onsdag 9. desember 2009

9. desember - kalendar-oppdrag

I den vesle bygda vår har me ein brannstasjon, med bil, pumpe, og 10 frivillige brannmenn.
Desse staute karane rykkar ut ved brann i området, eller når det skjer uhell/ulykker på vegen, og har mange gongar vore på staden før dei "profesjonelle" brannfolka frå Voss eller Bergen. I haust fann dei ut at dei ville laga ein kalendar, som skulle seljast til inntekt for eit anna lokalt føremål: oppussing av grendahuset i bygda. Og - eg fekk spørsmål om å ta bilder og utforme kalendaren. Eg syns jo både fotografering og grafisk arbeid er kjempekjekt, så eg sa ja på ståande fot. To fotosessions vart det, og etterpå det kjekke arbeidet med å redigere og sette saman bileta. Dei siste åra har eg laga kalendar til foreldre og besteforeldre med bilder av jentene, men ein kalendar av denne typen måtte vere noko meir stram i utforminga, litt meir maskulin, om du vil.
Trykkinga gjorde eg på jobb, der me har ei kjempegod multifunksjonsmaskin som gjev gode utskrifter, og både stiftar og brettar om ein ynskjer det. I tillegg er det lettare å fakturere ut derfrå enn det ville vere om eg skulle printe det heime på min vesle Pixma-printer ;)

Eg syns ikkje eg kan publisere brannfolka på nett, så difor vert det ein smakebit frå eit kalendarblad med litt andre "effektar" (og eit utviska ansikt) du får sjå her. No er kalendaren i salg i bygda, og etter tilbakemeldingane eg har fått er det mange som har kjøpt den allereie. Det er sjølvsagt ekstra kjekt!
Så får me inderleg håpe at brannfolka slepp å rykke ut til husbrannar no i joletida, og eg oppmodar med det samme alle der ute til å vere forsiktig med levande ljos og alle dei tusen ljos-dekorasjonane som me pyntar opp med til jol!!

Eg er så glad kvar julekveld,
for då vart Jesus fødd.
Då lyste stjerna som ei sol,
og englar song så søtt.

Det vesle barn i Betlehem,
han var ein konge stor,
som kom frå høge himmelborg
ned til vår arme jord.

No bur han i sin himmelheim,
han er Guds eigen Son.
Men alltid minnest han dei små
som bed med tru og von.

Eg er så glad kvar julekveld,
då syng me Jesu pris,
då lèt han opp for alle små
sitt vene paradis.

Ho mor ho kveikjer alle ljos,
dei skin i kvar ei krå,
for heile verda, seier ho,
skal julestjerna sjå.

Ho seier stjerna skin enno
og aldri slokna kan,
og får ho skina på min veg,
då finn eg himlens land.

Ho seier alle englar syng
enno om fred på jord,
at himlen like open er
Guds kjærleik like stor.

Å, gjev eg kunne syngja så,
då vart visst Jesus glad,
for eg vart òg Guds kjære barn
ein gong i dåpens bad!

Eg er så glad kvar julekveld,
så glad i Jesus Krist,
og at han også elskar meg,
det veit eg sant og visst.

2 kommentarer:

Trollkåno sa...

Kalendaren er kjempeflott!!
Har like godt sikra meg to eksemplar, eg.........du er dyktig!!

Linda sa...

eg er jo ein av dei heldige som har sett bildene av desse flotte brann.. menn..a;)

og eg kan berre konkludere at det var SÅNN kalendar man burde ha hengande på kjøkkenet!!

løp og kjøp folkens!;)

Related Posts with Thumbnails