måndag 28. desember 2009

La det snø, la det snø la det snø!

Det er heilt utrulege mengder snø som har kome her vest den siste veka. Fyrst vart me sikra ei kvit jol, slik ein alltid drøymer om. Og no har det jammen komme over halvmeteren med kvit masse, som ligg og dekker absolutt alt. I skrivande stund har Rosamannen vore ute og måka for tredje eller fjerde gong idag!

På taket ser me kor stort varmetapet er, når snøen smeltar og vert hengande i lange spyd frå takrennene. Endå større på den sida der me ikkje har etterisolert taket, enn der Rosamannen har stappa inn nokre ekstra lag med gule matter.

Og sjølvsagt: ungane STORKOSAR seg!! Igår var me ute i hagen og laga snømann, snøhole og snølykter. Sistnevnte var vel mest mor sitt prosjekt, med storesyster som ivrig medhjelpar. Det er ganske kosleg når dei to lyktene står på kvar si side av porten vår.
Idag har det snødd nye 20-30 cm etter att desse bileta vart tekne, og ein skal mange mange år tilbake for å finna liknande snøfall.


Eg kjenner ei viss uro for korleis det vert når alt dette skal smeltast, men ein skal jo som kjent ikkje ta sorgene på forskot. Så spørst det om me klarar å lokalisere skiskoa til storesyster, som i ein eller annan ryddesjau må ha havna innerst, nederst ein stad. Skal ho lære å gå på ski må det jo verte denne vinteren??

7 kommentarer:

Heidi sa...

Så fine vinterbilder! Så stilige snølykter, veldig stemningsfulle! Her er det litt tungt og vått nå, men skal bli kaldere igjen. Ser ut som vi får beholde snøen en god stund til ja:) Lillemor har litt delt forhold til snøen, hun synes det er uhamslig og veldig kaldt, men også gøy med aking i små doser. Ønsker deg og dine fortsatt fine romjulsdager:) KLem Heidi

Nikoline sa...

Hei,hei!
Flotte og stemningsfulle bilder! Men no synes eg me har nok av det kvite element... det skal vekk også,alt dette som har dala ned frå himmelen i det siste....
Eg racar rundt i bloggverda på min nye pc i kveld,og er berre innom på ein liten snarvisitt for å ynskja deg fortsatt fine romjulsdagar :0)

Annika sa...

Det er herleg med så mykje snø egentlig, vi har fått ein god del her også. Ikkje slett så mykje som der trur eg, men nok, iallfall:)

Samboar har annonsert at det skal byggast snøhole i dag, kanskje blir det ei snølykt eller to også.

Fortsatt god romjul!

Noralill sa...

Knallkjekt med mykje snø, og endeleg er det kome eit kvitt dekke hjå oss òg...

Fine snølykter, trur eg må lage nokre slike i kveld...Kos deg i romjula!

Anne sa...

Så fine vinterbilder:)Stemningsfulle bilder med snølyktene! Kos deg videre i romjulen!

Rønnaug S. sa...

Jammen er det vakkert, ja. Og her hos oss er løypene klare. Så fort dere finner skiskoa må dere ta turen ;). Men i dag er du kanskje på kontoret... Jeg bare surrer. Forbereder kvelden i Nain og skal ut å prøve skia og ta bilde av ungene sin snøborg.

igi sa...

Vakre vinterbilder!
Her har det også kommet veldig mye snø! Vi har vært ute å prøvd skiene i dag men med 19 kuldegrader så var det ikke så lenge vi orket å være ute. Det er deilig foran peisen!
Klem Igi

Related Posts with Thumbnails