tysdag 8. desember 2009

8. desember - Den viktige musikken

Musikken er ein svært viktig faktor for å få den rette jolestemninga hjå meg. Kanskje er det difor eg avsluttar kvart innlegg no i desember med ein jolesong?

Når eg treng inspirasjon til husavask, til å lage jolekort eller tenkje ut gåver, då set eg på ei plate med joletonar. Dvs... i desse moderne tider har eg sjølvsagt all denne musikken lagt inn på PC'en, slik at eg får den "rett i fingrane" når eg f.eks. sitt her og tastar.

Eg tenkte eg skulle dele med deg eit par av mine absolutte favorittar på jolemusikk-fronten.

Øverst på lista står faktisk ei instrumentalplate, med Tore Brunborg(saxofon) og Kjetil Bjerkestrand (orgel). Den har alt frå det søte og spinkle til det rå og mektige i si behandling av kjende og kjære joletonar. Gull, røkelse og myrra kan du høyre smakebitar frå her.


The Real Group er ei svensk a capella-gruppe som mange nok har høyrt om. Dei har faktisk gjeve ut to juleplater, En riktig jul og Julen er her. Begge to er vel verd å låne øyra til. Under finn du tittelsporet til den fyrste av dei to (og på denne plata har dei faktisk med seg Ylvis, men det sporet fann eg ikkje på nett :) )




For nokre år sidan fekk eg på ein lang biltur høyra Kari Bremnes og Rikard Wolff si samarbeidsplate Desemberbarn. Den er så vakker!! Rikard Wolff si grove stemme gjev eit heilt spesiellt uttrykk til jolesongane, og Kari Bremnes har eg "alltid" likt. Her får ein òg med ein av svenskane sine favorittar; Staffansvisa.



Den nyaste joleplata mi er Solveig Slettahjell si Natt i Betlehem, som kom ifjor. Vár og forsiktig, med lett jazz-preg, innspelt i Fødselskirken i Betlehem. Til denne kan ein verkeleg senke skuldrane!

I år har det faktisk komme to joleplater som eg kunne tenkja meg: Tine Thing Helseth (eg er jo messingblåsar!) med Mitt hjerte alltid vanker, og Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga si Strålande jul. Kanskje nissen les bloggar?

Heilt til slutt må eg fortelje om barndomens jolemusikk. Eg har fantastisk gode minner knytta til Dizzie Tunes si innspeling frå 1977 - Glad Jul. Det finst ingenting så muntert og med den barnslege jolegleda inntakt som i denne innspelinga. Me hadde den på kasett heime, og eg har i fleire år prøvd å få tak i den på CD eller i mp3-format. No ser det faktisk ut til at eg har lukkast, så i år skal jentene mine få jolestemninga inn med Trill og Trall, slik eg sjølv gjorde. Hurra!

Med det utfordrar eg deg til å fortelje om DIN jolemusikk!

Nå tennes tusen julelys
det stråler rundt vår jord,
og himlens stjerner blinker ned
til liten og til stor.

Og over land og by i kveld
går julens glade bud
om han som fødtes i en stall,
Vår Frelser og vår Gud.

Du stjerne over Betlehem,
send dine stråler ned,
og minn oss om at julens bud
er kjærlighet og fred.

Til hvert et fattig hjerte send
et lystreif ifra sky,
så finner det den rette vei,
og det blir jul på ny.

2 kommentarer:

rod i hob sa...

Så mange flotte innlegg eg har gått glipp av igjen :-( Men EIN DAG!! Når tidstjuven gir meg litt meir tid -så kjem eg sterkt tilbake!!

Tusen takk for lykke til ønsking! Eg er nok snart nere på 40 talet når det gjeld alder. Ikkje så verst det heller :-)

Spennande med "kalender" hos deg!! Nydelige kjoler du hadde kjøpt! Må visst inn å sjekka bloggen :-)

Ha ei fin før-julstid :-)

Henriette sa...

Julesongar er eg glad i, og eg må og alltid ha julemusikk på når eg skal "ordne til jul".

Den vakraste julesongen må vera "Mitt hjerte alltid vanker". Eg har mange gode minner til den, då me alltid syng første verset av den etter at pappa har lese juleevangeliet på julafta. Det fører meg til ein av mine julemusikk favorittar; Carola si Jul i Betlehem. Fekk plata i Betlehem, og har stått, under stjernene, framføre fødselskyrkja og høyrt på den. Mange gode minner, masse stemning, og det vart ikkje betre då det var då eg traff mannen min;) Likar og miksen mellom gamalt og nytt på denne cd`n.

Unner meg ein ny julecd kvart år, og eg kunne skrevet mykje om dei ulike cdàne......I år skal eg prøve Garness sin nye julecd, men eg har og lyst på Solveig Slettahjell si plate...

Ha ein flott dag.
Klem:0)

Related Posts with Thumbnails