søndag 6. desember 2009

6. desember - jolemarknad og jolegrantenning

Som eg skreiv på slutten av gårsdagens innlegg har det vore jolemarknad i bygda idag. Den vesle gata som er sentrum i bygda er heilt spesiell, med sine trehus som alle er bygde på 20-30-talet (etter at ein brann jevna det meste med jorda). Her vert det ei heilt spesiell stemning, og veldig mange både i og utanfor bygda får kjensla av skomakergate når dei kjem hit.

I eindel år no har det vorte skipa til jolemarknad 2. sundag i advent. Denne sundagen har i all overskueleg fortid vorte brukt til jolegran-tenning, og krefter i bygda har villa gjere litt meir utav denne hendinga.


Her er salsutstilling, kafè, og joleverkstad for borna. Bruktbutikken Patina held sjølvsagt ope, og bidreg i høgste grad til stemninga. Og når det nærmar seg slutten av dagen tenner me jolegrana, til tonar frå musikklaget og med små og store bygdafolk i ring rundt grana. Kjekke og viktige tradisjonar!

Jentene mine storkoste seg på joleverkstad, og fekk nok produsert litt gåver her. Bildet oppe til venstre av vetlesyster er ikkje 100% klart, men eg syns uttrykket var ubetaleleg :D. Litt jolehandel vart det òg, men det skal eg komma tilbake til seinare. Overalt der me kom var det stappfullt av folk, og det er jo veldig kjekt. Ikkje berre lokale, men òg folk med litt lenger reiseveg hadde funne hit. Og sjølv om austavinden verkeleg hadde manna seg opp, og prøvde å ta med seg både jolegran, notar og alt som var laust, så vart det både joletonar, joletregang, og ein vaskeekte jolanisse som avslutning på dagen.
Tenn lys!
To lys skal skine for kjærleik og for tru
for den som syner omsorg og alltid byggjer bru.
Må flyktningar få heimar og fangar bli sett fri!
Tenn lys for den som gret og for den som trøyst kan gi.

2 kommentarer:

mali-mo sa...

Var inne på Patina sine sider og kikket på en link, så ut som et koselig julemarked ja. Her har vi jo bursdaget oss isteden, men tenkte å ha litt sånn julekos hjemme de nærmeste dagene. Pepperkakepynting og litt julepyntlaging kanskje ;)

Koselig rom prinsessefrøkna har fått, lur plassutnyttelse syns jeg. Ikke allti dlike lett å møblere rom i gamle hus, det vet jeg veldig godt ;)

Takk for alltid like koselig ehilsener ine hos meg. Jeg sette rkjempestor pris på det, og bli ralltid glad for å se når du har vært innom meg.

igi sa...

Husker veldig godt juleverkstedene jeg var med på som barn - jeg synes det er en fin tradisjon, lage noe og være sammen med andre.

Så fint rommet til storesøster har blitt. Kjempe smart seng!

Nyt dagen!
klem Igi

Related Posts with Thumbnails