torsdag 3. desember 2009

3. desember - igang med jolegåvene

Noko av det eg likar med førjolstida er å tenkje ut kva gåver dei eg er glad i skal få. Nokre gongar er det frykteleg vanskeleg, andre gonger er det ingen sak å tenkje seg kva folk treng eller vil ha. Eindel gåver er mest symbolske, andre ligg det meir arbeid og omtanke bak.

Med born i hus vert det alltid nokre gåver som handlar om dei. Kanskje er det fordi eg er så glad i å ta bilder.. kanskje er eg i overkant stolt av jentene våre? Eg håpar iallefall at mottakarane vert glade når dei får ei gåve som kan minna dei om våre små prinsesser.

I år føler eg at me er godt igang med gåvene, og me er jo knapt begynt på desember! Noko kjøpt, noko meir eller mindre eigenprodusert kjem til å havne under trea til våre næraste om 3 veker. Og så får me jo håpe at me treff med årets gåver....
Dagens song er Elias Blix sin tekst, og har nok ikkje noko direkte med innhaldet i innlegget over å gjera. Men samtidig har det det likevel, sidan jola handlar om ei verkeleg stor gåve.......

Sæle jolekveld!
Englar høgtid held,
syng i dag den same songen
som dei song den fyrste gongen
yver Betlehem:
Sjå, din Frelsar kjem!

Sæle jolekveld!
Du det under veld,
at me små kann glade mæla
høgt um liv og fred og sæla,
som Guds barnekor
frå den frelste jord.

3 kommentarer:

igi sa...

Nydelige bilder av nydelige jenter!

Klem Igi

Henriette sa...

Nydelege bilete. Eg er sikker på at mottakarane vert kjempeglade for slike gåver.

Adventsstaken under er nydeleg! EG har i mange år leita etter ein fin adventsstake, og fann ein eg likte i fjor, men no vart eg usikker på om eg ikkje må ha ein på kjøkenet og.......Rett og slett nydeleg.....

Ha ein flott dag.
Klem:0)

KRISTIN sa...

Hei!
Så skjønne jenter du har!! Forstår godt at du er stolt av dei og vil gje bort bilder med dei!!

Liker godt songversa du har lagt ut desse dagene. Den i dag har eg ikkje høyrt før - veldig fin. Håper du kjem med fleire!

Ha ein fin kveld!

Related Posts with Thumbnails