaheimen. Mor sjølv låg langflat i eit par dagar, men det var storesyster som var verst ramma frå februar og utover, med influensa, fylgd av vannkoppar, omgangssjuke og leddbetennelse (denne har framleis ikkje heilt sluppe taket, og har ført til at me har vore igjennom revmatisk utredning med jenta. For eit par dagar sidan kom det brev om at det ikkje er grunn til å tru at ho har kronisk barnerevmatisme - heldigvis! - , men berre etterdønningar etter denne betennelsen. Kraftige saker!) Februar var òg ein månad med mykje inspirasjon! Eg tok fatt på eit lappeteppe av hekla oldemorsruter, og me starta oppussing av yttergangen vår, for å få det litt varmare der.

Mars kom med løfter om vår! I rosaheimen starta me grillsesongen, og hadde opptil fleire fine vårturar med jentene. Våre snille bestemødre kom med kjekke gåver til både meg og jentene, og Storesyster såg omsider ut til å friskne til etter alle dei før nevnte baseluskane.

I april var våren eit faktum, og Rosa måtte ut på sko-handel . Eg og mannen hadde ei fantastisk helg på Vossa Jazz, og på kjøkkenet tok me inn den gamle kjøkkenbenken som hadde stått der i uminnelege tider.

Så kom mai, med ei aldri så lita identitetskrise for bloggen, og stor-opprydding rundt huset. Me var på tur til vakre Lærdal, og endeleg kunne me kjøpe og plante blomar i hagen. Stor gleda! Rosa konverterte nesten til grønt, og eg oppdaga at eg kunne sy! Den aktive månaden vart avslutta med ei pinsehelg via til maling av huset vårt i steikande solvarme.

Juni kom, med sommarfestar, turar og insektangrep. Eg fekk meg eit inspirasjonspåfyll då eg var på Kvinner i tiden-konferanse i Bergen, og me feira tradisjonell jonsok i heimbygda. Månaden vart dessutan avslutta med ein fantastisk kosleg tur for meg og storesyster til austlandet, der me møtte damer og ungar frå den beste barselgruppa ever!


Sommarmånaden juli starta med eit karstykkje, vakkert vèr og varme dagar, før regnet kom. Likevel vart det tid på arbeidsrommet ved symaskina for meg. Årets ferietur gjekk til fantastiske Sandsøy.


Fyrste helga i august var eg og rosamannen på tur igjen, denne gongen til Mjøsmarkedet på Biri, saman med foreldra mine. August er månaden der begge jentene våre har bursdag, og det var feiringar i fleire dagar til endes. Dette er dessutan månaden for den store "happeningen" i bygda; Balkanfest Evanger, som eg hadde mykje arbeid med i forkant, men der eg kunne nyte musikk og folkeliv heile festivalhelga.

September fortsatte der august slutta - med usansynlege mengder regn! Men omsider slapp sola igjennom, og me kunne riste av oss svømmehud og tungsinn. Etter mange månader iherdig arbeid kunne eg med glede og stoltheit konstatere at lappeteppet mitt var ferdig! Ei vakker gåve kom i hus, og me dreiv stadig med litt oppussing i Rosaheimen.

Det var med glede eg snudde kalendaren til oktober. Den starta med at eg sjølv runda år, og sidan gjekk det slag i slag. Innimellom reising og bursdagsfeiringar rakk eg å pusse opp litt på bloggen.

Plutseleg var det november, som vart innleia i materialismens teikn - Rosa shoppa i aust og vest! November kom dessutan med vakre soloppgangar og bilder av rimfrost. Rosamannen sin gamle bestefar gjekk bort, og me reiste til Sandsøy for andre gong dette året. I mellomtida hadde eg og storesyster ein skikkeleg jentetur til Rotterdam.

Så kom desember, og eg starta kalendar-blogging opp mot høgtida. Eit travelt år har vorte avrunda med ein travel månad, der min kjære har vore heimeverande husfar. Rommet til storesøster vart ferdig, me hadde jolemarknad i bygda. Eg gjorde ferdig eit grafisk oppdrag, og dagane gjekk med til joleførebuingar. Nokre dagar før jola tona inn kom snøen som bestillt, og så var det berre å henge med i svingane til jolefreden senka seg.

Og no er snart jola over, og me skal skrive 2010. Det er heilt utruleg kor fort dagar, veker og månader går! Det har vore eit innhaldsrikt år, i livet og i bloggeverda, og eg ser fram til det nye med spenning og forventning. Eg håpar alle der ute får eit godt år, og at det vert innleia med ei fredelg nyttårsfeiring.

Takk for det gamle, takk for kommentarar, råd og inspirasjon og Godt Nytt År frå meg i det Rosa Universet!

6 kommentarer:

Jan Ove sa...

Du er berre kjempeflink vennen! Du skriv så godt at til og med ei handleliste kan verte interessant lesing. :)

Rønnaug S. sa...

Der kan jeg være ening med din kjære. ;)

Veldig kjekt å lese gjennom året deres. Og velkommen ut til oss. Vi serverer gjerne kaffe og andre godsaker til frosne skiløpere :) Har heldigvis ingen store planer for de første dagene av neste år. Skal bare fyre i ovnen og kose oss!!!

Gleder meg til nye dager i kontorfellesskapet vårt. Skal bli spennende å se hva året vil bringe:)

igi sa...

En kort tur innom for å ønske deg og dine et godt nytt år! Kos dere!

Klem Igi

Hanne sa...

Rask svipp-innom bare, for å si:

Takk for det gamle og på gjensyn i 2010.
Godt nytt år!
Pludrehanneklem

KRISTIN sa...

Så kjempeflott innlegg!! : )

Vil takke deg for alle dei flotte orda du har lagt igjen hos meg denne hausten. Gleder meg til å fylgje deg og livet i Rosa-heimen vidare i 2010. Ha ein fin kveld og eit riktig godt nytt år.

Klem!

rod i hob sa...

Deilig innlegg!!
Herlig å lesa din årskavalkade med nydelige bilder og god tekst :-*

Lover å følge deg vidare i 2010!!

Related Posts with Thumbnails