fredag 4. desember 2009

4. desember - mannen som skulle stella heime

I desse dagar er min kjære Rosamann heimeverande husfar. Dvs, han har rett og slett ferie. LANG ferie. I sommar, då me eigentleg hadde ferie, vart han sjukmeld, og sidan han har tendensar til å vere litt surrete kom han aldri så langt som til å få overført ferien til neste år. Dermed vart løysinga å ta ut dei fem vekene no på slutten av året, når studentane likevel har undervisningsfri pga eksamensperiode.

Rosamannen er igrunn ein ganske husleg fyr. Å rydda kjøkkenet er hans store spesialitet, og der er eg glatt utkonkurrert. Aldri er kjøkkendiskane så ryddige og reine som når han har fare over dei - og det gjer han oftare enn eg, for å sei det slik!

I einkvar heim er det vel slik at far og mor har kvar sine spesial-områder (Dvs, eg er jo fullstendig klar over at ikkje alle menn er like deltakande i husarbeidet, og i nokre heimar er det kanskje kvinna som har denne rolla?). Hjå oss trur eg, sjølv om det ikkje alltid føles slik, at husarbeidet vert nokså jamnt fordelt.

Det som heilt klart er mitt område er klesvask. Alt frå å putte kleda i maskina (gjerne innhenta frå soverom eller andre stader i huset), til å riste og henge opp, til å brette og legge på plass. Desverre har me all klesvask på badet, og det har ført til at det svært ofte ligg klede utanom dei to kvite tønnene frå IKEA som er tiltenkt oppgåva som skittentøyskorger. Det kan òg vere reine kle som ligg bretta oppå ein kommode i påvente av forflytning. Det skal nevnast at etter at me fekk ny vaskemaskin OG installerte varmepumpe i huset så har klesvask og -tørk gått mykje betre, men framleis kan det i travle tider hope seg opp.


(bilde lånt på huseierne.no)

Som heimeverande har min kjære no sett seg lei på dette, og prøvd seg som klesvaskar. Og det har gått overraskande bra! Ingen misfarga kvit-skjorter, ingen krympa ullgensarar. Men så er det noko med revir, då. Eg er uhyre streng når det kjem til sortering av klesvask! Og når ein "amatør" kjem og trengjer seg inn på mitt spesialfelt, då stiller eg store krav. Sortering på kvit og kulørt er berre svært grovt rekna her hjå oss. Det finst kvit finvask, som berre skal vaskast på 40 grader. Så har du handkle og klutar, undertøy og sengkle, som skal vaskast på 60 grader eller kanskje tilogmed kokast. På den kulørte sida skal sokkar, undertøy, handkle og jentene sine kle i mørke fargar vaskast for seg på 60 grader. Bukser, skjorter og gensarar til oss vaksne vert stortsett vaska på 40 grader, og nokre gonger er det tilogmed sortering på lyse eller mørke kulørte finvask-kle. Dei hundre rosa plagga som jentene ellers brukar går som oftast på 60 grader, mens noko av det finaste kan vaskast ilag med andre lyse kle på 40 grader. Heng du framleis med? Stakkars rosamannen fekk ei rask innføring i dette igår, då mor ikkje var heilt nøgd med sorteringa. Der var både mørke sokkar, fine skjorter og jente-bukser saman med raud t-skjorte i same maskin på 40 grader, og alle sorterings-piggane mine skaut ut. Ingenting er øydelagd, og sokkane luktar godt. Det er berre den prinsippfaste delen av meg som ikkje har det godt.

Men rosamannen er ein tålmodig mann, og sjølv om han ikkje berre fekk skryt igår, så har han lova å prøve igjen med klesvask. Så få kanskje mor prøve å slå seg til tåls med at ting kan gjerast på fleire måtar? Det er uansett herleg å komma heim til ferdig middag og ryddigt hus, og ein kan jo verte bortskjemt av mindre. Kanskje hushjelp vert årets jolegåveynskje?

Staffan var en stalledräng.
Vi tackom nu så gärna.
Han vattna' sina
fålar fem,
Allt för den ljusa stjärna.
Ingen dager synes än,
Stjärnorna
på himmelen de blänka

Staffan rider till källan,
Vi tackom nu så gärna.
Han öser upp vatten
med skällan,
Allt för den ljusa stjärna.
Ingen dager synes
än,
Stjärnorna på himmelen de blänka.

6 kommentarer:

Henriette sa...

No måtte eg le:) Kjenner meg att i det der med klessorteringa. No har eg nett gått til innkjøp av boksar på Ikea til klessorteringa og resultatet er: Lys 60, mørk 60, Lys 40, mørk 40, 90 og ull...Og her i huset er det så absolutt eg som sorterer og vaskar. Stolar ikkje på husbonden der;)

Ha ein flott dag, og lukke til, til rosamannen som skal prøve seg på sorteringsveldet;)

Klem:0)

Beate Austvoll sa...

koseleg blogg su har, eg besøker han ofte, sjølv fin eg ikkje tid til å ha eigen blogg, men syns det er koseleg å lesa korleis andre har det. Mykje gode ideer og inspirasjon å hente.
Det er godt et det ikkje berre er eg som sorterer i mange ulike fraksjonar! har to stativ med tråkorger som er merka med ulike vaskar, det fungerer faktisk, då der det ferdig sortert(stot sett då, noke skal jo sorterast igjenn, grove ull sokkar vaskast ikkje i lag med fine gensarar)Sjølv bonden heim klarer å starte nokre maskinar då. Og alt hjelper i ein travel heim;-)

Trollkåno sa...

Går nok fint, detta.....når han har fått øvd litt.......berre ikkje ver FOR striks, so han misser motet........

Heidi sa...

Hihi...Jeg kjenner meg igjen! Men min mann er uheldigvis ikke så flink som din. Han har krympet x-antall ullplagg, nå sist den deilige Nøstebarnpysjen:( Hoppende galen konemor da ja! Ha en flott helg! Klem Heidi

Anita Kristin sa...

Måtte le. Akkurat slik det er heime hos oss og. Kvar gong nokon rører klesvasken og det vert heilt feil, (ullklede i lag med bomull o.l.) ser mor i huset raudt og freser, sjølv om det var godt meint. Og sukk. Den som hadde IKEA i nærleiken og laga til skikkelig sortering. Då vert det so mykje enklare å få hjelp.

Men det viktigaste er vel at dei prøver?

Fortastt flott helg!

Lykkehjem sa...

Heihei...
Hehe, ikke så lett å henge med :) Men klapp på skulderen for å prøve, det må han få.

Flott blogg, kommer nok innom å hilser på igjen.

Ha en fin helg videre
Hilsen Lykkehjem*

Related Posts with Thumbnails