torsdag 10. desember 2009

9. desember - No koma Guds englar...

Så er me komne til torsdag, og arbeidsveka mi er slutt. Det er faktisk ganske godt å ha denne fredagen heime, med eller utan ungar (som har full plass i barnehagen, og stortsett får velja sjølv om dei vil vere der eller heime desse dagane). Ikveld kjenner eg at det ikkje berre er arbeidsveka som er slutt, men kreftene òg. Når det meste ser litt tungt og trist ut, hovudet dunkar, og eg ikkje har lyst til nokon ting, då er det eigentleg berre ein ting å gjera: gå og legga seg!

Imorgon skal me på joleavslutning for kulturskulen, der storesyster går og dansar. DET gler eg meg til. Og så satsar eg på at kreftene vender tilbake iløpet av natta, slik at eg får brukt fridagen til å få gjort unna eit prosjekt eller to i huset ;)

Difor vert det berre eit lite bilete av ein av dei kule englane som heng i ei slynge eg kjøpte på Søstrene Grene i hovudstaden i oktober. No heng dei på kjøkkenet mitt med sitt rosa/lilla ljos. Og saman med denne får du nok ein god gamal jolesong, ein av dei eg set meir og meir pris på.



No koma Guds englar med helsing i sky,
Guds fred og velsigning dei bjoda.
No stig ifrå jordi ein helgasong ny,
som skal gjenom himmelen ljoda:
Guds fred og vel møtt,
du barn som er født!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Lat gjetordet ganga frå grend og til grend
so vida som tunga kan mæla,
om sonen som er oss frå himmelen send,
all verdi til siger og sæla!
Syng ut i kvar bỳgd:
Guds fred ifrå høgd!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Den freden meg fylgje frå vogga til grav,
meg hugge i såraste suter!
So segjer eg når eg frå verdi fer av
og døyande hovudet luter:
Guds fred og farvel!
No sovnar eg sæl.
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Elias Blix

3 kommentarer:

KRISTIN sa...

Håpar du får kvila deg i natt og får møte morgondagen med nye kreftar. Kjenner den kjensla du beskriv.

Du har så mange fine songar, men eg kan desverre ikkje tonen - så eg må nøye meg med å lesa dei.

Ha ei god natt!!

igi sa...

Nyt en god natt søvn og en rolig morgendag så skal se om ikke kreftene kommer tilbake!

Nydelig lysslynge!

Klem Igi

Trollkåno sa...

Håpar du gjorde alvor av å legge deg tidleg, då........
Einig med deg...den gode, gamle songen er fin......
Ha ein fin fredag!!!

Related Posts with Thumbnails