måndag 7. desember 2009

7. desember - Jolekjolar i boks, frå Tiljamiid

Eg trudde eigentleg jentene mine hadde jolekjolane klare; Dei raude og kvite kjolane eg kjøpte i sommar fekk duge (og dei vert heilt sikkert brukt, for ein kjole varar som oftast ikkje meir enn ein dag i rosaheimen). Men på jolemarknaden igår oppdaga eg ei dame som bur i Vossebygda, som designar og syr barnekle under navnet Tiljamiid. Utruleg fine klede, eindel i retro, andre i meir klassisk/nostalgisk stil. Og eg fall pladask! (sjokk!)

Det vart ein brun kjole til vetlesyster, og den er faktisk vendbar - kjempepraktisk! Når prisen dessutan ikkje er høgare enn 399 kr for noko så spesiellt, så er eg godt nøgd.



Til storesyster vart det denne kreasjonen, med glatt stoff i stroppane og eit ganske tjukt stoff i sjølve kjolen. Eg syns den er kjempe fin - elegant og kul på samme tid. 249kr var heller ikkje noko å krangle på.

Og så til slutt, etter at me hadde vendt nasene heimatt igår ettermiddag, så kom det bud på døra med denne knallsøte hua frå samme dama. Vetlesyster hadde passande nok vunne den i loddtrekkinga. Hurra! (berre oversjå den halvtriste modellen med skittent middagsfjes...)


Så håpar eg berre at Tiljamiid snart får seg eit utsal på Vossevangen, slik at ein kan stikke innom og sikle litt på fleire lekre kreasjonar. I mellomtida har ho ein blogg som òg er verd eit besøk.
Det hev ei rosa sprunge
ut av ei rot so grann.
Som fedrane hev sunge,
av Jesse rot ho rann
og var ein blome blid
midt i den kalde
vinter
ved myrke midnattstid.

Um denne rosa eine
er sagt Jesajas ord,
Maria møy den reine
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunns makt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.

Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivsnatt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein frelsar,
og natti vart til dag.

5 kommentarer:

Anne sa...

Så flotte og spesielle kjoler du har kjøpt til jentene dine:) Ikke gale pris heller. Ha en fin uke!

igi sa...

Forstår godt at du falt for kjolene. Kjempe fine!

Storesøster tror for tiden at ho er tenåring - så kjole forslagene mine blir sjeldent godtatt...

Kem Igi

KRISTIN sa...

Så fine kjoler! Likte spesielt godt den vendbare forklekjolen! To kjoler i ett!! Det var lurt! Lua var også skjønn! Og det var jenta som har den på også!

Ha en god natt! Klem!

mali-mo sa...

Flotte kjoler..og lue ;) Her satser vi på gjenbruk denne julen...tror jeg. Hade tenkt å sy noe, men så var det tiden som skal strekkes ;)

God tirsdag!

Therese sa...

Så kjekt at du likte kjolane :)....jentene blir fine til jol !
God jol og godt nytt år hilsen Tiljamiid

Related Posts with Thumbnails